Hopp til innhold

Aksjon for å stoppe musikken til R Kelly

R&B-artisten R Kelly har vore ein av dei mest suksessrike artistane innan sin sjanger, trass i skuldingar om seksuelle overgrep og valdtekt. No prøver aksjonistar å stilne artisten.

R Kelly Marriage Lawsuit

R Kelly har fleire gongar blitt skulda for seksuelle overgrep. Men det har verka som om han har vore immun mot skandalar. Biletet er frå ei framføring under ei prisutdeling i 2015.

Foto: Powers Imagery / AP

Med utselde konsertar og hits som «I Believe I Can Fly» og «Ignition» er R Kelly ein av dei mest suksessrike R&B-artistane i verda.

Men heilt sidan han slo igjennom på 90-talet, har det fleire gongar kome skuldingar om seksuelle overgrep.

Kelly har verka å vere immun mot skandalane. Med ein solid songkatalog, iherdige tilsette og lojale fans, har han kunne halde fram å lage musikk og tene pengar.

R Kelly Hospitalized R. Kelly

I 2008 var R Kelly tiltalt for overgrep mot ei mindreårig jente. Aktor førte som bevis ein video som viste artisten ha seksuell omgang med ei 13 år gamal jente. Juryen frifann Kelly på alle punkt.

Foto: M. Spencer Green / Ap

Han har avvist alle skuldingane, samtidig som han har inngått fleire forlik. I 2008 blei han også frikjent for overgrepsskuldingar mot ein mindreårig, trass i at aktor førte som bevis ein video av handlingane han var tiltalt for.

Stjerner støttar boikott

Men no kan det verke som om R Kelly er i ferd med å bli innhenta av #metoo-kampanjen, skriv The New York Times.

I fjor sommar starta kampanjen #MuteRKelly for å stoppe R & B-stjerna. Og sidan då har fleire konsertar blitt avlyste. Blant dei er konserten han skulle ha gjort i heimbyen Chicago til helga. Men Ticketmaster opplyser no at Kelly ikkje skal opptre, skriv Billboard.

Fleire sluttar no seg til kampanjen om å boikotte Kelly. Time's Up-bevegelsen, som oppstod i kjølvatnet av #metoo-kampanjen, ber i eit ope brev i The Root selskap som RCA Records, Ticketmaster og Spotify om å bidra til å stilne R Kelly ved å bryte samarbeidet dei har med artisten.

Blant dei som offentleg har støtta aksjonen er artistane Janelle Monáe og John Legend:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Også Tarana Burke, som var kvinna som starta #metoo, seier ho støttar aksjonen med å stoppe R Kelly:

Laster Twitter-innhold

– Offer for ein vondsinna konspirasjon

Managementet til R Kelly skriv i eit ope brev i Variety at dei undrar seg over at Time's Up støttar kampanjen mot artisten. Dei meiner aksjonen mot R Kelly ikkje baserer seg på fakta, og er ei heksejakt.

– Herr Kelly er eit offer for ein grådig, målretta og vondsinna konspirasjon som har som mål å fornedre han, familien hans og kvinnene han bruker tida si på.

Dei skriv også at musikken til R Kelly er ein del av den amerikanske og afroamerikanske kulturen, og at det er uhøyrt at nokon vil stilne denne musikken.

– Vi vil kjempe med nebb og klør mot dette forsøket på ei offentleg lynsjing av ein svart mann som har gjeve ekstraordinære bidrag til kulturen vår.

I ei melding på Twitter beklagar Kelly at konserten i Chicago er avlyst, og seier han vil undersøke kva som har skjedd.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.