Hopp til innhold

R Kelly-songar fjerna frå nettet

Presset mot R & B-artisten R Kelly aukar. No trekker også Celine Dion duetten dei to toppa dei amerikanske hitlistene med i 1998 frå strøymetenestene.

Celine Dion

Celine Dion føyer seg inn i rekka av artistar som angrar på at dei har samarbeidd med R Kelly. Ho ønsker no å trekke duetten dei spelte inn i 1998 frå strøymetenestene.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

R Kelly har vore ein av dei mest suksessrike artistane i sin sjanger med utselde konsertar og store hits. Men heilt sidan gjennombrotet på 1990-talet har han ved fleire høve blitt skulda for seksuelle overgrep.

I ein ny amerikansk dokumentarserie, «Surviving R Kelly», står fleire kvinner fram og skuldar artisten for både fysiske og psykiske overgrep. Også dottera hans har reagert og kalla faren eit monster etter at dokumentaren blei sendt.

Styresmaktene etterforskar no skuldingane som har kome mot R Kelly, som sjølv blankt avviser alle påstandane.

R Kelly Marriage Lawsuit

Skuldingane om seksuelle overgrep har følgd R Kelly i over 20 år. Kelly har avvist alle påstandane om overgrep.

Foto: Powers Imagery / AP

«Mute R Kelly»

Skuldingane mot artisten førte i fjor til at det blei starta ein aksjon for å få fjerna musikken hans frå strøymetenestene. Og no kan det sjå ut til at denne kampanjen har byrja å bere frukter.

Lady Gaga kunngjorde i førre veke at ho trudde på kvinnene i dokumentaren, og at ho tok avstand frå R Kelly. Ho sa ho difor ville fjerne «Do What U Want (With My Body)», som dei skreiv saman, frå strøymetenestene.

– Eg støttar desse kvinnene 1.000 prosent, og trur på dei, veit at dei lir og har det vondt, og meiner stemmene deira må bli høyrde og tekne seriøst, skreiv ho på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Og no får ho støtte frå Celine Dion som har bede Sony Music om å fjerne duetten «I'm Your Angel» frå strøymetenestene, skriv nettstaden ET Canada.

Songen blei spelt inn i 1998 og toppa dei amerikanske hitlistene i seks veker.

Lady Gaga, R. Kelly

Lady Gaga seier ho var langt nede då ho samarbeidde med R Kelly. No angrar ho og seier ho vil fjerne duetten ho gjorde med Kelly i 2013 frå nettet.

Foto: John Shearer / AP

Angrar på samarbeid

Også Chance The Rapper tek avstand frå R Kelly. Han deltek i dokumentarserien om Kelly, og har no fjerna «Somewhere in Paradise» frå 2015 der han samarbeidde med artisten, skriv Pitchfork.

– Eg vil beklage overfor alle ofra hans for at eg har arbeidd med han og for at det har teke så lang tid før eg har snakka.

Også bandet Phoenix har beklaga at dei har samarbeidd med R Kelly, men dei har så langt ikkje trekt samarbeidet frå strøymetenestene.

Laster Twitter-innhold

Det var mange artistar som takka nei til å vere med i dokumentaren om R Kelly, men ein av dei som blei intervjua og tok avstand frå artisten, var John Legend. I etterkant måtte Legend svare på kvifor han hadde samarbeidd med Harvey Weinstein som står tiltalt for valdtekt.

– Eg arbeidde med Harvey før overgrepa hans var kjent for meg og resten av verda. Etter at det blei avslørt, er både selskapet hans og karrieren hans rettmessig lagt i grus. Høyrest ut som noko som burde skje med R Kelly, svarte Legend på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober