Hopp til innhold

Redaktøren som vart motestjerne

Anna Dello Russo kler seg i skjørt som dekkjer tre seter, og tenkjer på mote kvart minutt av dei 20 timane ho er vaken. Sjå eksklusivt NRK-intervju med Vogue-redaktøren som er verdskjent motestjerne i ein alder av 49 år.

Video NRK fikk eksklusivt Anna Dello Russo-intervju

SJÅ VIDEO: Nasjonalgalleriet fekk ekslusivt intervju med Anna Dello Russo under moteveka i New York. Reporter er Sofia Hedstrøm, Nasjonalgalleriets faste motereporter.

Anna Dello Russo

Antrekka til Anna Dello Russo blir meir og meir ekstravagante for kvar moteveke som går. Her på moteveka i Paris i fjor.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Anna Dello Russo er den italienske moteredaktøren som gjekk frå å vere anonym redaktør til å bli motestjerne og bloggyndling.

Ho kler seg meir og meir ekstremt for kvar moteveke, og populariteten hennar stig i takt med det.

– Eg elskar når eit antrekk gjer inntrykk. Når du går inn i eit rom og folk seier «Wow, kven er det?» seier Dello Russo i eit eksklusivt intervju med NRK Nasjonalgalleriet.

Provokatør

Dello Russo er kjent for antrekk som gjer inntrykk, og er jamleg avbilda på motebloggar.

Det er ikkje uvanleg at Dello Russo dukker opp på motevisningar med eit kirsebær på hovudet, ti centimeter høge helar eller tutu-skjørt som tek opp tre stolseter.

– Eg vil vere provokativ når det gjeld mote, for om du ikkje tenkjer på mote, om du ikkje planlegg antrekket ditt, får du ikkje ein fantastisk «look», meiner moteredaktøren i japanske Vogue.

Var usynleg

– I 20 år var eg usynleg. Difor er det svært gledeleg å få merksemd for stilen min no, forklarer Dello Russo på sin karakteristiske italiensk-engelsk.

Ho jobba i italienske Vogue i ei årrekkje, både som stylist og redaktør. Men det er først dei siste åra ho har tatt steget ut foran kamera og blitt berømt.

Anna Dello Russo

Anna Dello Russo seier i intervjuet med Nasjonalgalleriet at ho elskar gull, fordi det glitrar så fint i sola.

Foto: Lua's infinite wishlist / Flickr.com

Eig 400 par sko

Det ryktast at Dello Russo eig meir enn 400 par sko og 250 svarte smokingjakker.

Då NRK er med inn i garderoben hennar held ho opp eit smykke og forklarer:

– Eg likar det fordi det er synleg på fire kilometers avstand.

Nettopp denne ekstreme tilnærminga til mote har gjort henne til bloggstjerne, muse for designarar og ikkje berre moteredaktør, men ein aktør i moteverda.

Dello Russo har gått frå å sitte på sidelinja og ta notatar, til å gå på catwalken og bli laga film om.

SJÅ: Motefilm med Anna Dello Russo.

– Må kle seg ut for å vere nokon

– Før handla motebransjen berre om designarar, modellar og kjendisar. No har bloggarane kome i søkjelyset og denne strukturendringa i motebransjen har gjort at ein nesten må kle seg ut eller opp for å vere nokon, meiner italienaren.

Ho fortel at ho var sjenert først, men at det å vere i søkjelyset og å spele ei rolle er ein del av jobben hennar.

Tek mote på blodig alvor

Peter Dundas og Anna Dello Russo

Den norske designaren Peter Dundas poserer med Anna Dello Russo.

Foto: annadellorusso.com

Dello Russo står opp klokka fire kvar morgon og hevder at ho tenkjer på mote kvart minutt av dei 20 timane ho er vaken.

– Jobben er livet mitt. Den får meg til å føle meg ung, oppdatert og opnar augene mine for nye ting. Fordi eg er så besatt av jobben framleis, har eg ikkje stifta familie, seier moteredaktøren.

Men trass all merksemda føler ho seg ikkje som ei stjerne.

– Dette er jobben min. Eg må tilfredsstille bloggarane, dei vil ha informasjon om mote. Stjerner blir kjent att på supermarknaden, det skjer ikkje med meg, seier Anna Dello Russo.

Nasjonalgalleriet ser du på NRK2 måndag klokka 21.30.

Les meir om mote på nrk.no:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.