Hopp til innhold

Kate Moss tilbake på catwalken

For første gong på sju år dukka supermodell Kate Moss opp på catwalken, kledd i hotpants frå Louis Vuitton og med ein sigarett i munnviken.

Publikum braut ut i spontan applaus då Kate Moss (37) dukka opp på catwalken i Paris i dag. Moss, som ikkje har gått motevisningar sidan 2004, stiller ikkje opp på kva som helst. Det var for venen Marc Jacobs, som er designar i Louis Vuitton, ho gjorde tenesta.

Kate Moss

Kate Moss gjekk på catwalken for første gong sidan 2004.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Supermodellane frå 90-talet

Moss avslutta visninga kledd i bittesmå hotpants og med ein sigarett i munnviken. Supermodellane Naomi Campbell, Carolyn Murphy og Stella Tennant, som også definerte moten på 90-talet, var blant modellane på visninga.

Louis Vuitton er ei av dei mest kjende motemerkevarene i verda, og moteshowet i Paris inneheldt vertinner kledd i stuepikeuniform, kaviar på fat og shots med vodka.

Visninga var i eit telt midt i Paris, bygd opp som eit fransk, lugubert hotell, med sjakkgolv og heiser som tok modellane opp på catwalken.

(Artikkelen held fram under videoen)

SJÅ: Video av heile haust- og vintervisninga til Louis Vuitton.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fetisjisme

Jacobs uttalte til nyheitsbyrået AP at den umettelege pågangen etter produkt med LV-logoen på var utgangspunktet for haust- og vinterkolleksjonen.

– Det er ein gal, nesten urasjonell trang etter desse objekta, desse tinga som vi skaper, sa han.

– Vi tenkte på mani, fetisjisme og eit gamalt hotell med det som foregår der av lovbrot og skandaler. Vi ville vise alle dei fantastiske skapningane som er innom der, fortalte den amerikanske designaren.

– Gir oss alt vi vil ha

Visninga får god kritikk frå dei viktigaste motemagasina.

Marc Jacobs

Marc Jacobs er sjefsdesignar i Louis Vuitton. Han får god kritikk etter onsdagens moteshow.

Foto: Joel Ryan / Ap

«Det var eit fantastisk show som ikkje berre vekte publikummet klokka ti om morgonen, det vekte mikrotrendar til live og gav oss ein visjon av neste sesong,» skriv britiske Elle.

«Du kan få kva du vil neste sesong. Når det kjem til sex. (...) Jacobs har oss akkurat der han vil ha oss, og han gir oss tydelegvis alt vi vil ha,» er tolkninga til britiske Vogue.

Dyrt

Kritikaren i Vogue påpeiker at tekstilmaterialane må ha kosta like mykje som dei dyre supermodellane. Fjør, slangeskinn, pels og lakk viste igjen i kleda. Stilen var streng, polert og uniformsinspirert, og gjekk i fargane svart, blått, burgunder og mørkegrønt.

Visninga var på den siste dagen av moteveka i Paris, som elles har vore prega av at Dior sparka John Galliano for jødehets.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.