Hopp til innhold

Multimedial moteveke i London

Internett-strømming og Twitter-oppdateringar gjer at fleire enn den lukka motebransjen får med seg London Fashion Week. I år vart for første gong eit moteshow vist live på storskjerm ved Piccadilly Circus.

Nålauget for å kome inn på motevisningane under London Fashion Week er trangt. Berre dei heitaste kjendisane, presse, innkjøparar og andre på innsida av motebransjen slepp inn.

Men bruk av nye digitale verktøy gjer at fleire og fleire no får med seg visningane i sanntid.

Burberry

Slik såg det ut då moteshowet til Burberry vart vist på storskjerm på Piccadilly Circus i London.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Måndag vart for første gong eit moteshow vist live for bokstaveleg talt «mannen og kvinna i gata», ved Piccadilly Circus i London sentrum.

– Meir demokratisk

Det var det britiske motehuset Burberry som viste moteshowet sitt på den berømte 23 meter store skjermen ved Piccadilly Circus. Slik fekk publikum i gata sjå dei nye trendane like raskt som dei få inviterte til visninga.

Motejournalist i Elle, Kine B. Hartz, var blant dei heldige som fekk plass inne på sjølve visninga. Ho meiner interessa for mote berre går oppover.

Motejournalist Kine B. Hartz

Motejournalist i Elle, Kine B. Hartz, var på moteveka i London.

Foto: Tove Sivertsen

– Fleire vegar inn i motebransjen

–Det har blitt meir demokratisk og lettare å dele slike augneblinkar som moteshow, og det er ikkje så lukka som det ein gong var, seier ho, og opplyser at det er «full multimedieaktivitet i alle kanalar» inne på visningane, med twitring og liknande.

– Sjølve visningane er det stort sett berre presse, innkjøparar og kjendisar som får kome inn på. Men fleire bloggarar får no plass. Det fins kanskje fleire vegar inn i motebransjen i dag, trur Hartz.

Twitter

House of Holland

House of Holland viste sterke fargar i haust- og vinterkolleksjonen.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Daglege videohøgdepunkt og Twitter-meldingar frå London Fashion Week har vore å sjå på store skjermar på undergrunnen i London. Dette er ein del av The British Fashion Council si satsing på digital innovasjon.

Denne sesongen har 37 show blitt vist live på Internett og offentlege storskjermar i London.

Moteveka har også utvikla ein London Fashion Week-mobilapplikasjon, som gir deg moteshow i sanntid og oppdateringar.

Mykje pels

Moteveka i London vert avslutta i morgon, blant anna med show av dei norske designarane Kristian Aadnevik og Camilla Bruerberg.

70-talsreferansar, sterke fargar og mykje pels er blant tendensane som har gjort seg gjeldande på catwalken.

Motejournalist Kine B. Hartz fekk mellom anna med seg visningane til Mulberry, Burberry, Acne og Matthew Williamson.

– Vi ser at 70-talet framleis er ein sterk referanse, som det også er i vårsesongen. Mulberry viste ein bohemsk «countrychic» stil, som er sett saman på ein måte som passar bykvinna, fortel ho.

Optimistisk bransje

Fleire designarar viste kreasjonar med sterke fargar, noko som er uvanleg for haust- og vintersesongen.

– Dei siste vintrane har vi sett mykje svart og beige, men no var det optimisme å spore i fargebruken. Det kan tyde på at motebransjen går i riktig retning. Under finanskrisa snakka ein mykje om basisplagga som var trygge å bruke pengar på. No kan det verke som om folk tør å kjøpe seg ei dyr, fargerik kåpe igjen, seier Hartz.

I motsetnad til moteveka i Oslo, som hadde forbod mot pels , var det mykje pels å sjå på visningane i London.

– Burberry viste mykje pels, med eit kult og futuristisk snitt. I tillegg var det ein del saueskinn i ulike kolleksjonar, noko som heng igjen frå denne vintersesongen, seier Hartz.

London Fashion Week starta 18. februar og vert avslutta 23. februar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober