Hopp til innhold

Vogue framhever norsk designar

Visninga til Elise Øverland blir eit av høgdepunkta under New York Fashion Week, ifølgje motebibelen Vogue. Showet vil foregå på is, akkompagnert av gløgg, kunstløparar og skulpturar.

Elise Øverland

Den norske designaren Elise Øverland viser eit moteshow på is under New York Fashion Week. Det blir eit av høgdepunkta på moteveka, trur både ho og motebladet Vogue.

Foto: eliseoverland.com

I sin foromtale av moteveka i New York, som startar torsdag, skriv Vogue-nettstaden Style.com blant anna dette om den norske designaren Elise Øverland:

«Elise Øverland såg etter eit lokale å ha haust- og vintershowet sitt i, og då Andrè Balazs, ein ven av henne, tilbydde henne skøytebana utanfor Standard Hotel følgde ein virvelvind av kreativitet.» Balazs eig forøvrig sju hotell i New York, Miami og Los Angeles, mellom dei Standard Hotel.

Gløgg vri

Elise Øverland og Johnny Weir

Elise Øverland har fått med seg den kjende amerikanske skøyteløparen Johnny Weir til å opptre under motevisninga hennar.

Foto: Eliseoverland.com

Motebibelen har tatt for seg 21 designarar og arrangement under moteveka som ein ikkje må gå glipp av.

Og det er ikkje rart at moteshowet til Øverland vekkjer oppsikt.

Det vil foregå på isen, med ein installasjon frå Art Production Fund og kunstløparar frå Ice Theatre of New York. I tillegg vil det, som ein norsk vri, bli servert gløgg i loungen til Standard Hotel.

– Eg er spontan og følgjer alltid hjertet mitt, så ein ting leidde til den andre og folk slengte seg med på prosjektet. LVMH (som blant anna eig Louis Vuitton og Möet Hennessy, journ.merkn.) sponsar oss, og vi får ein diger isskulptur frå Pennsylvania. Ein gjeng med folk grev opp store blokker med is og transporterer dei med hestar og tau og leverer dei til New York, og eg har kunstnarar som utformar den, fortel Øverland til NRK, midt oppe i hektiske førebuingar i sitt New York-studio.

På amerikansk TV

Vårkolleksjon

Elise Øverland vår- og sommarkolleksjon 2011.

Foto: eliseoverland.com

Den kjende amerikanske kunstløparen Johnny Weir vil stå for koreografien og gjere ei oppvisning.

Eg har kledd Johnny Weir tidlegare og ringte manageren hans for å høyre om han ville vere med. Han er så opptatt og berømt at eg var heldig som fekk han til å stille opp. Han koreograferer ein solo, og eg lagar han «crazy» kostymer, seier Øverland.

Weir var på besøk hos designaren førre helg for å filme TV-showet sitt med Vogue.

– Vi stolte på kvarandre med ein gong, noko som er sjeldan i ein industri der så masse kan gå galt. Han ringte tre av sine «ice skating gorgeous friends» som også ville gjere showet med oss, seier ho.

  • Sjå bilete av tidlegare kolleksjonar til Elise Øverland her.

Pels, fjør og skinn

Elise Øverland

Elise Øverland vår- og sommarkolleksjon 2011.

Foto: eliseoverland.com

Men trass i alt oppstyret rundt er det først og fremst kleda moteeliten kjem for å sjå. Spesialiteten til Øverland er skinn, og ho starta karrieren med å designe turnèkostymer for mellom anna Aerosmith og Lenny Kravitz.

– Dette vil ikkje sjå ut som eit vanleg moteshow, det er ballerinakjolar i pels, fjør og skinn, røper Øverland om den nye kolleksjonen.

Ho har satt saman det store moteshowet på tre veker, og no ventar ho på at DJ-en skal flyge inn frå Paris slik at dei kan sluttføre musikken.

– Hestepolitiet i New York vil kome og passe på publikum og at alt er i orden. Det vil bli eit av dei største høgdepunkta under moteveka, sidan det er annleis. Eg bringer saman kunst, musikk, mote og sport i èin opptreden, fortel ho.

Vil ikkje bli assosiert med Paris Hilton

Øverland er tidlegare mykje omtalt både i Vogue og andre internasjonalt kjende moteblad som Elle, Interview, Women's Wear Daily (WWD) og Glamour. Style.com har dekkja alle visningane hennar sidan 2009, og designaren blir ofte sett på bilder med moteeliten i New York.

– Eit motemerke har eigentleg ikkje nokon verdi dersom det ikkje er energi rundt det, sidan mote handlar om det som er nytt og trendar. Eg har ikkje prøvd å få presseomtale, det kjem av seg sjølv. Folk vil skrive om ting som har verdi, er interessant og nytt, seier designaren.

For nokre dagar sidan var den norske designaren i søkjelyset fordi ho ikkje ville låne vekk nokre av kreasjonane sine til Paris Hilton. Grunnen var at ho ikkje ville bli assosiert med Hollywood-kjendisen. Ho kler derimot opp ei rekkje kjendisar som Rihanna, Ashlee Simpson, Heidi Klum og Shakira.

Kanskje vil nokon av desse sitte på første rad når Elise Øverland viser haust- og vinterkolleksjonen for 2011 under New York Fashion Week laurdag 12. februar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters