Internasjonalt moteblikk på Skandinavia

Motevekene i Stockholm og København får mykje internasjonal merksemd. Vogue og Monocle er blant magasina som har reist nordover denne veka.

Rodebjer

Første rad var fullsatt då det svenske motehuset Rodebjer viste sin kolleksjon under Stockholm Fashion Week.

Foto: Kristian Löveborg / ASFB

Copenhagen Fashion Week , som er den største og mest omtalte moteveka i Skandinavia, er i full gang.

Designarar som Bruuns Bazaar, Stine Goya, Henrik Vibskov, Wood Wood og By Malene Birger viser denne veka haust- og vinterkolleksjonane sine i den danske hovudstaden.

Internasjonal merksemd

Også i år opplever moteveka i København stor internasjonal pågang frå presse og publikum.

Kjende magasin som Monocle, Selectism, Love Magazine og Vogue har alle tatt turen til Danmark for å sjå kva som blir dei nye motetrendane.

Mote- og trendredaktør i Henne, Lisbeth Guldbrandsen, er i den danske hovudstaden og fortel at det er mykje internasjonal presse på plass.

– Det er mykje internasjonal presse i forhold til Oslo Fashion Week. Moteveka i København er superflinke til å tiltrekkje seg internasjonal presse, og er ein veldig proff organisasjon, seier ho.

Også Stockholm Fashion Week fekk mykje internasjonal merksemd i år, blant anna frå amerikanske, kanadiske og engelske Elle, samt det amerikanske motemagasinet In Style.

– Tilgjengelege for forbrukaren

Guldbrandsen meiner dei skandinaviske motevekene har det til felles at dei er meir tilgjengelege for forbrukaren enn det som blir vist under dei fire store motevekene; New York, London, Milano og Paris.

– Den skandinaviske moten har vore prega av kommersielle kolleksjonar og lavare prisar. Strikk har vi tradisjonelt vore gode på, og i Stockholm er det spesielt jeans som har stått sterkt. I København finn ein heile spennet, frå den minimalistiske stilen til meir feminine merker som By Malene Birger, seier ho.

Blant tendensane ho trur vil gjere seg gjeldande denne sesongen er lange skjørtelengder, som dukka opp tidlegare i år.

I motsetnad til den norske moteveka har ikkje Copenhagen Fashion Week innført forbod mot pels, og det vart vist mange antrekk med innslag av pels i seg under opningsdagen.

Norsk designvinnar

Fredag får også den norske designaren Veronica B. Vallenes vise sin kolleksjon i København, som vinnaren av prisen Max Factor Talent Award.

Veronica B. Vallenes

Veronica B. Vallenes vart kåra til årets debutant under Oslo Fashion Week i 2010. I år får ho vise kolleksjonen sin i København.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

– Det blir veldig spanande å sjå kolleksjonen til Veronica B. Vallenes, som har fått mykje merksemd både frå danske bloggarar og presse, og blitt ein favoritt blant stylistane, både her og i Noreg, seier mote- og trendredaktøren i Henne.

Moteveka i Oslo

15. februar opnar Oslo Fashion Week. Då vil designarar som Leila Hafzi, Fam Irvoll, Nina Jarebrink, Maggie Wonka og Moods of Norway vise sine kolleksjonar.

Moteveka har tidlegare fått mykje kritikk frå motebransjen sjølv, fordi dei har inkludert kjendisar som Pia Haraldsen på programmet. Fleire designarar varsla i fjor at dei ville trekkje seg frå arrangementet.