Hopp til innhold

Politiet sikta gallerieigar for bedrageri: – Kan vera store mørketal i personar som er lurt

Politiet ber no folk som har kjøpt Werner Jensen-kunst om å kontakta dei. Mannen bak Werner Jensen-namnet føler seg urettferdig behandla av politiet.

John Erik Hedemark foran bilder av Werner Jensen.

SIKTA: John Hedemark har seld kunst under namnet Werner Jensen i mange år. No har politiet sikta han for bedrageri.

Foto: Truls Alnes Antonsen / nrk

I helga fortalde NRK at politiet har beslaglagt over 200 kunstverk, og sikta gallerieigar John Hedemark for bedrageri.

Hedemark har under namnet Werner Jensen måla og seld måleri i over 20 år. Politiet meiner han har skapt ein falsk person med ein CV som ikkje stemmer.

Sjølv meiner han å ha brukt Werner Jensen som eit pseudonym.

No ber politiet folk om å kontakta dei dersom dei sit på Werner Jensen-kunst og føler seg lurt.

– Me trur det er store mørketal med tanke på kven som er blitt bedratt. Det er i alt 250 bilde som er tatt i beslag, seier politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen.

Over 200 kunstverk kan bli destruerte

Det var i august i fjor at sivilt kledd politi gjorde det store beslaget i eit kunstgalleri i Oslo. Over 200 bilde blei henta ut og frakta vekk.

Razzia i galleri på Frogner i Oslo

BESLAG: NRK var med då politiet beslagla over 200 kunstverk i eit galleri i Oslo i august 2020.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

I tillegg til Werner Jensen, har Hedemark brukt to andre namn når han har laga og seld kunst, nemleg Knut Ohlesen og Erik Krohn. Desse er ein del av beslaget, som kan bli destruert dersom politiet får medhald i saka.

–Bedrageriet her er at ein overfor kjøparane av desse bilda har skapt ein illusjon av at dei kjøper ein ekte, anerkjent kunstnar med ein lang CV, og der ein lurer kundane til å tru at det er ein ekte kunstnar dei kjøper, sa Meeg-Bentzen til NRK i helga.

Hedemark hevdar å ikkje ha gjort noko ulovleg. Sjå saka om den mystiske kunstnaren som blei avslørt under:

Jurist Jon Wessel-Aas sa til NRK i helga at politiet ikkje kan destruera bilda utan vidare, og at dette kan vera ei straffbar handling i seg sjølv.

– Bilda er jo ekte. Det er jo ikkje eit forsøk på falske kopiar av ein annan kunstnar eller noko. Dei har vern som ytringar, akkurat som ei bok. Dei har òg vern etter åndsverklova, som i utgangspunktet også har eit forbod mot destruksjon av åndsverk utan opphavsmannen sitt samtykke, sa Wessel-Aas.

Urettferdig behandla av politiet

Hedemark fortel at han har aldri har opplevd at nokon har klaga eller reklamert på dei 25 åra han har måla, marknadsført og vist fram Werner Jensen-bilde.

Han føler seg urettferdig behandla, og meiner politiet har hatt ein aggressivt framstøyt mot kundane hans.

– Eg har snakka med fleire av dei som fortel kva politiet har sagt. Dei har framstilt dette som bedrageri og forfalskingar av personar som ikkje eksisterer, og seier at «her har du blitt lurt». Det er klart at folk blir engstelege og då gjer som politiet oppfordrar til, og melder saka, seier han.

Han understrekar at det er veldig vanleg å måla under pseudonym i bransjen i dag. Han refererer til kunstnarar som Banksy, Dolk og Dotdotdot, som alle er pseudonym.

Meiner CV-en er falsk

I CV-en som Hedemark har laga for Werner Jensen, står det blant anna at han har seld kunst til store norske selskap.

Ifølge etterforskinga til politiet, er ikkje dette tilfelle, fortel politiadvokat Meeg-Bentzen.

– Så den CV-en som har blitt brukt til å gi kredibilitet til denne kunstnaren er falsk?

– Me meiner at det er ein del av bedrageriet, at ein har laga denne CV-en og forskjønna Werner Jensen på den måten.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen viser frem beslaglagt kunst

GLATTCELLE: Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen viser fram kunsten som har blitt tatt i beslag. Den store mengda bilde gjorde at fleire glattceller måtte takast i bruk.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Hedemark er ueinig med politiet, men vedgår tre ting ved CV-en som ikkje stemmer.

– Det eine er at han bur i Berlin, det stemmer jo ikkje. Og så er det namnet sjølvsagt, for det er eit pseudonym. Og så er det tre til fire utstillingar som ikkje har vist seg å kunna dokumenterast. Der har rett og slett eg som gallerist blitt grundig lurt. Derfor har det blitt tatt vekk frå CV-en no, fortel Hedemark.

NRK har vore i kontakt med fleire av selskapa som står oppført på CV-en som kundar. Dei kan ikkje finna dokumentasjon på at dei har kjøpt kunst.

Når NRK konfronterer Hedemark med dette, seier han det kan ha vore kunstforeiningar i selskapa som har kjøpt inn kunsten. Kunstkjøpa skal ha skjedd over ein periode på 25 år, fortel han til NRK.

Razzia i galleri på Frogner i Oslo

POLITIMELDINGAR: Politiet har mottatt 16 meldingar i saka, og summane folk potensielt har blitt bedratt for nærmar seg ein million kroner. Her frå då politiet gjorde beslag i fjor.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Ber om tips

Politiet har no oppretta eit eige tipsmottak i saka. Dei håpar folk som føler seg lurt av kunstnaren vil kontakta dei på e-postadressa oslo.fuf.tips@politiet.no

– Siste ord er ikkje sagt i denne saka her, det er ikkje noko å lura på ein gong, seier Hedemark, som fortel at namnet Werner Jensen kjem til å leva vidare i lang tid framover.

– No har eg til og med gått så langt at eg har tatt inn Werner Jensen i mitt eige namn for å unngå å krangla med politiet. Så kan dei seia kva dei vil, «greitt, dei bilda som er her no er levert av ein kunstnar som dei finn i folkeregisteret», viss det gir dei ei glede, og viss kunsten blir betre og ikkje brennbar av den grunn.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters