Hopp til innhold

Får kritikk for å brenne Banksy-kunst

Banksy-kunstverket «Morons» blei brent og øydelagt i ein direktesendt video på nett. Deretter blei den digitale utgåva selt for 380.000 dollar. Kritikarar kallar det eit kynisk stunt.

Mann brenner Banksy-kunst

Banksy-biletet blei tent på og øydelagt i ein direktesendt video frå ein park i New York.

Foto: Skjermdump / Youtube

Banksy-biletet «Morons» frå 2006 førestiller ein auksjonarius hos Christis som auksjonerer bort eit innramma bilete der det står «I can't believe you morons actually buy this» («Eg kan ikkje tru at de idiotar faktisk kjøper dette»).

Biletet er ein kritikk av kunstmarknaden, og blei kjøpt av selskapet Injective Protocol for 95.000 dollar. Det er dei som står bak stuntet med å brenne bildet, for så å selje den digitale fila med bildet for 380.000 dollar.

– Vi ser på denne hendinga som eit kunstnarisk uttrykk i seg sjølv, seier Mirza Uddin, som er talsperson for selskapet til BBC.

NRK er ikkje ansvarlege for innhald frå tredjepartar.

– Vi valde oss ut Banksy spesielt fordi han sjølv har øydelagt eit av kunstverka sine under ein auksjon, seier han.

Uddin viser til det som hende då kunstverket «Girl with a Balloon» makulerte seg sjølv då det blei selt på auksjon hos Sotherby's i 2018.

Kryptokunst

Etterspurnaden etter digitale kunstverk, eller «kryptokunst», har vakse kraftig den seinare tida. Ifølge Forbes kan den samla omsetnaden av slike kunstverk, eller Non-Fungible Token (NFT), vere på 400 milliardar dollar innan 2025.

Blant dei norske kunstnarane som har teke steget inn i denne marknaden er Pøbel, som brende biletet «The Lovers» for så å selje den digitale fila med biletet.

NFT er eit digitalt eigarskapsbevis som viser kven som eig kunstverket. Eigarskapet er ein del av den digitale koden. I tillegg kan kunstnaren få ein del av summen dersom kunstverket blir seld vidare.

Får kritikk

Sjølv om Injective Protocol hevdar at brenninga av Banksy-bildet er ei kunstnarisk handling, er det ikkje alle som er einige i det.

Forfattaren Ossian Ward, som blant anna har skrive bok om samtidskunst, er ikkje imponert.

– Dette er eit stunt som spelar på at slike ting går for mykje pengar. Du kan seie at alt er kunst. Men å brenne eit Banksy-kunstverk, for så å krevje pengar for det, scorar svært lågt på kunstskalaen min, seier han til BBC.

Banksy-bildet Girl with a balloon makulerte seg selv da det ble solgt.

Då Banksy-verket «Girl with a Balloon» gjekk under hammaren i 2018, blei det øydelagt umiddelbart etter at det var selt. Det var bygd inn ei makuleringsmaskin i ramma som starta då salet var eit faktum.

Foto: BEN STANSALL / AFP

Han får støtte frå Gabrielle Du Plooy i galleriet Zebra One, som seier at kreative øydeleggingar av kunst ikkje er noko nytt.

– Det er alltid sjokkerande å sjå eit kunstverk som blir øydelagt, men i dette tilfellet verkar intensjonen å vere kynisk, seier ho.

Sjølv om ho ikkje ser bort frå at dei prøver å bygge vidare på det opphavlege biletet.

– Det er mogleg dei prøvde å kome med ein kommentar om samlarane som kjøper slikt. Dei er idiotane på bildet med bokstaveleg nok pengar å svi av.

Selskapet seier dei berre ønskte å bygge ei bru mellom den fysiske og digitale kunsten.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.