Hopp til innhold

Politiet legg bort saka mot Black Box

Oslo-politiet legg bort saka mot teateret Black Box. Avgjerda er tatt fordi det ikkje er bevist noko straffbart forhold.

Dette vises av Tor Mikkel Waras bolig i «Ways of Seeing»

Dette er det skaparane av det omstridde teaterstykket «Ways of Seeing» meiner vises av justisminister Tor Mikkel Waras bustad i stykket deira. Waras sambuar Laila Anita Bertheussen melde stykket til politiet i desember i fjor, for krenking av privatlivets fred.

Foto: Privat

Oslo politidistrikt legg bort saka mot teatersjefen og kunstnarane som står bak oppsettinga av skodespelet «Ways of Seeing» på teateret Black Box. Det opplyser politiet i ein pressemelding søndag kveld.

Avgjerda er tatt fordi det ikkje er bevist noko straffbart forhold.

Samstundes har dei trekt anka si tilbake i saka der Oslo tingrett nekta dei å ransake heimen til teatersjefen og kunstnarane som står bak oppsettinga av skodespelet Ways of Seeing på teateret Black Box.

Det var sambuaren til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), Laila Bertheussen, som melde stykket til politiet i desember i fjor.

Ser på avgjerda som ei frifinning

Advokaten til dei tre kunstnarane, Jon Wessel-Aas, seier til NRK at han betraktar bortlegginga som ei frifinning.

– Dette er vi sjølvsagt glad for, sjølv om det skulle skjedd for fleire månader sida. Dette er det same som dei kom til tidlegare i vinter, då dei la bort saka for første gang. Den koden dei har lagt bort med nå, er det same som ei dom om frifinning.

Jon Wessel-Aas

Advokat Jon Wessel-Aas.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Wessel-Aas seier saka har vore ei stor påkjenning for kunstnarane.

– Då eg i førre veke vart involvert, ynskja dei å leggja saka daud. Dei opplevde at dei vart kopla til det som hadde gått føre seg oppe på eigedommen til Wara. Det er nesten som å bli kopla til terrorverksemd, seier han.

Advokaten til Bertheussen, John Christian Elden, seier han ikkje er overraska:

– Vi er ikkje informert anna enn gjennom media, men det er ikkje veldig overraskande at dei legg bort ei sikting de sjølv har tatt ut mot sjølve teaterstykket. Det hadde vore betre om politiet fokuserte på kjernen i meldinga til politiet, om omsynslaus åtferd og fredskrenking ved innhentinga og filming mot soverom på privat eigedom.

John Christian Elden

Bertheussens advokat, John Christian Elden.

Foto: NRK

Sikta for å ha krenka privatlivets fred

Fredag vart det kjent at teaterdirektøren til Black Box Teater, Anne-Cécile Sibué-Birkeland, og dei tre kunstnarane bak det omdiskuterte teaterstykket «Ways of seeing», vart sikta for å ha brote straffelovens paragraf 267 om krenking av privatlivets fred.

Siktinga vart tatt ut på onsdag, men vart først kjend fredag.

Fredag grunna Oslo politidistrikt siktinga på følgjande måte:

«I utgangspunktet bestemte politiet å legge bort meldinga til politiet frå Laila Bertheussen, mot namngitte personar knytt til Black Box – utan etterforsking. Etter klage omgjorde Oslo statsadvokatembete politiets avgjerd. Samstundes bad statsadvokaten politiet om å skaffe seg tilgang på filmopptaka som vart gjort mot klagars bustad. Dette er bakgrunnen for at politiet bad Oslo tingrett om å bestemme ransaking hos dei melde. Dette vart avslått av tingretten onsdag 13. mars. Politiet anka tingrettens avgjerd inn for lagmannsretten same dag,» skreiv politiinspektør Nina Sundgaard i Oslo politidistrikt på fredag.

Politi-førespurnad avslått i retten

I forbindelse med siktinga bad politiet og om lov til å ransake heimane og kontora til både teaterdirektøren og dei tre kunstnarane i jakta på bevis.

Oslo tingrett avviste oppmodinga umiddelbart, men avgjerda vart anka fredag kveld. Det er denne anka som no er trekt tilbake av politiet.

Det var statsadvokat Andreas Strand som i februar omgjorde Oslo politiets bortlegging av Bertheussens melding til politiet, av Black Box Teater. Tidlegare søndag forsvarte Strand avgjerda på følgjande måte overfor NRK:

– Meldinga frå Bertheussen til politiet inneheldt informasjon som eg meiner det var rimeleg grunn til å undersøke. Eg har ikkje sett stykket og er ikkje kjend med kva filmmateriale som vart presentert der eller på kva måte dette vart presentert på. Avgjerda om omgjering vart utelukkande tatt basert på det som kom fram i politimeldinga,

Kulturstrøm

  • Laila Bertheussen debuterer med kunstutstilling under Arendalsuka

    Med kunstnernavnet «Laila B.» skal trusseldømte Laila Bertheussen fra Lødingen blant annet stille ut egne vesker på Agder kunstsenter under Arendalsuka.

    15. august åpner utstillingen hennes som har fått navnet «PUBLIC ENEMY», skriver Aftenposten.

    Ifølge en pressemelding avisa refererer til, er utstillingen inspirert av Bertheussens egne erfaringer fra politiet og medienes søkelys, dommen mot henne og soningen på Bredtveit.

    Under rettssaken mot Laila Anita Bertheussen dukket hun opp med egenlagde tøyvesker med tekst og symboler. Bertheussen har fortsatt med syingen i fengsel.

    Morten Traavik, som er kunstnerisk leder for prosjektet, sier at Bertheussen foreløpig ikke vil snakke med pressen. Hun har likevel delt en uttalelse i forbindelse med pressemeldingen. Der sier hun blant annet:

    «Snart er jeg ferdigsonet, alle lenker er av og hvem vet hva som da vil skje».

    Ifølge Traavik får man i utstillingen blant annet se gamle og nye vesker. I tillegg skal utstillingen inneholde ny grafikk, malerier og mixed-media-installasjoner.

    Det er foreløpig ikke bestemt om Bertheussen selv vil være til stede under utstillingen.

    Laila Bertheussen ble dømt til ett år og åtte måneders fengsel for åtte tilfeller av trusler mot sin daværende samboer og justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), hans partifelle og regjeringskollega samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde og ektemannen hennes, stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp). (NTB)

    Tiltalte stilte med ny veske med en liste over bevis under rettssaken mot Laila Anita Bertheussen i sal 250 i Oslo tingrett fredag. Bertheussen, som er samboer med tidligere justisminister Tor Mikkel Wara, er tiltalt for angrep på demokratiet og trusler mot ledende politikere.
    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Flere kulturnyheter

På utestedet Cosmopolite i Oslo ble det gedigen jubel når Viggo Venn gikk av med seieren søndag kveld.

Viggo Venn fra Kongsberg vant Britain's Got Talent: – Som om Skeid vinner Champions League

En norsk klovn har vunnet en av verdens største TV-konkurranser. Premien er på 3,4 millioner kroner og har rojalt sus.