Hopp til innhold

Norsk kortfilm Oscar-nominert: – Håpar filmen kan inspirera mange

Den norske kortfilmen «Nattrikken» er nominert til «beste kortfilm». – Eg er så glad for at filmen vår, og temaet han tar opp, får denne anerkjenninga, seier regissør Eirik Tveiten.

Norsk kortfilm blir Oscar-nominert. FOlk jubler

JUBEL: Gjengen bak den norske kortfilmen «Nattrikken» jublar i det det blir kjent at filmen blir Oscar-nominert kategorien «short live action». Filmen er regissert av Eirik Tveiten og har Sigrid Husjord i hovudrolla.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Dette er gode nyheiter, seier manusforfattar og regissør Tveiten til NRK.

Tysdag blei det kjent at kortfilmen «Nattrikken» er nominert og dermed med i kampen om å vinna ein Oscar-statuett.

Sjølve prisutdelinga skjer natt til måndag 13. mars.

Norske «Nattrikken» var ein av dei 15 kortlista filmane som kjempa om å bli nominert i kategorien «beste kortfilm» innan fiksjon.

– Akkurat no er det kaotisk i hovudet. Ein stor seier for ein liten film, seier produsent Gaute Lid Larssen til NRK, og fortset:

– Dette er den filmen som handlar om å finna mot i seg sjølv til å stå opp mot urett.

Filmen handlar om ei rusa kvinne som stel ein trikk, og dermed får ansvaret for passasjerane.

Nattrikken - Sigrid Husjord

HOVUDROLLA: Sigrid Husjord speler hovudrolla i «Nattrikken».

Foto: Cylinder Production / Cylinder Production

Regissør Tveiten seier at filmen fortel ei historie om utanforskap og utfordringane ved å vera annleis.

– Eg er så glad for at filmen vår, og temaet han tar opp, får denne anerkjenninga. Over heile verda blir folk offer for trakassering, og ofte kan det vera lettare å ikkje bry seg og sjå ein annan veg.

– Eg håpar filmen vår kan inspirera mange til å finna mot til å seia ifrå og handla. Denne produksjonen var ambisiøs og krevjande, og eg vil takka produsentane mine Heidi og Gaute, og heile staben for deira fantastiske arbeid, seier Tveiten.

Gaute Lid Larssen, produsent for kortfilmen «Nattrikken»

GLADE: Gaute Lid Larssen, produsent for kortfilmen «Nattrikken» på Skype med blant andre regissør Eirik Tveiten som for augneblinken er i Thailand.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Han fortalde tidlegare i januar i Arena om det noko hektiske løpet fylt med intervju etter at kortlista blei annonsert. Heile intervjuet kan du høyra her.

Svenske Ruben Östlund sin «Triangle of Sadness» er nominert i heile tre gjeve kategoriar, nemleg «beste film», «beste originalmanus» og «beste regi».

Heile lista over nominerte kan du sjå her.

Modellparet Carl (Harris Dickinson) og Yaya (Charlbi Dean) er på yachtferie i Ruben Östlunds «Triangle of Sadness».

NOMINERT: Modellparet Carl (Harris Dickinson) og Yaya (Charlbi Dean) er på yachtferie i Ruben Östlunds «Triangle of Sadness».

Foto: SF Studios / SF Studios

Hylla av kulturministeren

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen meiner nominasjonen vil bety mykje for norsk filmindustri.

– Det er enormt stort. Dette heng ekstremt høgt, og dette må me berre feira. Statuett eller ikkje, betyr det uansett mykje merksemd rundt filmen, og ikkje minst også til andre norske filmar, så dette er stort, seier ho til NRK.

Kortfilmen blei òg tildelt prisen for beste «short narrativ» under prisutdelinga Tribeca film festival i 2022 og er blant anna vist som kortfilm hos The New Yorker.

Pirresnutt av Nattrikken

Norsk-iransk skodespelar kortlista, men ikkje nominert

Annonseringa av nominasjonane var leia av skodespelar Allison Williams, kjent frå mellom anna serien «Girls» og filmen «Get Out», og Riz Ahmed kjent frå «The Night Of» og «Sound of metal».

Det store norske håpet til å bli nominert i kategorien «beste internasjonale film» var «Krigsseileren», men denne nådde ikkje opp då kortlista blei annonsert tidlegare i vinter.

Dermed blei det ingen norske kandidatar til denne kategorien.

Journalisten Rahimi (Zar Amir-Ebrahimi) er på sporet av en seriemorder i «Holy Spider».

KRIM: Journalisten Rahimi (Zar Amir-Ebrahimi) er på sporet av ein seriemordar i «Holy Spider».

Foto: Nadim Carlsen / Mer Filmdistribusjon / Nadim Carlsen / Mer Filmdistribusjon

Danske «Holy Spider» var derimot kortlista til «beste internasjonale film». Her speler blant andre norsk-iranske Forouzan Jamshidnejad ei sentral rolle.

Forouzan Jamshidnejad speler i filmen Holy Spider.

Forouzan Jamshidnejad speler i filmen Holy Spider.

Foto: Aida Khorami / NRK

I tillegg er norske Jacob Jarek produsent. Han kan du høyra intervju med i Arena frå tidlegare i januar her.

Men tysdag blei det klart at «Holy Spider» ikkje nådde opp som ein av dei nominerte.

Ein favoritt mange har peika på til å vinna pris for beste film, er science fiction multiverse-filmen «Everything Everywhere All at Once». Filmkritikar i NRK, Sigurd Vik, gav filmen svært gode skotsmål.

Sjeldan tilbakekomst

Ein tilbakekomst som har fått mykje merksemd er den av skodespelar Brendan Fraser i filmen «The Wale». Mange spådde at han kom til å bli nominert i kategorien «beste mannlege hovudrolle», noko han også blei.

Skuespiller Brendan Fraser i en scene fra den nye filmen «The Whale».

TILBAKE: Skodespelar Brendan Fraser i en scene frå den nye filmen «The Whale».

Foto: A24

Austin Butler er ein annan som har blitt mykje omtala og hylla for rolla si i filmen «Elvis». Han vann prisen for «beste mannlege skodespelar» under Golden Globes tidlegare i år. No er han òg nominert til Oscar-pris for «beste mannlege hovudrolle».

Sjølve Oscar-utdelinga skjer natt til måndag 13. mars, og blir arrangert for 95. gong.

Om sjokkfaktoren i årets prisutdeling lever opp til fjorårets, står att å sjå. Fjorårets utdeling enda mellom anna med at Will Smith blei utestengt frå Oscar-utdelinga i 10 år etter å ha slått til komikar og skodespelar Chris Rock.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.