Under årets Oscar-utdeling blei Will Smith og Chris Rock den store snakkisen. Då Rock skulle dele ut prisen til beste dokumentar, gjorde han blant anna narr av sveisen til kona til Smith, Jada Pinkett Smith.
Will Smith gjekk då opp på scena og fika til komikaren, før han gjekk tilbake på plassen sin. Han skal ha blitt beden om å forlate salen, men nekta å gå. Rock skal også ha avslått å melde angrepet til politiet.
Smith fekk seinare på kvelden prisen for beste mannlege hovudrolle, og beklaga då det som hadde skjedd.
– Uakseptabel framferd
No slår akademiet hardt ned på framferda til Smith. Styret for organisasjonen, der blant andre Steven Spielberg, Whoopi Goldberg og Susanne Bier sit, har bestemt at skodespelaren blir utestengd frå alle arrangement i regi av akademiet, inkludert Oscar-showet.
Will Smith og Jada Pinkett Smith på veg inn til Oscar-utdelinga 27. mars i år.
Foto: MIKE BLAKE / ReutersI ei fråsegn skriv dei at årets Oscar-utdeling var meint å vere ei feiring av alle som hadde bidrege til arbeidet i den amerikanske filmbransjen det siste året.
– Men alt dette kom i skuggen av den uakseptable framferda herr Smith viste fram på scenen, skriv dei.
Men Smith får behalde prisen han vann under årets Oscar-utdeling, og kan også bli nominert til framtidige prisar, sjølv om han er utestengt, skriv The Hollywood Reporter.
Leiinga for organisasjonen seier dei no ønsker å legge denne hendinga bak seg, og heller sjå framover, skriv dei i det opne brevet.
Aksepterer avgjerda
Kort tid etter at avgjerda til akademiet blei kjent, kom også Will Smith med ei kort fråsegn, skriv Deadline.
– Eg aksepterer og respekterer Akademiets avgjerd, sa han.
Smith trekte seg allereie for ei veke sidan frå Oscar-akademiet. I eit ope brev skreiv han at handlingane ikkje var i samsvar med å vere medlem. Og beklaga både til familien, Chris Rock og andre som var til stades under prisutdelinga.
– Eg har forrådt akademiets tillit. Eg tok frå andre nominerte og vinnarar deira moglegheit til å feire og bli feira for sitt eineståande arbeid. Eg er knust, sa han i brevet.