Det er bilete av skodespelar Colin Firth, hovudrolla i «Kongens Tale», BAFTA-prisvinnar og Oscar-favoritt, og kona Livia Firth som preger førstesidene på britiske aviser og fleire internasjonale nettstadar i dag.
Mellom designarane er det stor kamp om å kle storfavoritten denne sesongen, med følgje, til dei store prisutdelingane. Til BAFTA-utdelinga i går kom Livia Firth kledd i norsk design, av Nina Skarra.
- Les også:
– Det er kjempegøy! Vi kom i kontakt i fjor, gjennom PR-byrået mitt i Los Angeles. Eg er den einaste designaren ho har brukt to gongar, både på Film Critics Award i Los Angeles for nokre veker sidan, og no på BAFTA, seier Skarra fornøgd.
– Vart slått av talentet hennar
Ho designar berekraftige moteplagg, med fokus på etikk og økologi. Livia Firth driv sjølv ein økobutikk, og har forplikta seg til å berre bere etisk og økologisk forsvarlege kjolar på den raude løparen, gjennom bloggen The Green Carpet Challenge for britiske Vogue.
«Eg absolutt elskar denne kjolen frå Nina Skarra. Eg møtte Nina i fjor og vart slått av talentet hennar», skreiv Firth til sine lesarar av bloggen før prisutdelinga i går.
«Ho er kjent som ein svært god haute couture-designar blant europeiske designarar, men er ei stor hemmelegheit på dei internasjonale raude løparane, som nesten alltid favoriserer store designhus og luksusmerker,» skreiv Firth.
I fjor dukka Firth opp på BAFTA-utdelinga i ein kjole signert ein annan norsk designar, Leila Hafzi.
Håpar på Oscar-eksponering
Spekulasjonane går allereie om kva Firth og andre kjendisar vil kle seg i på Oscar-utdelinga den 28. februar. Nina Skarra kryssar fingrane for at nokon av hennar plagg kan bli å finne på den raude løparen.
– Eg har eit utstillingslokale med mange kjolar i Los Angeles. Eg veit at det er mange stylistar som har vore innom og sett på kjolane, mellom anna har stjernestylisten Rachel Zoe vore interessert. Men ein veit aldri kva antrekk stjernene har valt før dei sit i bilen på veg til utdelinga, det er spenning til siste slutt, fortel Skarra.
– Den viktigaste marknadsføringa
Ho har tidlegare kledd opp mellom anna Kronprinsesse Mette-Marit, Angela Bassett, Isabelle Fuhrman og fleire av skodespelarane i TV-serien «True Blood».
– Dette er mi viktigaste marknadsføring. Men eg har sleppt å gjere så mykje aktivt sjølv for å få tak i kjendisane. Stylistar og PR-byrå har kontakta meg, seier designaren som har base i Oslo, og er representert av PR-byrå i Paris og Los Angeles.
Ho har også inngått eit samarbeid med TV-produsenten Warner Bros om at kolleksjonane hennar kan visast i TV-seriar som «Gossip Girl», «Vampire Diaries», «One Tree Hill» og «The Mentalist».
- Les meir om mote på nrk.no: