Får Nåløyet-pris for debutkolleksjon

Designprisen Nåløyet 2011 går til den norsk-britiske duoen Haaning & Htoon. Juryen har tru på at dei kan nå ut til ein internasjonal marknad.

I kveld får designduoen Haaning & Htoon prisen Nåløyet under eit arrangement i Oslo.

Det er bladet Henne som deler ut den årlege prisen. Juryen er sett saman av designarar, innkjøparar, fotografar, stylistar og andre motefolk.

I grunngjevinga for tildelinga skriv juryen mellom anna at dei «er imponert over det høge nivået på Haaning & Htoons kolleksjon, sidan dette er duoens første.»

Dei har tru på at Haaning & Htoon kan nå ut både på den norske, skandinaviske og internasjonale marknaden.

Kolleksjonen har eit urbant, tidlaust preg, der maskuline og feminine element blandast. Materialane er av høg kvalitet med ei luksuriøs kjensle - silke, bomull, viskose og kasjmir.

Nåløyet-juryen

Har masse erfaring

Namnet på merket er sett saman av etternamna til Marianne Haaning Groos, norsk, med bakgrunn frå moteskulen Esmod, og Min Htoon, britisk seniordesignar utdanna ved Central Saint Martins i London.

Dei er i dag både kjærestar og designpartnarar.

Det er nøyaktig eitt år sidan oppstarten av merket, men allereie no får dei den gjeve designprisen.

– Frå første stund hadde vi full produksjon, det var ikkje noko heimelaga ved det, og vi fekk kjapt ein kolleksjon på beina. Og så har vi masse erfaring, seier Htoon til NRK.

Han har erfaring frå Donna Karan, Armani og Dolce & Gabbana, mellom anna.

Blant dei nominerte var Vatle, Camilla Bruerberg, Undorn, Sca Ulven, Flinga, Helje Hamre og kanskje det mest kjente namnet, Veronica B. Vallenes, som viste kolleksjonen sin under moteveka i København.

Vant for debutkolleksjonen

– Vi kallar stilen vår The New Classic. Vi brukar mest silke og klassiske stoff, og siktar mot ein skandinavisk look med britisk touch, toppa av ein underliggande edge, forklarar Haaning i februar/mars-utgåva av Henne.

Dei rettar seg inn mot det dei kallar ein mellommarknad, med prisar som varierer mellom 2000 og 4000 kroner.

Neste veke lanserer dei sin første økokolleksjon, når dei opnar Oslo Fashion Week. Dei vil tilby klede av økologisk stoff til lavare prisar, og brukar organisk bomull, spesielle fargeblandingar og resirkulert ull for å oppnå dette.

– Vi prøvar å jobbe så miljøvenleg som mogleg, og likevel kunne tilby klede til ein relativt lav pris. Økomoten ligg litt bakpå, men vi vil gjerne vere med på å endre det, seier Htoon til NRK.

I august blir kolleksjonen å finne i butikkane.

Mardou & Dean

Nåløyet har blitt delt ut sidan 2004. Her frå utdelinga i fjor, då jeansmerket Mardou & Dean vant prisen.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Ny pris for tilbehør

For første gong vert det også delt ut ein pris for beste tilbehør, og den går til smykkedesignar Bjørg Nordli-Mathisen.

Juryen seier at «ho har skapt eit smykkemerke med eit klart og tydeleg konsept. Smykka er ein estetisk nytelse, og dei har ein sterk eigenart.»

I kveld vert også Folkets pris delt ut, der designaren med flest stemmer vinn. I fjor vant Fam Irvoll denne prisen.

Les meir om mote på NRK.no:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • R. Kelly-kausjon på 1 million dollar

    Den amerikanske R&B-artisten R. Kelly meldte seg for politiet i Chicago fredag kveld. Han er tiltalt for ti tilfeller av grove seksuelle overgrep mot fire ofre i alderen 13 til 17 år. Nå er kausjonen satt til 1 million dollar, melder AFP.

    Singer Robert Kelly, known as R. Kelly, appears in a booking photo provided by the Chicago Police Department in Chicago
    Foto: Handout / Reuters
  • Ung jazz ut til folket

    Trondheimstrioen «I LIKE TO SLEEP» ble kåret til Årets unge jazzmusikere i 2018. Bandet har potensial til å bli stilskapende innen norsk jazz, mente juryen. Premien er en turné til ti jazzklubber Norge rundt, til Nasjonal Jazzscene i Oslo og Bodø Jazz Open. Du kan lese mer om bandet og hvilke steder som får besøk på Norsk jazzforum.

    I LIKE TO SLEEP
    Foto: Juliane Schütz / Norsk Jazzforum