Hopp til innhold

Margaret Berger: – Veldig gøy at alle har vore så forvirra

I kveldens episode av Maskorama, den siste før finalen, var det Nøkken som måtte ta av seg maska. Det viste seg å vere Margaret Berger. – Eg har hatt det så gøy!

Her tar Nøkken av seg maska.

Det var i alt fire kjendisar som kjempa om finaleplass i den femte episoden av Maskorama. Bamsen, Draken, Snømonsteret og Nøkken.

Til slutt stod det mellom Nøkken og Bamsen, og det var altso Nøkken som måtte av med maska i kveld og avsløre sin identitet. Under den var det tidlegare MGP-vinnar Margaret Berger som skjulte seg.

Ho har lurt alle med å snakke austlandsdialekt, sjølv om ho er trønder.

– Eg snakkar eigentleg ikkje slik, men det har vore svært gøy å spele Paradise Hotell-deltakar.

Mange har trudd at nøkken elskar tur, men det stemmer ikkje heilt med verkelegheita.

– Eg hatar telt. Eg trur folk hang seg veldig opp i det hintet og så var det eigentleg berre eit hus ved tjernet, sa Bereger.

Trønderen har kosa seg med å skrøne og lyge men innrømmer at maska er litt klaustrofobisk.

– Det er litt godt å ta ho av og det er så godt å prate!

Nøkken viste seg å vere Margaret Berger.

Nøkken viste seg å vere Margaret Berger.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

13 prosent av folket gjetta riktig på kven som skjulte seg under maska.

Det gjorde også meisterdetektiv Marion Ravn, som atter ein gong trefte blink, for ho trudde at dette var nettopp Berger.

– Eg er så nøgd, sa Ravn etter at maska falt.

Jan Thomas har store ord om Berger.

– Margaret, du er heilt fantastisk. Stemma di og måten du bevegar deg på scena. Du har fullstendig bergtatt meg og resten av Noreg.

Snømonsteret har sikra seg ein plass i finalen neste veke saman med Draken og Bamsen.

Margaret Berger trur ikkje at begge dei som står att i finalen er profesjonelle songarar og seier det er ei stor bragd å synge så bra inne i eit kostyme.

– Maska av for dei.

Her er Felberg-familien sin dom

Thomas Felberg og familien er som vanleg dommarar frå sofakroken heime. I kveld var den eldre generasjonen også med på festen. Felberg hadde nemleg med seg Hilde Wahl, Thomas si mor, Toril Felberg (72) og onkelen hans, Hans Einar Felberg (75).

Thomas Feldberg saman med mor si, Toril Felberg og onkelen Hans Einar.

Thomas Felberg saman med mor si, Toril Felberg og onkelen Hans Einar Felberg.

Foto: Privat

Dei dømmer framføringane basert på song, dans og generell showfaktor.

Alle kjendisane starta med å synge solo.

1. Snømonsteret – Sex On Fire (Kings Of Leon)

Det blir spekulert i om det er to stykk som er Snømonsteret.

Snømonsteret har blitt klappa og ledd av, seier han, men då han stod på scena var det ståande applaus frå detektivpanelet.

– Rock and roll, herleg, sa Nikolai Ramm.

Marion Ravn blei forvirra sidan ho synest at Snømonsteret syng forskjellig frå veke til veke.

– Sist var det klassisk, men no var det ordentleg rocka.

Terningkast 5

Den rocka songen fall godt i smak hos Thomas Felberg og familien som rulla terningkast fem.

– Vi veit jo at Snømonsteret kan synge.

«Kult låtval. Her viser Snømonsteret at han kan rockesjangeren. Vi trur meir og meir på at dette er Åge Sten Nilsen. Snømonsteret klarer å komme seg opp og drive på refrenget og det er kult. Sjølv om han ikkje heilt klarer å tangere rockesjokket Noreg opplevde då Tor Endresen song same låt i første sesong av Stjernekamp. Men kult og tøff start.»

2. Dragen – Born This Way (Lady Gaga)

– Draken, eg elskar det, går det an? Dette er berre magisk frå byrjinga til slutten, sa Jan Thomas etter framføringa.

Ramm trur det er ein gamar.

Born This Way er eit typisk pride-låt og panelet spekulerer i om det seier noko om songaren,

Terningkast 4

Felberg-familien gav Draken ein firar i denne omgang.

Dragen er i huset. Blir det krem eller blir det buse?

«Kven er draken? La oss høyre litt song. Kan det vere Victor Sotberg? Det trur vi kanskje no. Draken syng ok, men høyrest ikkje så profesjonell ut som Snømonsteret. Litt «Reidar dra i gang vaffelkverna» over rappen her også. Altså litt ungdoms og barne-Tv rapping. Men ikkje gale.»

3. Bamsen – All I Want For Christmas (Mariah Carey)

Bamsen vidarefører julestemninga etter at Nissen måtte takke for seg i førre veke.

– Bamsen kan også vere ein person som står på huk, foreslår Nikolai Ramm. Han trur ikkje det nødvendigvis er ein liten person etter at den høge Abid Raja viste seg å vere Nissen.

Terningkast 5

Frå dommarane blei det nok ein femmar.

Bamsen er som ein bamse Ole Lukkøye-superhelt. Men blir det bamseklem og supersong?

«Utifrå hinta verkar det som bamsen har hatt gode læremeistrar. Kan det vere Lisa Børud? Bra start vokalmessig her og bamsen viser songmusklar. Ho har full kontroll, dynamikk og intonering i stemma her. Det må vere ein artist dette og vi synest det er noko i stemma som minner meir og meir om Lisa Børud. Synest bamsen klarer å skape julestemning og ho løfta denne ganske rett fram julelåten opp til flott og luksuriøs supermarknad underhaldning.»

4. Nøkken – Never Really Over (Katie Perry)

– Tenk om det er Dagny? Vi har ikkje tenkt på ho ein gong. Tenk om hintet er at ho har skrive låten? Foreslår Marion Ravn.

– Dette er Trine Rein, spekulerer Jan Thomas i.

Terningkast 4

Framføringa til Nøkken fekk ein firar.

Nøkken kjem for å forføre og sjarmere nok ein gong. Blir vi trollbunde av songen eller bunde som troll med vrengde øyrer i staden?

«Kan det vere ein idrettsutøvar. Tenkte plutseleg på Christina Vukicevic Demidov? Men når Nøkken byrjar å synge høyrest det ut som ho faktisk har song som meir enn ei leirbålsøving. Er framleis litt mystisk dette med Nøkken. Det er ein bra framføring, sjølv om det kanskje ikkje er heilt champagnar og napalm. Meir kinaputt og Villa Farris.»

5. Draken og Sandra Lyng – Lay All Your Love On Me (Abba)

Etter soloframføringane er det klart for duettar med kjende artistar. Først ut er Draken og Sandra Lyng.

Dette hadde Lyng å seie om duettpartnaren sin etter framføringa:

– Eg veit ikkje kven det er, men det eg veit er at dette er ein nydeleg person. Varmen og energien er så god. Dette er eit vakkert menneskje.

Terningkast 3

Det blei ein trear for kveldens fyrste duett.

«Og det er Abba tid. Draken er litt flat under i opningssekvensen og klarar ikkje å følgje opp i verset og er litt sur her og der. Sandra klarer å dra det litt opp i refrenget. Men Draken følast og høyrest ikkje heilt ut som på heimebane i fjellet her. Men det er ganske gøy, men ikkje hysterisk gøy eller underhaldande. Vi trur framleis at dette er Victor Sotberg.»

6. Bamsen og Bilal – Castle On The Hill – Ed Sheeran

– Eg synest at dette var utruleg fint. Bilal har nydeleg, fløyelsmjuk stemme som passar perfekt til Bamsen. Ho viser at ho er så musikalsk når ho klarer å syngje med ein annan på den måten, seier Ravn etter duetten var over.

Terningkast 4

Framføringa fekk ein firar frå Felberg og familien.

Stjernekampvinnar frå 2019, Bilal med bamsen styrkar mistanken om Lisa Børud. Det er jo ein slags konseptuell lardagsunderhaldningsgreie her kanskje?

«Synest Bilal og Bamsen gjer ein bra jobb og dei klarer å synge med kvarandre og drive låten framover. Sjølv om både låten og framføringa er litt tannlause. Meir søndagsskule og wienerbrød enn eit satans fyrverkeri ei laurdagsnatt på ein illegal klubb ved hamna.»

7. Nøkken og Ulrikke Brandstorp – Säg Mig Var Du Står (Carola / Zara Larsson)

Den erfarne artisten Ulrikke Brandstorp var fjorårets Maskorama-vinnar. I kveld stod ho på scena saman med Nøkken, og ho innrømte at ho var nervøs før framføringa.

– Det var ei ære å få syngje med Nøkken.

Terningkast 5

Det blei terningkast fem på Nøkken sin duett.

«Nøkken syng kult på svensk. Er Nøkken svensk? Ho viser tonal kontroll her og familien ropar «er dette Carola Häggkvist?!". Ulrikkes sceneteft og vokale energi saman med Nøkken si plutselege bombe av songkontroll og karisma gjer dette til kveldens kanskje beste framføring så langt? Moro. Kjem Carola ut av sekken eller nøkkenmyra ein gong for alle?»

8. Snømonsteret og Marion Ravn – A Whole New World (Peabo Bryson/Regina Belle)

Snømonsteret fekk med seg sjølvaste paneldetektiven Marion Ravn på scena under sin duett.

– Det var heilt sjukt å få spørsmål om det, men også svært stas at han hadde lyst til å synge med meg, sa Ravn om det å stå på Maskorama-scena saman med Snømonsteret.

Terningkast 5

Duetten fekk terningkast fem frå dommarane.

«Dei skal runde av maskefesten og dei skjulte identitetars sirkus for denne gong. Moro og uventa val av duettpartnar. Hintet om Hollywood gjer at vi tenker Sjaman Durek og at han har lært seg svært godt norsk det siste året. Snømonsteret syng som ein profesjonell her og det må nesten vere ein artist. Marion Ravn og Snømonsteret gjer ein god jobb saman. Er det ikkje Sjaman Durek så er det kanskje Gaute Ormåsen. Ein av kveldens beste framføringar.»

Abid Raja avslørt som nissen

Førre veke var det tidlegare Kultur- og likestillingsminister Abid Raja som dukka opp under Nissemaska.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Førre veke var det Nissen som måtte ta av seg maska. Det viste seg å vere politikaren Abid Raja frå Venstre.

Dei andre deltakarane som tidlegare har blitt nøydde til å vise «sitt sanne eg» er Havfruen, som viste seg å vere programleiar Haddy Njie, Heldiggrisen var rikingen Christian Ringnes og Frosken var journalist Arve Juritzen.

Og no er altso Nøkken ute av konkurransen og åtte kjendisar har blitt til tre.

Det betyr at enten Bamsen, Snømonsteret eller Draken vil stå att som vinnarar i finalen neste veke.

Synest du det er vanskeleg å halde kontrollen på alle hinta som har kome i sendingane og i Maskorama-podkasten?

Her har vi samla alle hinta som kan hjelpe deg å avsløre kven som skjuler seg bak dei tre siste maskene neste laurdag.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters