Hopp til innhold

Sjå alle Maskorama-hinta her!

Det er snart duka for finalesending i årets Maskorama. Les deg opp på hinta før dei tre finalistane blir avslørte laurdag kveld.

Dragen

DRAKEN: Kva for ein kjendis er i maska?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Draken

Teoriane om draken har sprika i alle retningar sidan fyrste sending.

Hinta er som følgjer:

  • Ser skummel ut, men er forsiktig.«Vi drakar prøver berre å vere snille og greie heile tida».
  • Han heldt til mykje tid i grotta si i barndomen. I grotta er det antydning til eit vikingskip.
  • «Føl dykk som heime. Dei fleste som stikk innom gjer det,» har han sagt om grotta.
  • Livet har ikkje alltid vore enkelt, «men etter regnet kjem sola».
  • «Kall dette gjerne eit comeback», sa draken i fyrste sending.
  • Grotta har vore hans base gjennom alle hans reiser. Han har vore verda over.
  • Han har studert alle dei andre mytiske skapningane på avstand, tok lærdom av dei og korleis dei vann sin plass i verda.
  • Alt han har lært har han tatt med seg vidare.
  • Med alt eg hadde lært i underverda sette han kurs ut i det fri for å erobre på ny. For kvart steg han tok slo det sprekkar, som gradvis slapp til meir ljos.
  • Før han visste ordet av det hadde han ikkje berre invitert til fest, men vorte større enn festen sjølv.
  • No lever han livets glade dagar i ei verd han ikkje trudde at han høyrde heime.
  • «Ein kan ikkje berre gøyme seg bort i ei hole. Ein må ha det litt gøy også»
  • «Eg har erobra dei djupaste dalane, og dei høgste fjella, og lært at i krig og kjærleik er alt lov» sa han i tredje episode.
  • Draken elskar å stå framfor publikum. Det gir han mykje energi. Han elskar applausen og merkar kor lenge det er sidan sist.
  • «Eg kjenner meg heime på denne scena, den har vore i draumane sidan barndommen».
  • «Sjølv om eg har underheldt tusenvis av menneske fleire gongar er det framleis sommarfuglar i magen når eg står her oppe igjen».

Fysiske hint

  • Eit sjakkbrett der ei brikke spelar mot alle dei andre brikkene som er samla saman.
  • Ballongar, fleire av dei er gule, blå og raude.
  • Talet 23
  • Det som ser ut som eit stort grønt egg.
  • Spegel
  • Tryllestav, og ein tryllestav som plutseleg blir til ein sommarfugl.
  • Ring
  • Stetten av eit vinglas, og eit vingals med to stjerner på seg.
  • Han har hatt på seg både svarte vengjer og glitrande vengjer på kostymet.
  • Gåva han gav detektivpanelet var eit nashorn.
  • Lykketroll.
  • Raudt forkle/skaut.
  • I den eine introvideoen er det mykje led-ljos, som om ein er på klubb eller på diskotek.
  • Han har fått ein pris for «det stikk motsette av det eg gjer nå,»fortel Draken.
  • Vi kan ha sett mangte side av han om vi har følgt med i timen. Og det veit Draken at det er fleire som har og han set pris på kvar einaste ein.
  • Ei rad med pappesker som ser ut som pizza-pappesker.
  • Teatermaske.
  • Eit skifte av plassar mens han snakkar om at han har fleire sider. Fyrst ser vi han ute i naturen, deretter inne i eit mørkt lokale.
  • Favorittfilmen hans er Hercules. Om den seier han: «Den handlar om at alle skal følgje draumane sine, og at det er eit ljos i enden av tunnelen. Det er i alle fall eit bodskap eg har levd etter heilt sidan eg var ein liten drage».
  • Snakkar med austlandsdialekt.

Songar Draken har framført:

  • «I Wanna Be Your Slave» – Måneskin

  • «Look What You Made Me Do» – Taylor Swift

  • «Rise Like a Phoenix» – Conchita Wurst

  • «I Love Rock'n Roll» – Joan Jett (Favorittlåta)

  • «Go the Distance» – Roger Bart (Frå filmen «Hercules», favorittfilm)

  • «Born This Way» – Lady Gaga

  • «Lay All Your Love On Me» – ABBA

Kjendisar:

Victor Sotberg

DRAKEN?: Programleiar i «FlippKlipp» Victor Sotberg. Han er utruleg populær blant kidsa, i tillegg har han blant anna deltatt på «Skal vi danse» og «71 grader nord kjendis».

Gjestedommar TIX i program 8 av Stjernekamp

DRAKEN?: Artist TIX. Han slo gjennom med sine russelåtar. I år var han Noregs håp i Eurovision Song Contest. Han har også gitt ut bok.

Atle Pettersen

DRAKEN?: Programleiar i «Beat for Beat» og musikar Atle Pettersen. Han har deltatt i Melodi Grand Pric. I 2011 vann han «Skal vi danse».

Drivkraft med Emil Weber Meek

DRAKEN?: MMA-utøvar Emil Meek.

Stian Blipp

DRAKEN?: Komikar og programleiar Stian Blipp, sist kjent frå «Senkveld med Stian og Helene». Han er også medprogramleiar i spel-podkasten «Nerdelandslaget».

Emil Gukild ble slått ned av Halvor Ekeland

DRAKEN?: Sportsjournalist i NRK, Emil Gukild. Som Draken har han «showa» før, og reist verda rundt som sportsjournalist.

Herman Tømmeraas, skodespelar kjent frå Skam og Ragnarok.

Herman Tømmeraas, skodespelar kjent frå Skam og Ragnarok.

Victor Sotberg tronar øvst på VG sin «Maskorama-profeten». Andre namn som går igjen i sosiale medium er programleiar Atle Pettersen, artist Andreas Haukeland (Tix), MMA-utøvar Emil Meek, skodespelar Herman Tømmeraas, og komikar og programleiar Stian Blipp.

Snømonsteret

Snømonsteret i Maskorama.

Snømonsteret: Kva for ein kjendis er i maska?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK
  • Ein sjarmør og ein rausing. Han har høyrt fleire kalle han for snømonster, men «sjølv ser eg ikkje på meg sjølv som berre det», seier han.
  • Han er lidenskapeleg oppteken av det han driv med.
  • «Eg var på mange måtar skapt for akkurat dette. Men det betyr ikkje at det har kome gratis. Det handlar om å finne dei rette kombinasjonane og samansetningane», har han sagt.
  • Han byr gjerne på ein iskaffi om nokon kjem på besøk i hola hans.
  • Han seier han gjer noko heilt nytt når han nå står på scena.
  • Som Snømonster er det mange som ønsker å setje han i bur, og han har latt seg lokke inn i buret og følgt reglane og det som er forventa.
  • I sin lengt etter perfeksjon har han innsett at det perfekte snømonster-idealet som er sett av andre er umogleg å leve opp til.
  • «Eit snømonster som har nådd perfeksjon har berre ein veg å gå, og kva skal han da finne på? »spør han i sending nummer to.
  • Dyret han har blitt plassert i har passa godt på han i mange år, men inst inne ønsker han å vere fri akkurat som han vil.
  • Det finst fleire sider ved han som ein ikkje har sett før. Inst inne vil han vere fri og gjere akkurat som han.
  • Han likar å ha kontroll.
  • Han fortel at monster som han bruker dei fleste dagane langt uti skogen. Fleire snømonster har måtta klare seg aleine i villmarka.
  • Men han likar å ha folk rundt seg å samarbeide med.
  • Har gode minne frå god laginnsats med sine medmonster. Han har vore ute ei vinternatt før.
  • «Eg starta med håp i hjartet og ein himmel full av stjerner eg såg opp til. I mange år var dei berre noko fjernt der oppe på nattehimmelen, noko eg aldri kunne nå», fortel Snømonsteret.
  • «Det var ikkje rart eg vart glad då mitt fyrste eksperiment letta frå bakken og flaug mot stjernene og forbi», legg han til.
  • Han fortel at han var audmjuk, stolt og mållaus.
  • «Eg skal ikkje ljuge, men når eg skal vise meg fram for Gud og «hvermansen» blir eg framleis nervøs. Men etter som åra har gått har eg vorte tryggare i min eigen pels», seier Snømonsteret.
  • Han fortel at han har blitt tryggare på å vise fram både hans gode og mindre gode sider.
  • Det har både blitt klappa for og ledd av det som har kome ut av munnen hans.
  • Det er uansett ein kortvarig kjensle. Og sjølv om de blir jakta på, er det kjensla av ro og tilhøyre i heimen som har vorte det aller viktigaste for han. Han håpar dei heime er stolte av han.

Fysiske hint:

  • Reagensrøyr og det periodiske system
  • Iskrem, og is i kjeks
  • Namnet Paradis.
  • På ein vegg stod det «Il gelato e bueno e freddo (Isen er god og kald) – men ikke si det til noen»,
  • Den italienske setninga «Il cielo è blu» som betyr «himmelen er blå» kjem også fram.
  • Puslespel
  • Blomster
  • Mikrofon
  • Eit skilt med teksten «open» på den eine sida og «closed» på den andre sida.
  • I ei notatblokk står det: «C6 x 12» og «E = me2»
  • Han har hatt på seg flosshatt og caps
  • Ein ser ein skog og ei hytte i introvideoen.
  • Den fysiske gåva var ein origami-bretta lapp, eller ein slags spålapp, med teksten «no more compromises», og oppskrift med fysiske formlar.
  • I den eine introvideoen ser vi ei bok der vi skimtar tittelen «Astron ... » (kanskje astronomi).
  • Eit teleskop.
  • Ein rakett.
  • Talet 9 på armen.
  • Eit bilde av Erna Solberg og Barack Obama og eit bilde av kongeparet.
  • Lysekrone.
  • Barneleiker.
  • Har på seg hår (parykk) og ein liten hatt i sending nummer fem.
  • Har to tenner oppe og seks tenner ende. Totalt åtte tenner.
  • Nøklar på bordet.
  • Snakkar austfoldsdialekt.

Songane Snømonsteret har sunge:

  • «Into the Unknown» – Panic at the Disco
  • «Leave the Door Open» – Silk Sonic
  • «Grace Kelly» – Mika
  • «Dancing on My Own» – Robyn (Favorittlåt)
  • «Skyfall» – Adele (Frå «Skyfall», favorittfilm).
  • «Sex on Fire» – Kings of Leon
  • «A Whole New World» – Peabo Bryson/Regina Belle

Kjendisar:

Didrik Solli Tangen synger opera i Stjernekamp

Snømonsteret?: Artist Didrik Solli-Tangen.

Emil Solli-Tangen under generalprøve.

Snømonsteret?: Artist og bror til Didrik Solli-Tangen, nemleg Emil Solli-Tangen.

Jakob Schøyen Andersen - Rød løper P3 GULL 2017

Snømonsteret?: Komikar og skodespelar Jakob Schøyen.

Kåre Conradi

Snømonsteret?: Skodespelar Kåre Conradi.

Andreas Wahl utfordrer deg til å quize på nivå med de beste tiendeklassingene i landet.

Snømonsteret?: Fysikar og programleiar Andreas Wahl.

I sosiale medium er det mange som tippar på at Snømonsteret er artist Didrik Solli-Tangen eller broren Emil Solli-Tangen. Men også komikar Jakob Schøyen, skodespelar Kåre Conradi og vitskapsmannen Andreas Wahl er nemnt.

Bamsen

Bamsen maskorama

BAMSEN: Kva for ein kjendis er i maska?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK
  • Har ikkje alltid vore fyrstevalet blant leikene i kassa.
  • Skjønte tidleg at den ikkje ville vere som dei andre leikene.
  • Merka tidleg at konkurransen for livets gunst ville bli tøff.
  • Meiner at bamsar høyrer heime i skogen.
  • Elskar å gi trøyst og oppmuntring.
  • Har gjort alt ho kunne for å ikkje bli sitjande på hylla når startskotet gjekk.
  • Ein bamse vil alltid vere med på leiken, og bamsen vart over seg av glede då den fyrste gongen fekk leike med dei andre leikene.
  • «Tiden som følgde vart ei reise gjennom tid og stad. Eg opplevde dei merkelegaste stadane og dei hyggelegaste karakterane».
  • Alt gjekk på skjener, men plutseleg ein dag sneik det seg inn ei usikkerheit. Kvar var eigentleg endestasjonen, og hadde bamsen billett heilt fram?
  • «Mi reise starta allereie før eg kunne gå. Eg har reiselystent blod flytande i årene. Eg ville prøve livet både som isbjørn og teddybjørn», seier Bamsen.
  • Hennar destinasjon er framleis ikkje nådd, og ho drøymer framleis den dag i dag.
  • «Nokon gongar må ein berre gripe oksen ved horna og hoppe i det,» seier bamsen.
  • «Sjølv om eg har vakse opp med at ting skal gå langsamt for seg, har eg ikkje noko i mot at tempoet blir skrudd opp iblant,» seier Bamsen.
  • Ho elskar fredskjensla når vinden bles gjennom pelsen.
  • «Eg skulle ønske fleire dyr fekk kjenne på den kjensla, og slapp å bli sett i bås», fortel Bamsen.
  • Ifølgje Bamsen er tilhøyre eit samansett spørsmål. Det betyr ikkje kvar reisa startar, så lenge ein kjenner seg heime dit den leiar deg.
  • Om songen frå filmen «The Greatest Showman»: Den viser kor mykje styrke det ligg i det å berre vere seg sjølv».
  • Ho elskar å sitje i godt selskap med alle dei andre dyra. Sjølv om ho har fått tildelt sin plass, synest ho det er stor stas å prøve dei andre stolane også.
  • Ho har lært mykje, og har hatt mange forbilde opp gjennom. Ho har elska vegen det har ført ho på.
  • Men mens ho har reist på dei vakre togskjenene så har ho sett skogen segle forbi, sjølve symbolet på fridom, der bjørnar kan springe fritt omkring og lage sine eigne stiar og fotspor.
  • «Det er ein skummel ferd å ta for ein liten bamse som meg. Det er mange farar som lurer i dei mørke skogane. Men skal ein bli ein ekte levande bjørn, må ein våge å drøyme stort», fortel Bamsen.

Fysiske hint:

  • I vignetten ser ein mange forskjellige leiker som Barbie og Fantorangen, Ole Brum-karakterar, Mini Mus, eit leiketog som køyrer med Barbie som passasjer og ein grøn pistol.
  • Veggen består av kaketapet.
  • I hylla er det barnebøker.
  • Bamsen tar opp ein mindre bamse og dansar med den.
  • Eit namneskilt det står «Vekter» på.
  • Cupcakes.
  • Køyrande iskrembil.
  • Talet 4.
  • I slutten i episode to blir ljoset slokke.
  • Det blir vist ein togstasjon med skiltet Veggli på, togskjener, ein statue av Olav Tryggvason (grunnleggjaren av Trondheim) og skilt med teksten «Rex Perpetuus Norvegiae».
  • Tamagotchi (eit digitalt kjæledyr) var gåva detektivpanelet fekk.
  • I episode to hadde bamsen bytta ut pysjen med raud kappe og maske.
  • Eit skjerf med hjarte og talet 1/8.
  • I introvideoen er det ei dame med bunad, med raud brokade og blått-svart skjørt.
  • Bamsen syklar på ein dresin.
  • Eit flagg i gult og eit flagg i blått. Det er også duskar på dresin-styret som er gult og blått.
  • Hest.
  • Skilt med teksten Kjerre på. Høgde over havet er 261,1 meter.
  • Teikningar frå fansen.
  • Rosa kjole i fjerde sending.
  • Gav ein liten bamse til Silje Nordnes.
  • Små grashoppar-figurar.
  • Noteark.
  • Bål.
  • Kjøttbollar.
  • Har austlandsdialekt.

Songar Bamsen har framført:

  • «Shake It Off» – Taylor Swift
  • «Roar» – Katy Perry
  • «Livin on a Prayer» – Bon Jovi
  • «Jealous» – Labrinth (Favorittlåt)
  • «This is Me» – Kealla Settle («The Greatest Showman», favorittfilm)
  • «All I Want For Christmas Is You» – Mariah Carey
  • «Castle On The Hill» – Ed Sheeran

Kjendisar:

Ingeborg Walther – «Somebody»

Bamsen?: Artist Ingeborg Walther. Frå Sarpsborg i Viken. Kjent gjennom «Stjernekamp».

Gjestedommar i Stjernekamp, Sandra Lyng

Bamsen?: Artist Sandra Lyng Haugen. Slo gjennom i «Idol». Har også deltatt på «Stjernekamp». I tillegg har ho gitt ut barnebøker.

Josefine Frida

Bamsen?: Skodespelar Josefine Frida frå Sigdal i Viken. Kjent frå «Skam» og «Førstegangstjenesten». Har spelt også spelt i teaterstykke på Trøndelag Teater.

Lisa Børud i Stjernekamp 2017

Bamsen?: Artist Lisa Børud. Blant anna kjent frå «Stjernekamp» og «Melodi Grand Prix». Har sunge og dansa sidan ho var lita.

Nora Foss Al-Jabri – «Don't Cry For Me Argentina»

Bamsen?: Artist Nora Foss. Ho fekk sitt gjennombrot i «Norske Talenter», og har sunge på «Oprah» i USA. Ho har også har deltatt i «Meldodi Grand Prix» og «Stjernekamp». Dei siste åra har ho studert musikk i Boston, USA.

Melodi Grand Prix 2020

Bamsen?: Artisten Raylee frå Tromøy i Arendal er kjent frå «Stjernekamp», «Skal vi danse» og «Melodi Grand Prix».

Leah Isadora Behn under Vixen awards 2021

Bamsen?: Dottera til Märtha Louise og Ari Behn, Leah Isadora Behn. Her under Vixen Awards der ho vann pris for «årets influencer innen skjønnhet».

Emilie Nereng

Bamsen?: Emilie «Voe» Nereng. Ho vart kjent gjennom bloggen «Voe» berre 12 år gammal. etter det la ho blogg-karrieren på hylla, og har skapt ny karriere som «mat-influencer». Ho har blant anna sitt eige matprogram på «Matkanalen».

Ulrikke Brandstorp

BAMSEN?: Fjorårets vinnar Ulrikke Brandstorp.

Artist Ingeborg Walther, Leah Isadora Behn, artist Sandra Lyng Haugen, skodespelar Josefine Frida, artist Lisa Børud og artist Nora Foss Al-Jabri er blant dei folk trur skjuler seg i maska.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters