Hopp til innhold

Nils Gaup trossa åtvaringar og laga film om utskjelt norsk kunstnar

– Eg fekk bakoversveis av historia om Aksel Waldemar Johannessen, seier den kjente regissøren.

«Selvportrett» av Aksel Waldemar Johannessen

Aksel Waldemar Johannessen (1880 – 1922) med portrett av seg sjølve. Waldemar Johannessen har blitt forbunden med ekspresjonismen, ei kunstretning på 1900-talet som uttrykte kunstnaren sine indre kjensler.

Foto: Paranord film

I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at ingen i Nasjonalmuseet ønska å uttale seg i dokumentaren. Det riktige er at Nils Gaup kontakta det nye Nasjonalmuseet for eit intervju til dokumentaren. Nasjonalmuseet var villig til å stille, men vurderer ikkje kunstnarskap på oppfordring. Denne endringa blei gjort den 28. oktober 2021.

I 2009 var ein heil sal i Leopold museum i Wien fylt med Aksel Waldemar Johannessen sine bilde. Leopold museum i Wien blir rekna blant dei viktigaste for ekspresjonistisk kunst. Nils Gaup, som var på utstillinga, syns det var veldig rart at han aldri hadde høyrd om denne norske målaren.

Waldemar Johannessen sine verk har også pryda det ærverdige Dogepalasset i Venezia og ei rekke prestisjetunge museum i Europa. Og internasjonale kunstpersonlegdomar har hylla han.

I Noreg er det få som er kjent med namnet Waldemar Johannessen. Kunsten hans låg bortgøymt på ein låve i 70 år. Og då måleria blei oppdaga på 90-talet, avfeia Nasjonalgalleriet kunsten hans.

Nils Gaup

Nils Gaup har brukt fem år på å ferdigstille dokumentaren om Aksel Waldemar Johannessen.

Foto: Marie Louise Somby / Árvu

Dei ukjende måleria på museumsveggen i Wien gjorde inntrykk på Gaup, som tok kontakt med Haakon Mehren for å vite meir. Mehren kan historia om Waldemar Johannessen til botns.

– Då Haakon Mehren fortalde historia fekk eg bakoversveis. Eg tenkte at viss halvparten av dette stemmer så er det heilt utruleg og ei historie som må forteljast.

– Korleis har reaksjonane i kunstmiljøet vore på at du tek tak i dette stoffet?

– Då eg byrja å kontakte folk og nemnde at eg hadde lyst å lage ein dokumentarfilm blei eg åtvara av venlege menneske. Dei sa ting som: «du må ikkje blande deg i det der» og «du stikker handa i eit vepsebol.» Det gjorde meg ekstra nyfiken, seier Gaup.

Oppdaga etter sin død

Aksel Waldemar Johannessen hadde kunstutdanning, men berre dei aller næraste visste at han faktisk dreiv med bildekunst. Bilda blei heller aldri utstilt i hans levetid.

Etter at han døydde, berre 42 år gammal, makta hans dødssjuke kone, Anna Johannessen å få i stand ei utstilling med mannen sin kunst på Blomqvist, til strålande kritikkar.

Samtidskunstnar Edvard Munch og kunstkritikar Jappe Nilssen hylla kunsten hans. Men rett etter utstillinga døydde kona Anna og ingen tok vare på måleria. Dei blei stua vekk og gløymd i 70 år, heilt til Haakon Mehren oppdaga dei på nytt.

«Portrett av Anna» av Aksel Waldemar Johannessen

«Portrett av Anna» av Aksel Waldemar Johannessen

Foto: Paranord Film
«Mann ved stranden» av Aksel Waldemar Johannessen

«Mann ved stranden» av Aksel Waldemar Johannessen

Foto: Paranord Film
«Ungen» av Aksel Waldemar Johannessen

«Ungen» av Aksel Waldemar Johannessen

Foto: Paranord Film

– Nokon verkeleg hatar bilda

Haakon Mehren snubla over kunsten til Aksel Waldemar Johannessen ved ein rein slump i 1990. Han blei teken med til ein låve i Bærum der 25 av Waldemar Johannessen sine verk sto henslengt. Sidan har han funne til saman 80 etterlatne måleri. Mehren blei heilt slått ut av kunstverka til Waldemar Johannessen.

Mehren vaks opp med originale Munch-måleri på veggane i barndomsheimen og med kunstsamlaren Rolf Stenersen som ein farsskikkelse.

Sidan han var 17 år har Mehren via livet til kunsten, og dei siste 30 åra til Aksel Waldemar Johannessen, som han meiner er Noregs største kunstnar.

– Då Haakon Mehren såg bilda av Aksel Waldemar såg han noko andre ikkje såg. Bilda er ubehagelege å sjå på, men kunst blir laga for å skape kjensler. Nokon verkeleg hatar bilda av Aksel Waldemar Johannessen, meiner Gaup.

Haakon Mehren

Haakon Mehren har møtt mange stengde dører i løpet av dei 30 åra han har jobba med kunsten til Aksel Waldemar Johannessen.

Foto: Paranord Film

Ville hindre kunsten å bli stilt ut i Europa

Gaup gjekk i gang med å undersøke historia til den norske kunstnaren og han oppdaga noko som gjorde han særs nyfiken. Det norske Nasjonalgalleriet skulle ha nekta eit av dei offisielle musea i Berlin å stille ut Aksel Waldemar Johannessen sin kunst.

Viss dei gjorde det ville dei ikkje få låne kunst av verken Munch eller andre norske kunstnarar frå Nasjonalgalleriet si samling. Gaup lurte på om det verkeleg kunne stemme.

Jahn Otto Johansen var NRK-korrespondent i Berlin midt på 1990-talet, då det var snakk om å stille ut Aksel Waldemar i byen. Han overtalde Gaup om at dette stemte.

Dermed var Gaup overtydd om at han ville lage dokumentarfilmen, som nå har fått namnet «Bilder Fra Et Nordisk Drama». Han ville finne ut kvifor det var så viktig for Nasjonalgalleriet å hindre Aksel Waldemar Johannessen sin kunst i å bli stilt ut i Europa.

Gaup kontakta Nasjonalgalleriet, som nå er ein del av Nasjonalmuseet, for intervju til dokumentaren. Nasjonalmuseet var villig til å stille, men vurderer ikkje kunstnarskap på oppfordring.

Etter utstillinga i 1922 kjøpte elles Nasjonalmuseet eit sjølvportrett av Aksel Waldemar Johannessen, som nå er ein del av samlinga.

Knut Berg var direktør ved Nasjonalgalleriet i 22 år fram til midten av 1990-talet. Han var særs negativ til Waldemar Johannessen sin kunst og ville ikkje at den skulle bli stilt ut i Europa.

– Dersom ein som museumsdirektør takkar nei til kunst og kunsten etterpå hamnar på eit av dei største musea i Italia, då har ein eit problem. Då bør ein kanskje revurdere og ikkje vere så bastant, seier Gaup.

Jahn Otto Johansen i «Bilder fra et nordisk drama»

Tidlegare NRK-korrespondent i Berlin, Jahn Otto Johansen stilte til intervju i dokumentaren om Aksel Waldemar Johannessen før sin død i 2018.

Foto: Paranord film

Den evige krangelen om kunst

Haakon Mehren tilbydde halvparten av Axel Waldemar-samlinga til Nasjonalmuseet. Han tok det for gitt at dei ville takke ja. Men det gjorde dei ikkje. Lenge håpte han at Oslo kommune ville innlemme ein del av måleria i Stenersen-samlinga, som blir forvalta av Munch-museet.

I 2019 gjekk Mehren på nok eit nederlag då Oslo kommune takka nei. Nå veit han ikkje kva framtida vil bringe for kunsten til Aksel Waldemar Johannessen.

Krangelen om kva som er god og dårleg kunst dukkar stadig opp. Seinast med Odd Nerdrum som blei refusert av Høstutstillingen. Men Nils Gaup meiner vanlege folk ikkje får ta del i den diskusjonen.

– Med denne filmen håper eg å kunne gje folk moglegheita til å ta del i diskusjonen om kva som er god og dårleg kunst, seier Gaup.

Sjå heile dokumentaren her:

I 1990 oppdager kunstsamler Haakon Mehren noen malerier på en låve. Oppdagelsen fører ham inn i en kamp med kunsteliten i Norge, som etter nærmere 30 år fortsatt pågår.

I 1990 oppdager kunstsamler Haakon Mehren noen malerier på en låve. Oppdagelsen fører ham inn i en kamp med kunsteliten i Norge, som etter nærmere 30 år fortsatt pågår.

«Mann på stupebrett» av Aksel Waldemar Johannessen

«Mann på stupebrett» av Aksel Waldemar Johannessen frå 1912.

Foto: Paranord Film

Les meir om kunst:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.