Nikolai Torgersen
Foto: Javier Auris / NRK

Kvifor står folk fem timar i kø for Nikolai Torgersen?

Han målar heile tida. Likevel klarer han ikkje å mette marknaden.

OSLO (NRK): Det var fredag, det regna, men utanfor eit kunstgalleri i Oslo snirkla ei kø seg framover. Det var ikkje kjente kunstsamlarar, men stort sett unge folk som stilte seg opp, og det var fem timar til opning.

På innsida av galleriet Guttestreker hang verk av ein ung kunstnar som blir samanlikna med Bjarne Melgaard og Edvard Munch.

På det lengste var køen over 100 meter lang.

Kven var det dei stod i kø for, eigentleg?

Kø utanfor utstillinga til Nikolai Torgersen, fredag 1. oktober 2021

DEN KJENTE KØEN: Utanfor galleriet Guttestreker i Oslo. Nokre folk hadde med seg stolar og var førebudd på å sitje der lenge. Alt for å sikre seg eit verk av Nikolai Torgersen. 

Foto: Trude Rørtveit / NRK

Nesten for seint å skaffe seg eit kupp

I studioet til kunstnar Nikolai Torgersen (31) er veggane tomme. Han er utseld. Kvar gong Torgersen har stilt ut i år, seks gongar, har alt blitt rive vekk.

På den siste utstillinga fann 200 verk nye eigarar for totalt 1,1 millionar kroner.

Ein ganske uvanleg situasjon for ein ung kunstnar å vere i, seier kunstkjennarar.

No jobbar han med eit nytt måleri på tredje dagen. Lerretet framfor han er fylt av eit skoglandskap med solnedgang og skyer over. Det går fort framover, for han har planlagt kva han skal måle i førevegen.

– Eg har dei tre neste stega i hovudet, må berre få tid til å utføre det, seier han.

Vi har så vidt rukke å ta av oss jakka og leite fram notatblokk og kamera før Torgersen dukkar inn i dei store spørsmåla. Han vil gjerne ta eit oppgjer med korleis vi ser verkelegheita.

– For meg fangar eit måleri verkelegheita betre enn eit fotografi. Kunsten kan fange opp ikkje berre det du ser, men også kjenslene du får når du ser ein solnedgang.

Det betyr at han teiknar realistiske element, men tilfører kaos. Dyr som ser heilt ekte ut, blir blanda med naive strekar og forstyrrande element.

Blå gepard

BLÅ GEPARD: Nyleg blei Torgersen signert av Noregs største galleri, Fineart. Han skal halde stor separatutstilling der våren 2022.

Illustrasjon: Nikolai Torgersen

– Eg ser ikkje verda slik, men det er slik eg opplever verkelegheita, forklarar han.

Nokre av verka hans blir allereie selt vidare for tre gongar så mykje som utsalsprisen. Ein kan få kjensla av å kome akkurat litt for seint til eit stjerneskot, samtidig er ikkje suksessen eksplosiv. Han har stått på vent i nesten ti år.

«Fra hjemløs narkoman til millionkunstner», er overskrifta i pressemeldinga om hans siste utstilling.

Nikolai Torgersen

INTERVJUET: – Eg høyrde ein fyr som sa: Det kjedelegaste som finst, er kunstnarar som målar sjølvportrett. Eg meiner det heilt oppriktig er motsett: Alt ein kunstnar lagar, er sjølvportrett. 

Foto: Javier Auris / NRK

Mørk undertone

Nikolai Torgersen er frå Oslo. Han fekk sine første jobbar innanfor kreative yrker som 15-åring. Først som fotograf, deretter grafisk design, så over til biletkunst.

Han fortel at han vaks opp med få midlar, lite eksponert for kunst og kultur. Hadde ikkje råd til kino eller teater. Heime hos mormora heng eit bilete han laga som niåring. Nikolai hevdar det er fint, men ikkje teknisk bra, at han ikkje var noko Mozart-geni som barn.

Likevel løftar kunstkjennarar fram hans tekniske ferdigheiter som spesielt gode. Subjekts kunstredaktør Una Mathiesen Gjerde meiner streken hans, at han klarer å etterlikne ting så perfekt, er noko av svaret på kvifor han når ut til folk.

– For mange så er kunst også ein teknisk ferdigheit. Dei som ikkje er på innsida av samtidskunstfeltet, set pris på at han er ein god teiknar, at bileta er estetisk fine.

Tiger av Nikolai Torgersen

GLAD I DYRA: – Dei kan føle på ting dei også, dei kan kjenne på stress over svolt, for eksempel, men det er ikkje den der sjølvbevisste «kor stygge fjørene mine er i dag, lurer på om den hesten der tenkjer at eg har litt stygge øyre».

Illustrasjon: Nikolai Torgersen

Mange, mange timar med øving er det som har gjort han teknisk god. Så langt har folk fått bli mest kjent med streken hans, men han jobbar også i fleire format, som skulptur og tekst. Den formelle kunstutdanninga hans består av to år ved Einar Granum Kunstfagskole.

Samtidig som handverket imponerer sjåaren, gir dei triste tekstene som akkompagnerer bileta eit hint om kva som eigentleg ligg bak. Størsteparten av livet har han vore deprimert og fylt av angst. Den siste utstillinga hadde tittelen «It tells us that sorrow is written into the contract of life».

– Mange seier at det er så hyggelege bilete, med dyr og fine fargar, og så er det eigentleg motsett, forklarar Nikolai.

Det store gjennombrotet han opplever no, kunne kome lenge før. I 2012 blei han tatt ut til Høstutstillingen som yngste kunstnar sidan 1970-talet. Samtidig fekk han reise til Los Angeles for å lage albumcover og musikkvideo for Bigbang.

Så blei det stille.

På sporet av den tapte tid

Medan vi er på besøk, tikkar det inn eit nytt jobbtilbod, samtidig som Torgersen sjekkar tilbakemeldingar på coveret han nyleg teikna for Sondre Lerche.

In the dead of the night singelcover

SAMARBEID: Sondre Lerches nyaste låt, «Dead Of The Night», har Nikolai Torgersens kunst på coveret.

Illustrasjon: Nikolai Torgersen

Vi går ein tur ut i bakgarden. Han tenner ein røyk, det einaste rusmiddelet han tillèt seg, og reknar høgt:

– No har eg ikkje røykt på ei veke, så eg kan røyke tre i dag.

I vindauget over oss blafrar eit Nei til EU-skilt, tvers over vegen ligg Landbrukets Hus.

– Dei siste ti åra… Eg veit ikkje kor mykje du veit, seier han.

Nikolai Torgersen utandørs

EKSTREMT: Ein ven av han kallar det eit Hubba Bubba-liv. Det er ingen mellomting mellom dei høge toppane og dei skikkelege nedturane.

Foto: Javier Auris / NRK

Det er eit skilje mellom den han var før, og den han er i dag.

Akkurat idet kunstkarrieren byrja å ta av, mista han mor si. Han byrja å drikke kvar dag. I over fem år var han narkoman og heimlaus.

– Eg har ikkje gjort noko anna enn å sitte på puben og prøve å drikke meg i hel, fortel han.

– Kvar var kunsten for deg i åra du var rusavhengig?

– Eg ville gjerne, men lagde ekstremt lite og ekstremt dårleg. Eg visste at eg kunne gjere veldig bra ting, men all tid og pengar gjekk til å ruse seg mest mogleg, frå det minuttet eg stod opp kvar dag, til eg byrja å drikke.

Han fortel om septemberdagen i 2020 då han blei lagt inn til avrusing.

–Det stod tre psykiatrar rundt meg og sa: Vi kan ikkje tvangsinnleggje deg, men vi kjem til å stå her til du seier ja til å bli lagt inn. Eg hadde jo 100 prosent vore død i dag viss ikkje dei hadde gjort det.

Fungerte kunsten som terapi for han? På eitt vis, så distraherte det han. Men:

– Eg meiner framleis at eg er ganske sjuk.

1961-2011

«1961 - 2011». Tekst til verket: «My mom once told me that she would panic if she couldnt see the ocean. We lived in the inner city and she used to scream a lot».

The sun sets and acts out its role as a metaphore for death

«THE SUN SETS AND ACTS OUT ITS ROLE AS A METAPHOR FOR DEATH»: Eit av måleria som folk stod i kø for.

Watered down Giol 2

«WATERED DOWN GIOL 2»: «My moodswings are sometimes partially affected by the weather conditions and clouds reminds me of being homeless and not having a place to sit down because its raining so I would just get drunk.»

Boy from nowhere

«BOY FROM NOWHERE»: Eit av måleria som blei seld nyleg.

Myten

Han stumpar røyken, vi går inn.

«Fra hjemløs narkoman til millionkunster» er altså overskrifta i pressemeldinga til siste utstilling, medan avslutninga er slik: «En kunstnerstjerne er født og vil forhåpentligvis skinne i mange år fremover, om ikke rusens mørke sluker ham igjen.»

Kva rolle spelar Nikolai Torgersens rennesteinshistorie i suksessen?

Una Mathiesen Gjerde, kunstredaktøren, meiner ein ikkje kan snakke om gjennombrotet utan å anerkjenne at det også finst ei god forteljing her.

– Sjølv om han har talent, så har han også ei livshistorie som vekker interesse. Det ser ein også med andre kjente kunstnarar, som Pushwagner og Melgaard.

Ho meiner den personlege historia i botn gjer hans kunstnarskap lettare å formidle ut til eit stort publikum, enn ein del andre kunstnarar som er på linje teknisk.

Kva tenkjer Nikolai Torgersen om at hans eiga historie er ein del av mytespinninga?

Han innrømmer at pressemeldinga er spekulativ, samtidig meiner han at «heimlaus narkoman» er ein grei merkelapp på den han var for eitt år sidan.

– At folk spelar på det, er heilt greitt. Det er ein så stor del av meg, og eg veit at det er veldig lett for folk å selje det inn, i alle fall til media, fordi alle elskar ei solskinshistorie eller ei stygge andungen-historie.

Må ein kunstnar lide for å lage stor kunst?

– Det kjem mykje godt ut av folk som lid. Samtidig så treng det ikkje å vere slik, ein kan godt kome frå ein velståande heim og ha null problem, men framleis lage kunst av verdi. Det er berre tilfeldig at det blei slik med meg.

Nikolai Torgersen

MOT: – Eg er redd for absolutt alt i livet, å ta trikken, men er ikkje så redd for å vise fram kunsten. Kanskje er det ei form for sjølvmedvit, at eg veit kva eg kan og ikkje kan.

Foto: Javier Auris / NRK

– Har ikkje tid til å stoppe

Forfriskande nok slår kunstnarmyten nokre få sprekker då vi finn ut at han er fanatisk opptatt av fotball, spesielt Manchester United.

Fotballinteressa har også fått utspring i kunsten; i 2013 blei han omtala i den britiske tabloidavisa Daily Mirror på grunn av teikningar han la ut på Instagram av kjente fotballspelarar.

– Det er ikkje mange Manchester United-kampar eg har missa dei siste 15 åra. Og så ser eg dessverre alt anna av Premier League også, det er heilt jævlig. Eg står og målar med plast over datamaskina her medan eg ser kampane.

Han er ein av to i Kunst-Noreg, som han veit om, i alle fall, som set opp sitt eige lag i Fantasy. Den andre er trykkjaren hans, som også jobbar for Bjarne Melgaard. Saman har dei ligaen Hele Kunst-Fotball-Norge.

No er han 13 månader rusfri, og kunsten har tatt rommet i livet som rusen tidlegare hadde. Sjølv om han kan ta seg i å sakne det gamle livet, den han var, har han det betre no som han brukar all si tid på å jobbe.

– Det er første gong i livet der eg ikkje har meir lyst til å døy enn å leve. Det er jo ei veldig morosam kjensle. Spanande å føle på, gå rundt og glede meg, kva skal eg gjere i dag?

Han drøymer om å starte ein klinikk der rusmisbrukarar kan kome og måle, for å teste om fleire kan oppleve ein positiv effekt av å lage ting.

Det som driv han til å jobbe 12 timar om dagen, er tanken på alle timane han mista på puben. Han veit at han er god, no er tida for å bevise det.

– No som eg endeleg har klart å vere edru meir enn ein dag om gongen, så går det ikkje an å stoppe, eg har ikkje tid til å stoppe, seier Nikolai Torgersen.

Frå månad til månad kjenner han på ei veldig utvikling. Når han får skryt for måleria han presenterer, som han i realiteten tenkte ut for eitt år sidan, ler han litt inni seg og tenkjer:

– Vent til du ser det neste, liksom.

Nikolai Torgersen i studioet sitt

INSPIRERT: Motivet kom frå ein tilfeldig person som følgjer han på Instagram. – Han sende meg eit foto av landskapet ved ei hytte han var på, og sa at måleria mine hadde fått han til å sjå naturen på ein ny måte.

Foto: Javier Auris / NRK

Hei!

Hei! Om du har tilbakemeldingar eller tips til nye saker, så ta gjerne kontakt. Eg skriv utelukkande om KULTUR, men det kan bety så mangt; for eksempel eit brennande ynskje om å hogge ut fire nynorske fjes i eit fjell, Amerikas «kongefamilie» The Kardashians, einhjørningens historie eller måleriet som blei delt i to

Her er meir kunststoff du kan fordjupe deg i: