Hopp til innhold

Ni filmar og TV-seriar der sjakk spelar ei sentral rolle

Filmverda nyttar stadig det urgamle krigsspelet for vise at nokon er eit geni, sofistikert, smart eller har evna til å tenkje langsiktig og strategisk.

det sjunde inseglet

LIVSFARLEG SJAKK: I filmen «Det syvende segl» må hovudpersonen spele sjakk mot ingen ringare enn døden.

Foto: AB Svensk Filmindustri

1: Independence Day (1996)

Laster Giphy-innhold

Satellitteknikkaren som får den store oppgåva i å redde verda frå utanomjordiske vesen er sjølvsagt også ein reser i sjakk. Dette får vi sjå tidleg i filmen då han slår faren sin i eit parti ved Hudson-elva i New York. Seinare i filmen refererer han fleire gongar til sjakkspelet.

«It's like in chess: First, you strategically position your pieces and when the timing is right you … strike.»

Det store spørsmålet er om gode sjakkunnskapar er nok til å redde menneska frå å bli utrydda av utanomjordiske skapningar? Sjølvsagt er det det.

2: Harry Potter og de vises stein (2001)

Laster Giphy-innhold

Sjakk spelar ei sentral rolle då Harry, Ron og Hermine må spele «Trollmannsjakk» for å få halde fram jakta på dei vise sin stein. I denne scena blir krigsreferansane i spelet svært tydelege, då dei tre vennane bokstavleg talt må kjempe mot dei kvite brikkene.

Mot slutten av spelet må Ron ofre seg sjølv og springaren han sit på, for at Harry skal klare å setje motstandaren sin konge i sjakk matt.

Denne scena vart det store vendepunktet for karakteren Ron, som heile livet hadde slite med dårleg sjølvtillit. No fekk han endeleg vise ei modig og svært heroisk side av seg sjølv – på sjakkbrettet.

3: X-men (2000)

Laster Giphy-innhold

Sjakkbrettet dukkar opp fleire gongar gjennom dei ulike filmane om mutantane som kjempar for å overleve på jorda.

I den første filmen kan vi lære mykje om sjakkspelarane sine haldningar, ut ifrå kva strategi dei brukar på sjakkbrettet.

Magneto ofrar alle bøndene (menneska) sine med ein gong, og satsar på å vinne spelet med offiserane sine (mutantar). Professor X vel motsett strategi. Han ofrar offiserane og endar til slutt opp med å setje motstandaren i sjakk matt med å bruke bøndene.

4: Det syvende segl (1957)

Laster Giphy-innhold

Denne Bergman-klassikaren er ikkje å kome utanom når ein snakkar om sjakk i film. Filmen handlar om ein riddar som kjem heim frå korstog, og finn heimlandet ramma av pest.

Riddaren møter døden, men i staden for å godta nederlaget utfordrar han døden i sjakk. Det går døden med på, og riddaren får lov til å leve så lenge han klarer å stå døden imot på sjakkbrettet.

5: 2001: En romodyssé (1968)

Laster Giphy-innhold

I denne sci-fi-klassikaren møter vi datamaskina HAL som er så smart at ho klarer å slå menneske i sjakk. Filmen kom ut nesten 30 år før datamaskina Deep Blue slo dåverande verdsmeister Garri Kasparov i 1997, og det var difor framleis ein fjern tanke at datamaskina kunne bli smartare enn menneska.

Det at HAL faktisk var betre enn menneska i sjakk viste at ho var svært smart og mektig.

6: The Wire S01E03 (2002)

The Wire
Foto: HBO Nordic

I TV-serien «The Wire» er ei sjakkscene med på å leggje grunnlaget for heile serien. Dei ulike sjakkbrikkene symboliserer ulike roller i serien, og gjennom spelet blir dei ulike rollene og korleis dei stiller seg til kvarandre forklart .

Kongen er narkobaronen som får dei andre brikkene til å gjere ting for han. Dei tre gutane rundt brettet skjønar at dei er bønder, fotsoldatar som lett kan bli ofra, med mindre dei er nokon «smartass» bønder.

7: Le Bureau des Légendes S02E10 (2016)

Le bureau
Foto: Canal+

Den franske TV-serien «Le bureau» har blitt ein folkekjær serie i Noreg. Mange hugsar nok difor siste episode av sesong 2, der den franske etterretningsagenten Paul Lefebvre spelar sjakk mot IS-krigaren «Deep Blue» (kalla opp etter datamaskina som slo Kasparov).

IS-krigaren er ein svært dyktig sjakkspelar og utfordrar agenten til eit nervepirrande sjakkparti. Igjen blir krigsreferansane frå spelet verkelege utanfor sjakkbrettet. Kan agenten klare å overleve partiet?

(Då Le Bureau framleis er ein såpass ny serie kan eg dessverre ikkje spoile kven som vinn sjakkpartiet.)

8: Casablanca (1942)

Laster Giphy-innhold

I Casablanca kan vi sjå Humphrey Bogarts rollefigur røykje og drikke cocktails medan han analyserer posisjonar på sjakkbrettet.

Bogart, som sjølv var ein ivrig sjakkspelar, skal ofte ha bedt om å få ha sjakkbrettet framfor seg, då han meinte spelet fekk rollefigurens hans til å stå fram som smartare og meir sofistikert.

9: Sherlock Holmes: A Game of Shadows (2011)

Sherlock Holmes: A Game of Shadows
Foto: SF Norge

Lynsjakkpartiet mellom Sherlock Holmes og professor Moriarty inneheld mykje dramatikk, og leier opp til sjølve klimakset i filmen. Her symboliserer det som skjer på brettet andre ting som skjer samtidig i filmen.

Her kjempar ikkje Holmes berre for si eiga ære, men også for å hindre at ein ny verdskrig brakar laus. Sjeldan har brikkene på brettet blitt brukt tydlegare for å symbolisere kampen mellom det gode og det vonde.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.