Hopp til innhold

Neil Young gir Spotify ultimatum

Neil Young ber om at musikken hans blir fjerna frå Spotify, i protest mot at podkasten til Joe Rogan har spreidd vaksineskepsis. Young ber strøymetenesta velje mellom han og Rogan.

Neil Young

Neil Young ønsker ikkje at musikken hans skal vere tilgjengeleg på same plattform som podkasten til Joe Rogan.

Foto: Amy Harris / AP

I eit ope brev til manageren og plateselskapet sitt skreiv Neil Young at han kravde at musikken hans skulle bli fjerna frå Spotify. Grunnen var at programleiaren Joe Rogan skal ha spreidd vaksineskepsis og kome med feilinformasjon om vaksinar i podkasten som blir laga eksklusivt for Spotify.

– Dei kan ha Rogan eller Young. Ikkje begge, skreiv Young i brevet, ifølge The Guardian.

Det opne brevet blei først lagt ut på heimesida til Young, før det seinare blei fjerna igjen.

Tidlegare i januar fekk også Spotify eit ope brev, underteikna av 270 personar som blant anna jobbar i helsevesenet og akademia i USA. Dei reagerte på ein av episodane i podkasten, skriv Rolling Stone.

Dei meinte episoden, der legen Robert Malone var gjest, formidla konspirasjonsteoriar, og var til fare for folkehelsa. Dei bad Spotify innføre klare og offentlege retningslinjer for å hindre feilinformasjon på strøymetenesta.

Etter at brevet blei publisert har lista over underskrifter blitt lengre. No har over 1000 personar skrive under, melder NPR.

Satsing frå Spotify

Joe Rogan er ein amerikansk programleiar, komikar og MMA-kommentator som har hatt stor suksess med podkasten «The Joe Rogan Experience». Han har på få år blitt ein av dei største podkastane i verda.

Joe Rogan

«The Joe Rogan Experience» med Joe Rogan er ein av dei største podkastane på Spotify.

Foto: Rob Kim / Afp

I 2020 la Spotify, ifølge The Wall Street Journal, over 100 millionar dollar på bordet for å kunne tilby podkasten eksklusivt som ein del av podkast-satsinga til strøymetenesta.

Men no vil altså Young ikkje vere på same strøymeteneste som Rogan, og har bede om at han blir fjerna straks.

– Eg gjer dette fordi Spotify spreiar falsk informasjon om vaksinar, som potensielt kan føre til at dei som trur på feilinformasjonen og spreiar han, mister livet. Eg ber om at dette blir gjennomført i dag, og hald meg oppdatert på utviklinga, skreiv Young i brevet.

Tvilar på at Rogan blir kasta ut

Medievitar Arnt Maasø har blant anna forska på strøymetenester. Han synest det er interessant og viktig at Young bruker posisjonen sin på denne måten, og trur utspelet på mange måtar er personleg.

– Han har vakse opp med polio, i ei tid då det ikkje var vaksinar. For han er dette ikkje berre knytt til pandemien, men til eit langt liv der han veit kva vaksine kan bety.

Arnt Maasø

Førsteamanuensis Arnt Maasø ved Institutt for medievitskap ved Universitetet i Oslo tvilar på at Spotify vil kaste ut Rogan.

Foto: UiO

Men sjølv om Spotify no får eit ultimatum, trur ikkje Maasø at dei kjem til å bøye av.

– Eg trur dei er såpass opptekne av å tene pengar og legge podkastmarknaden under seg, at det skal litt til før dei kastar ut podkaststjerna dei har brukt mest pengar på, og som tener meir enn dei aller fleste musikarane dei har på plattforma.

Han blir difor ikkje overraska om Young gjer alvor av ultimatumet sitt, og trekker heile katalogen frå Spotify.

– Neil Young har mange andre måtar å nå ut med musikken sin på. For han er dette truleg viktigare enn dei pengane han måtte tene eller gå glipp av frå Spotify, seier Maasø.

Spotify har retningslinjer

Ein talsperson i Spotify skriv i ein e-post til NRK at dei ønsker at all musikk og lydinnhald skal vere tilgjengeleg hos dei. Og dei seier dei er lei seg for at Young vil trekke musikken sin frå strøymetenesta, men at dei håper at han snart vil kome tilbake.

Han skriv at dei prøver å balansere sikkerheita til lyttarane og den kreative fridomen til dei som leverer innhald.

– Vi har detaljerte retningslinjer for innhaldet, og vi har fjerna over 20.000 podkastepisodar om covid-19 sidan starten av pandemien.

Oppdatering 27. januar: Det blei lagt inn opplysningar om at fleire har skrive under det opne brevet. I tillegg blei tilsvaret til Spotify lagt inn.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.