Hopp til innhold

Gamle hits blir milliardbutikk

Fleire artistar sel opphavsretten til gamle hits for millionsummar. Det viser kor mykje verdifull songkatalogen har blitt på grunn av internett, meiner musikkvitar.

Neil Young på konsert, 25.mai 2019.

Neil Young selde nyleg halvparten av songane sine til investeringsselskapet Hipgnosis for rundt 150 millionar dollar.

Foto: Amy Harris / AP

I desember kjøpte Universal Music opphavsretten til dei 600 songane Bob Dylan har skrive gjennom 60 år. Dei skal ha betalt 300 millionar dollar, eller rundt 2,6 milliardar kroner, for å overta råderetten over songkatalogen.

Den siste tida har fleire låtskrivarar følgd Dylans eksempel, og seld rettigheitene for ein god slump pengar.

Både Shakira, Mark Ronson, Neil Young og medlemmar av Fleetwood Mac har seld heile eller delar av songkatalogen den siste tida.

Sistemann ut er Mick Fleetwood, som var med å danne Fleetwood Mac på 1960-talet, som har seld opphavsretten til 300 songar til BMG for ein ukjend sum, skriv The Guardian.

– Dette er eit fantastisk inspirerande ekteskap mellom to kreative partnarar som forstår alle aspekt av verksemda, sa Fleetwood om avtalen.

Bob Dylan

Bob Dylan selde retten til dei 600 songane han har gjeve ut til Universal Music i desember. Prislappen skal ha vore på rundt 2,6 milliardar kroner.

Foto: Chris Pizzello / AP

Verdifull katalog

Ein viktig grunn til at fleire artistar no sel retten til eige åndsverk, er at dei ønsker å sikre seg økonomisk. Samtidig gjer internett gamle låtar lettare tilgjengeleg for eit nytt publikum. Det gjer songkatalogane ekstra attraktive.

– Fleire av desse er eldre artistar som vil «cashe» inn pengar som dei kan ha som pensjon og overlate til etterkomarar. Samtidig viser dette at verdien av katalogane har blitt mykje større på grunn internett. Det gjer at hitlåtar kan bli hits igjen og igjen, seier Audun Molde ved Institutt for musikk og studio ved Høyskolen Kristiania.

Audun Molde

Førstelektor Audun Molde ved Institutt for musikk og studio.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Eit eksempel på dette er songen «Dreams» med Fleetwood Mac frå 1977 som i haust kom inn på hitlistene igjen, etter at han blei brukt i ein TikTok-video, skriv CNN.

Oppkjøpa av songkatalogar viser også at dei tradisjonelle musikkforlaga har fått konkurranse frå nye aktørar, som Hipgnosis, Primary Wave og Round Hill Music har som forretningsmodell å investere i musikkrettar.

– Dette er nye aktørar som tek rolla musikkforlag har hatt i over 100 år, og dei jobbar berre på nett, seier Molde.

Fleetwood Mac

Mick Fleetwood (t.h.) var med å danne Fleetwood Mac på 1960-talet. Han er den siste i av ei rekke låtskrivarar som har seld opphavsretten sin. Katalogen til Fleetwood Mac er no fordelt på tre ulike musikkforlag.

Foto: Charles Sykes / AP

Mister kontrollen

Ved å selje låtane sine på denne måten, mister også låtskrivarane kontrollen over korleis songane deira blir brukt. Artistar kan difor oppleve at songar blir brukt på måtar dei ikkje hadde tenkt seg, som i reklamar og dataspel.

– Dei sel både dei økonomiske rettigheitene og dei ideelle rettigheitene, det vil seie retten til å bestemme kva musikken blir brukt til. Eg ville ikkje ha råda yngre låtskrivarar å gjere dette, seier Molde.

Neil Young har aldri gjeve løyve til å bli brukt i reklamar. Då Hipgnosis kjøpte halve katalogen hans i førre veke for rundt 150 millionar dollar, lova dei å forvalte katalogen godt.

– Eg bygde Hipgnosis for å vere eit selskap Neil ønsker å vere ein del av. Vi har ein felles lidenskap og tru på musikk og desse viktige songane, sa Hipgnosis-grunnleggar Merck Mercuriadis, ifølge NBC News.

– Det kjem aldri ein «Burger of Gold», sa han, og viste til Youngs populære «Heart of Gold» frå plata «Harvest» som kom i 1972.

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.