Digitaliseringa av musikken har ført til eit stort mangfald. På Spotify blir det dagleg lasta opp over 60.000 nye låtar, ifølgje BBC.
Men med så stor valfridom, og med fleire million låtar på handa, er det enklast å leite opp det vi kjenner godt frå før. To av tre strøyma låtar globalt første halvår i år, var eldre musikk, skriv den britiske kringkastaren.
Førsteamanuensis Daniel Nordgård ved Universitet i Agder forskar på internasjonal musikkbransje og endringar i kjølvatnet av digitaliseringa av bransjen.
Foto: Håkon Eliassen / NRKBlant dei mest populære artistane og gruppene finn vi blant andre Abba, Queen Elton John og Fleetwood Mac.
– Dette er katalogar som er betalt ned tallause gongar. Dei har maksa inn både på vinyl og CD, og no gjer dei det igjen på strøymetenester, seier førsteamanuensis Daniel Nordgård ved Universitetet i Agder, der han underviser om musikkbransjen.
Han trur denne tendensen kan gjere det vanskeleg for nye artistar å etablere seg.
- Les også:
Viktige spelelister
Mange trudde strøymetenestene skulle bidra til å demokratisere musikkbransjen og gjere det mogeleg å slå igjennom utan eit stort plateselskap i ryggen.
Slik har det ikkje blitt.
– Strøymetenestane har ikkje utfordra systemet, men ser i staden ut til å repetere og forsterke marknadskreftene, seier Nordgård.
«Blinding Lights» med The Weeknd har vore på Billboard-lista i USA i 90 veker på rad. Det er rekord. Men då songen kom i 2019, var han ein flopp. Først då han blei brukt i ei bilreklame blei det fart på sakene.
Foto: Chris O'Meara / AP- Les også:
- Les også:
Dei kuraterte spelelistene til strøymetenestane har også fått stor makt, og kan bidra til å forsterke tendensen.
– Strøymetenestane fokuserer stadig meir på å utvikle spelelistene som produkt, i staden for å løfte fram artistane. Difor er det brukarmønsteret som avgjer kva som kjem med. Dersom mange nok høyrer på Bowie og McCartney, vil det prege spelelistene, seier Nordgård.
Bruker sosiale medium
Blant artistane som prøver å etablere seg er Hedda Grønhaug, som gir ut musikk under artistnamnet Hedda Mae. Ho synest det er krevjande å finne ein måte å skilje seg ut i mengda på.
– Sjølv om du kjem med på ei speleliste, er du ikkje garantert at dei som høyrer på blir faste lyttarar. Målet mitt er at folk skal komme på konsertane våre, og då er det viktig å skape kontakt med publikum.
For artisten Hedda Mae er konsertar viktig for å få presentert musikken sin for publikum.
Foto: Robin BøeHo bruker difor sosiale medium aktivt for å halde kontakten med publikum og få følgarar.
– For meg er det estetiske uttrykket viktig i totalpakken vi leverer. Difor har eg brukt ein del tid på YouTube. Der legg eg ut musikkvideoar, men også videoar for å gi folk innblikk «behind the scenes», seier ho.
Trur det kjem endringar
Kulturkomiteen i det britiske parlamentet har sett seg leie på den skeive fordelinga av inntektene frå strøymetenestane. Dei foreslår å endre strøymemodellen for å jamne ut forskjellane, skriv BBC.
Dei er blant anna bekymra for at strøymeøkonomien kan stå i vegen for nye artistar.
- Les også:
Strøymetenestene sjølve kjem også til å sjå behovet for å gjere endringar, trur Nordgård.
– Eg trur det vil tvinge seg fram endringar som gjer at måten vi finn musikk på strøymetenestane vil endre seg dei neste åra. Strøymetenestene må skreddarsy og tilpasse navigeringa og kurateringa betre. Dersom ein klarer å gjere denne utviklinga berekraftig for fleire enn dei største og eldste, vil det føre til ei positiv framtid for musikkbransjen, seier han.