Hopp til innhold

Komikarar tar straumrekninga: – Det blir ofte med prat

Rekordhøge straumprisar gjer at Komikar-Noreg mobiliserer lommebøkene.

Morten Ramm skriv på Instagram: Gjøglere gjør ofte mye unyttig arbeid for mye penger, så nå tenkte jeg, siden politikken ikke finner gode løsninger, at vi kunne bidra med, om ikke alt, men noe. Så er det noen der ute som trenger hjelp til strømregninga, så send dm med kjapp begrunnelse, så betaler jeg fem strømregninger for november eller desember.
Og ja, jeg sender snart stafettpinnen videre, og ingen gjøglere med god råd og romslig økonomi kan føle seg trygge.

IKKJE KALD, MEN: Komikar Morten Ramm har medkjensle for dei som lir av rekordhøge straumprisar.

Foto: Skjermdump frå Morten Ramm sin Instagram

– Brrrr. Her sit eg, berrbeint rett på einstavs parkett av eik og frys ikkje. Men det er mange andre som har problem med straumrekninga om dagen.

Slik startar Morten Ramm eit Instagram-innlegg, der han tilbyr å betale straumrekninga til fem personar som slit med å få endane til å møtast som følge av skyhøge straumprisar.

– Det er i alle fall noko. Hoffnarren tar rekninga, seier han vidare.

Ramm betaler straumrekninga til desse fem: "Da blir strømmen betalt for Lukas, May, Linnea, Oda og Thor".
Melding: Det sitter langt inne å si at jeg sliter med strømregninga. Er student og stipendet mitt dekker bare akkurat husleie og det mest nødvendige av mat. Har hatt en 25% stilling som nå er gått ned til å være 10%, fordi det igjen er færre kunder som konsekvens av restriksjoner.

Det er mange som skjemmer seg over å fortelje at dei har dårleg råd, seier Ramm.

Foto: Skjermdump frå Morten Ramm sin Instagram

Til NRK seier Ramm at komikarar og generelt andre som tener mykje, godt kan hjelpe dei som har det vanskeleg no.

– Det blir ofte med prat og mykje tankar, i staden for å gjere noko. Så kan det hende at folk synast det er litt lite å hjelpe fem, og at eg kunne gjort dette utan å seie noko, utan å måtte klappe meg på skuldra. Men slik blei det.

150 meldingar

Halvannan time etter innlegget var ute, hadde Ramm fått meldingar frå oppimot 150 personar som ønska hjelp til å betale straumrekninga.

– Det er nesten så eg angrar, for det er for mange. Ein får det veldig nært.

Morten Ramm

Morten Ramm synest dei med god økonomi kan bidra litt ekstra.

Foto: LUCKY VIEW

I går kom også skattelistene for 2020, med stort fokus på dei som håva inn aller mest.

Komikaren seier at verken han, politikarar eller andre med romsleg økonomi heilt kan forstå at ei ekstra dyr straumrekning kan setje folk sin økonomi på hovudet.

– Du skriv at sidan politikken ikkje finn gode løysingar, så kan du bidra litt. Er det eit lite stikk til politikarane der?

– Nei, noko stikk er det ikkje. Det er meir ein observasjon. Eg skjønar at dette er kjempevanskeleg, men no er det fleire kriser oppe på kvarandre her som gjer at vi er i ein spesiell periode, så då kan ein prøve å finne nokre løysingar, seier Ramm.

Stafettpinnen går

Ramm merkar at dei fem utvalde set pris på tiltaket.

– Dei blir nesten for glade, slik at eg ikkje skjønar korleis eg skal svare tilbake. Eg skriv «God jul, og send rekninga». Det blir eit slapt svar i forhold til det dei skriv.

Ramm bestemte seg for å sende stafettpinnen vidare. Ingen gjøglarar med god råd og romsleg økonomi burde føle seg trygge, var bodskapen.

Morten Ramm sendte stafettpinnen vidare til Herman Flesvig. På Instagram skriver Ramm: Stafettpinnen i "Hoffnarren tar regninga" gis videre til en som kjærer rundt i heftige motorsykler og lave racerbiler, og har 19,5 mill seere på NRK. Bare å sende ham DM".

Stafettpinnen i «hoffnarren tar rekninga» blir gitt vidare til ein som køyrer rundt i heftige motorsyklar og låge racerbilar, og har 19,5 millionar sjåarar på NRK. Berre å sende han DM, skriv Ramm om Flesvig.

Foto: Skjermdump frå Morten Ramm sin Instagram

Den heldige utvalde blei skodespelar og komikar Herman Flesvig.

– Eg tenkte ikkje på Herman med ein gong, men så sende han meg på tull melding om at det er fleire føre han i rekka, med lenke til sak om at 39 komikarar tente betre enn han, fortel Ramm.

Elles håpar gjøglaren at fleire ønsker å hjelpe.

– Kanskje ein kan hjelpe broren sin eller søstera si. Ein treng ikkje å gå på internett kvar gong, ein kan starte hos dei nærmaste, oppfordrar Ramm.

Tek utfordringa

Herman Flesvig takka ja til utfordringa. På Instagram ber han følgarane om å sende han ein direktemelding dersom dei veit om nokon som har det trongt i jula.

– Så vel eg ut fem stykke og betalar straumrekninga deira, seier han i ei videomelding på Instagram.

Herman Flesvig er klar for ny sesong av Førstegangstjenesten

Herman Flesvig tok utfordringa på strak arm.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Flesvig seier det er overveldande å få så mange meldingar frå folk som treng hjelp.

– Dette er eit fantastisk godt tiltak, Morten Ramm, seier han.

Flesvig sende stafettpinnen vidare til komikar og programleiar Else Kåss Furuseth.

– No er det veldig spennande kven som blir den første komikaren som tør å sende utfordringa vidare til Kurt Nilsen, seier Furuseth til NRK, som viser til at musikaren i går måtte avlyse alle julekonsertar for i år.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters