Hopp til innhold

Michael Douglas heidra med Gullpalmen

Den amerikanske skodespelaren Michael Douglas (78) vart heidra med ein æresgullpalme under opninga av filmfestivalen i Cannes.

Michael Douglas får æresgullpalme i Cannes

Michael Douglas blir gratulert av kona Catherine Zeta-Jones og dottera Carys.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters

– Dette har så stor betydning for meg, fordi det er hundrevis av festivalar verda rundt, men det finst berre eitt Cannes, sa Douglas.

I takketalen gjorde han eit poeng ut av at han er eldre enn festivalen, som med årets festival har blitt halden 76 gonger sidan starten i 1946, skriv NTB.

Chiara Mastroianni, Michael Douglas og Catherine Deneuve under åpningsseremoneien på filmfestivalen i Cannes. Douglas ble hedret med Gullpalmen.

Michael Douglas med gullpalmen i handa omgiven av Chiara Mastroianni og Catherine Deneuve.

Foto: AP

Douglas vart følgd på den raude løparen av kona Catherine Zeta-Jones og dottera Carys.

Uma Thurman introduserte Douglas på scena og skildra han som «unik, både som produsent og som ei ikonisk filmstjerne».

Den svenske regissøren Ruben Östlund leier årets jury som deler ut ei rekkje prestisjetunge prisar.

Juryen på Filmfestivalen i Cannes 2023 ledes av Ruben Östlund.

Årets jury blir leidd av svenske Ruben Östlund

Foto: Daniel Cole / AP

Legender

Festivalen vart opna med filmen «Jeanne du Barry» der Johnny Depp gjer comeback i ei av hovudrollene som kong Ludvig den femtande.

Johnny Depp i Cannes

Johnny Depp smilte breitt etter premieren på opningsfilmen «Jeanne du Barry».

Foto: Scott Garfitt/Invision / AP

Torsdag blir det premiere på «Indiana Jones and the Dial of Destiny», der 80 år gamle Harrison Ford for femte og siste gong spelar rolla som den eventyrlystne arkeologen.

Under festivalen blir også det premiere på Martin Scorseses nye film «Killers of the Flower Moon», 47 år etter at han presenterte meisterverket «Taxi Driver» på same festival i 1976.

Festivalen varar fram til 27. mai.

Helen Mirren i Cannes 16. mai 2023

Den britiske skodespelaren Helen Mirren på den raude løparen i Cannes

Foto: AP

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters