Etter nokre veker på skulen mista læraren tålmodet med hyperaktive Thomas. Sidan Thomas hadde eit litt større hovud enn gjennomsnittet, meinte læraren at det sikkert var noko gale med Thomas sin hjerne. Læraren kalla gutungen ”susete og rørete i hovudet”, med det resultat at Thomas kom grinande heim frå skulen. Etter dette tok mora, Nancy Edison, Thomas ut av skulen og gav han heimeundervisning. Mora var strengt religiøs, og ville gje sonen god lærdom frå Bibelen.
Ville bli skodespelar
Far til Thomas, som var meir verdsleg av seg, lærte guten om dei store klassikarane i engelsk litteratur og historie. Og Thomas blei svært interessert i Shakespeare sine skodespel, faktisk hadde han ein draum om å bli skodespelar. I tillegg til foreldra si undervisning, las Thomas praktisk talt alle bøkene på det lokale biblioteket. Han blei særlig oppteken av det dei store vitskapsmennene, som Isaac Newton, hadde skrive.
Gav ut eiga avis
Som tolvåring meinte Thomas at han var vaksen. Han overtalte foreldra til å la han selja aviser og snop på jernbanen, og han starta sitt eige utsal av grønsaker. Snart skreiv han si eiga avis. Den kalla han ”The Weekly Herald”, og sidan han hadde auga for nyheiter og gode historier, var det mange som kjøpte avisa hans.
Thomas opplevde den amerikanske borgarkrigen som avismann.
Korleis selja flest mulig aviser? Det var utfordringa hans. Sidan Edison jobba langs jernbanelina, ordna han ein smart avtale med alle stasjonsmeistrane langs lina. Edison telegraferte overskriftene frå siste slag i krigen til kvar stasjon, sånn at nyheita kunne bli hengt opp på ei tavle. Så kom Edison etter med avisene, der folk kunne lesa meir. Dette blei ein stor suksess.
Telegrafist
Etter tida som avismann jobba Thomas som telegrafist. Han fekk sparken heile tida. Grunnen til at han stadig fekk sparken, var at han hadde ein noko uvettig omgang med kjemikaliar som han brukte til ulike eksperiment, og fordi han sov på jobb.
Thomas fann opp ei innretting som gjorde det mulig for han å sova på jobben sin som nattevakt. Telegrafistane måtte nemlig senda ei melding ein gong i timen for å visa at dei var vakne. Thomas laga til eit hjul med knottar på, kopla til ei klokke sånn at ”vakensignalet” blei sendt mens han sov. Dette gjekk strålande, heilt til den sovande telegrafisten ikkje sendte eit stoppsignal til eit godstog. Frontkollisjonen blei unngått med eit nødskrik. Thomas fekk sparken på dagen.
Oppfinnaren
Det finst fleire bøker om Thomas Alva Edison som du kan låna på biblioteket for å bli meir kjent med oppfinnaren
Åra som telegrafist var ein skule i den typen problemløysing som gjorde det mulig for Thomas å bli profesjonell oppfinnar seinare i livet. Dei fyrste oppfinningane hans, var forbetringar av telegrafsystemet. Thomas var nesten døv, og dette var ei viktig drivkraft for Thomas då han jobba med vidareutvikling av telefonen, og då han fann opp fonografen – grammofonen sin forløpar. Gjennom heile livet hadde Thomas eit ope auga for kva prosjekt han kunne tena pengar på. Og på den måten blei han ikkje berre ein berømt oppfinnar, men også ein svært rik mann.
Lyspæra
Thomas Alva Edison fann opp, og tok patent på, over tusen ting. Men den oppfinninga Edison er mest kjent for er glødelampa, altså lyspæra. Den fann han opp i 1876. Glødelampa var ei stor oppfinning. Tidlegare hadde nemleg alle måtta bruke stearinlys eller gasslamper. Gasslampa var dyr i drift, og stearinlys gav ikkje så mykje lys. Thomas tenkte at han ville finna opp noko som var billigare og betre, og ikkje minst at hans oppfinning skulle kunne brukast risikofritt over alt.
Edison starta med å putta løkker av hestehår, strå, lim og liknande inn i ei lufttett glaskule. Deretter sette han på elektrisk straum gjennom tråden. Det han til slutt lukkast med, var ein bomullstråd som han fekk til å gløda i 40 timar utan at den brann opp.
Heltestatus
Thomas Alva Edison fekk heltestatus i levande live. Han var rett mann til rett tid. I tillegg var han utrulig oppfinnsam, arbeidsam, eigenrådig, PR-kåt og hadde eit godt utvikla forretningstalent. Då han døydde i 1931, blei lyset sløkt over heile USA, til minne om glødelampa og elektrisiteten sin oppfinnar og utbreiar. Ei lita stund sat amerikanarane i mørkret og gjenopplevde tida før lyspæra - før Edison.
Kjelder:
”Thomas Alva Edison - Mannen bak mytene” av Tore Oksholen, Høgskoleavisa i Trondheim
Her kan du sjå ein "stumfilm" om Edison (ISDN/modem)
eller Edison (breiband). Filmen er på 2 minutt, så det kan ta litt tid å lasta den ned.
Her kan du lesa ein Biografi om Thomas Alva Edison på engelsk.
Sendt på Newton søndag 23. november 2003.