Kristian Iversen (15) går i 9. klasse på Alstad ungdomsskule i Bodø. Han er veldig glad i matematikk og har lenge likt realfag best.
Det er også ei fagretning han har lyst til å gå når han skal starte på vidaregåande.
Men etter at dei nye læreplanane kom i matematikk i 2020 har det snudd opp ned på korleis dei jobbar med matematikk på ungdomsskulen, ifølge Iversen.
I den nye læreplanen står det at:
«Læraren skal setje karakter i matematikk basert på kompetansen eleven har vist, både skriftleg, munnleg og digitalt, ved å bruke matematiske uttrykksformer, bruke strategiar for problemløysing og reflektere over og argumentere for løysingar og modellar.»
– Det er fortvilande at eg har rett svar, men blir trekt på grunn av at eg ikkje har overtydd læraren godt nok kvifor det svaret er rett.
Sat på spissen, seier Iversen at dei på ein måte må argumentere kvifor to pluss to er fire.
– Ein må grunngje svaret ganske grundig, seier han.
Kor mykje ein klarer å skrive og argumentere heng saman med kva for karakter du får, ifølge han.
– Det ligg kanskje ikkje heilt naturleg for alle at ein skal skrive og resonnere seg fram til svaret. Det føre til at ein tenkjer: kvifor skal vi halde på med dette? Dette er matematikk og ikkje norsk.
– Er urettferdig
Han seier dette skaper misnøye og litt forvirring blant medelevane.
– Kvifor skal ein blande så mykje norsk inn i matematikk, som er eit veldig teoretisk fag? spør Iversen.
– Det kan opplevast som veldig urettferdig.
Iversen seier matematikk, etter at han byrja på ungdomsskulen, handlar om kor mykje ein skriv, kor mykje ein argumenterer og klare å overtyde læraren din om det svaret du har gitt er rett eller feil.
– Vi blir på ein måte ikkje vurdert på det matematiske, men det skriftlege.
Kathrine Øines Dishington Johnsen applauderer at elevane tar opp temaet.
Ho er sjølv utdanna lektor med masterfag i matematikk og jobbar i dag på Utskarpen ungdomsskole i Rana kommune.
– Eg skjønner godt elevar som synest det verkar masete eller pirkete med så mykje tekst i matematikk, seier Johnsen.
Kathrine Øines Dishington Johnsen har skjønner kvar elevane kjem frå. Ho meiner lærarane kan bli endå betre på å forklare kvifor det er viktig med refleksjon i mattefaget.
Foto: PrivatHo seier måten matematikk no undervisast på er ein ny måte å jobbe, og at det er lagt opp til at det skal vere tverrfagleg.
– Det handlar om å sjå korleis man skal bruke tal i dagleglivet og samfunnet. Men det er nytt, og eg har sett oppgåver eg sjølv har hatt vanskar for å skjønne.
Elevane må rope endå høgare
Regine Undrum går i 10. trinn på Bankgata ungdomsskule i Bodø og har hatt tentamenar der dei skal løyse slike oppgåver.
Tentamenen ho hadde for ikkje så lenge sidan var delt i to, der heile andre oppgåve nesten berre bestod av skriving.
Undrum er sjølv ei av dei som liker å reflektere seg fram til eit svar, men skjønner godt at dei som er betre i den teoretisk delen ikkje liker dei nye endringane.
Regine Undrum seier det er bra fag har meir fokus på korleis ein kan bruke det i kvardagen.
Foto: Privat– Det er ikkje alle som tenker seg til svaret på same måte som læraren ønsker. Og om du blir trekt for det, synest eg det er unødvendig.
Ho synest det er bra at fag no skal bli undervist på ein måte som er meir nyttig for dagleglivet.
– Veldig mange elevar har klaga på at matematikk ikkje er noko ein får bruk for seinare i livet. Men no skal det vere slik at ein får bruk for det i arbeidslivet.
Johnsen på Utskarpen ungdomsskole presiserer viktigheita lærarane har for å gjere tydeleg overfor elevane kvifor ei slik undervisning er viktig. Samtidig er læreplanen også ny for dei som underviser.
– Det er mange nye omgrep for både elevar og lærarar.
Lektoren seier det ikkje nødvendigvis var optimale verktøy på plass i skolen då den nye læreplanen kom for tre år sidan, og at det framleis er manglar å spore.
– Det må komme læreverk som er oppdatert og bra nok.
At elevane seier ifrå om vanskane synest Johansen er kjempeflott.
– Elevane må berre rope endå høgare og ikkje vere redde for å seie ifrå. Dei kan vere med på å forme dette.
Vil vekk frå puggematematikk
Petter Andreas Lona i Elevorganisasjonen forstår frustrasjonen til Iversen og Undrum.
– Når det kjem til læreplanen, så skal det vere mogleg for elevane å påverke og vurdere lærings- og vurderingssituasjonen. Det kan gi elevane moglegheita til å endre litt på måten vurderinga føregår på.
Han minner også om at læraren skal legge opp undervisninga slik at ho framhevar elevane sine kunnskapar på best mogleg måte.
Petter Andreas Lona er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen. Han er glad for at matematikk i større grad handlar om forståing.
Foto: Hannah Baarøy– Det finnast enkeltelevar som viser fram kunnskap på ein betre måte om dei brukar meir tradisjonelle formar for matematikk, medan andre elevar hallar meir imot forståing.
På same tid er han og organisasjonen glad for at vi går vekk frå «pugge»-matematikk og heller fokuserer på forståing.
Forstår at det kan kjennast annleis
– Vi har forståing for at faget kan kjennest annleis enn før og at dette er uvant i eit fag som matematikk, seier avdelingsdirektør i utdanningsdirektoratet Hedda Birgitte Huse.
Ho seier at den nye læreplanen frå 2020 legg meir vekt på fleire sider ved matematikk enn tidlegare, som til dømes refleksjon og argumentasjon.
Elevane skal framleis løyse problem og rekne oppgåver, men dei skal òg kunne argumentere for vala dei tek og reflektere over kva resultatet betyr.
– Dette legg til rette for forståing og kan bidra til at elevane kan nytte faget i ulike samanhengar. I dagens samfunn og med den teknologiske utviklinga, blir det stadig viktigare for elevane å kunne vurdere informasjon kritisk og gjere etiske vurderingar. Dette gjeld i alle fag, òg matematikk.
Vidare fortel ho at å argumentere i matematikk ikkje berre handlar om å grunngje sine eigne løysingar, men det handlar også om å forstå andre sine argument.
– Dette er nyttig i ein kvardag der statistikk og tal er sentrale i nyheitsbiletet og samfunnsdebatten. I ei tid med falske nyheiter og vridde framstillingar av fakta er det ekstra viktig å kunne gå framstillingane og argumenta i saumane.