Hopp til innhold

Nordmann skal styre det første flygande fartøyet på Mars

Helikopteret «Ingenuity» kan bli det første fartøyet som flyr på ein annan planet. Og det med ein trønder bak spakane.

SPENT: Håvard Fjær Grip frå Noreg har vore leiande i utviklinga av minihelikopteret til NASA som om sju månadar skal prøve å fly på Mars. Her viser han fram modellen av helikopteret som har han heime i stova. Han seier det kriblar i magen.

SPENT: Håvard Fjær Grip frå Noreg har vore leiande i utviklinga av minihelikopteret til NASA som om sju månadar skal prøve å fly på Mars. Her viser han fram modellen av helikopteret som har han heime i stova. Han seier det kriblar i magen.

Foto: Privat

– Det er ekstremt spennande. Det er draumejobben for nokon med min bakgrunn å få lov å fly eit helikopter på ein annan planet, seier Håvard Fjær Grip.

Torsdag den 30. juli sender NASA opp ein ny rakett mot Mars, om bord er både eit nytt landbasert køyretøy og eit minihelikopter som vert kalla «Ingenuity».

Minihelikopteret til NASA skal etter planen bli det første køyretøyet som nokon gong flyr på Mars.

«Ingenuity vert styrt med ein kombinasjon av kunstig intelligens og kommandoar frå Jorda. Bak spakane sit Håvard Fjær Grip frå Trondheim. Han har leia arbeidet med å utvikle algoritmane og kommandoane som styrer helikopteret.

Sjå video av helikopteret:

Helikopteret «Ingenuity» kan bli det første fartøyet som flyg på ein annan planet.

Norsk pilot

Håvard Fjær Grip er utdanna sivilingeniør med doktorgrad innan kybernetikk ved NTNU. Han jobbar til dagleg i dag ved NASA Jet Propulsion Laboratory og California Institute of Technology i Pasadena like utanfor Los Angeles.

Teamet bak helikopteret har jobba med prosjektet i cirka sju år. Torsdag denne veka kan minihelikopteret bli skutt opp i verdsrommet om forholda for oppskytinga er gode nok. Reisa til Mars vil ta cirka sju månadar.

– Det kriblar godt i magen no. Eg tør nesten ikkje å tenkje på korleis det vert når vi faktisk skal prøve å fly helikopteret på Mars, seier Grip.

 Ingenuity

LETTVEKTAR: Helikopteret veg under to kilo og kan fly opp mot 90 sekund kvar dag.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Svært vanskelege flyforhold

«Ingenuity» si hovudoppgåve er å teste korleis det er å fly på planeten. Dette kan bli svært vanskeleg. Atmosfæren på Mars er 99 prosent tynnare enn vår. Mars har og lågare tyngdekraft enn Jorda.

Som om ikkje det var nok, så må helikopteret òg tole temperaturar ned mot minus 90 grader celsius.

Minihelikopteret kan berre fly opp til 90 sekund per dag. Med ein maksimaldistanse på 300 meter om dagen. Grunna dei vanskelege flyforholda må helikopteret vere svært lett, samtidig som rotorane må spinne svært raskt for at fartøyet skal lette. Det krev mykje straum og avgrensar kor lenge helikopteret kan vere i lufta om gangen. Når batteriet er tomt må helikopteret lande att og lade batteria ved hjelp av eit solcellepanel.

Målet er å få til fem flygingar.

– Kan vere revolusjonerande

Scientific American beskriv prosjektet som ein potensiell revolusjonerande teknologisk demonstrasjon:

«Som kan opne for revolusjonerande moglegheiter i utforskinga av verdsrommet».

På grunn av den store avstanden mellom Jorda og Mars styrer Grip og teamet hans helikopteret ved help av kunstig intelligens og kommandoar frå Jorda, som vert sende lenge før helikopteret tar av frå bakken.

– Det er såpass langt til Mars at radiosignala frå oss til helikopteret vil ta fleire minutt for å kome fram. Det betyr at vi ikkje kan sitte her i sanntid og styre helikopteret med joystick, forklarar Grip.

Håvard Fjær Grip, NASA, Nordmann, minihelikopter.

NORDMANN I NASA: Håvard Fjær Grip frå Noreg er utdanna ved NTNU. No jobbar han for NASA.

Foto: Privat

– Historisk

Prosjektleiar Mimi Aung på ekspedisjonen som eit viktig steg for utforskinga av andre planetar i framtida.

Det kan bli ein «game-changer» seier ho til romfartsbladet Air & Space:

– Vi har ingen køyretøy per no som utnyttar fordelane ved å utforske planeten frå lufta. «Ingenuity» vil gje oss moglegheita til å utforske stadar der vi ikkje kjem oss med astronautar eller roverar, seier Aung.

Grip sparar heller ikkje på krutet når han beskriv ekspedisjonen:

– Det er historisk om vi får det til, seier han.

Rover og helikopter fra NASA

Modellar av roveren «Perseverance» og helikopteret «Ingenuity» som skal bli sendt til Mars den 30. juli.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Rover på størrelse med ein stor bil

USA har sidan slutten av 1990-talet landa fire landbaserte køyretøy på overflata av Mars. Desse vert kalla roverar. Saman med helikopteret sender dei og no opp ein ny rover med namnet «Perserverance». Denne er langt større og meir avansert enn dei før den. Rundt same storleik som ein stor bil. Den skal etter planen samle stein- og jordprøver som amerikanarane håpar å hente tilbake til Jorda i 2031.

Kina og Emirata på veg til Mars

Både Kina og Emiratane har sendt fartøy mot Mars denne sommaren.

Den kinesiske raketten med romsonden Tianwen-1 vart skoten opp frå Wenchang-basen sør i Kina førre torsdag. Ifølgje kinesiske styresmakter var oppskytinga vellykka.

MH4kQ8dM3lo

OPPSKYTING: Den kinesiske raketten The Long March 5 Y-4 på veg til Mars med ein romsonde om bord førre torsdag.

Foto: CARLOS GARCIA RAWLINS

Tianwen-1-sonden blir venta å nå Mars i februar neste år. Etter å ha lagt bak seg 55 millionar kilometer gjennom verdsrommet.

Eit romfartøy frå Dei sameinte arabiske emiratane vart òg sendt til Mars den 20. juli. Fartøyet Amal (som betyr håp) skal bruke sju månader på ferda til den raude planeten. Amal skal etter planen gå i bane rundt planeten i minst to år og studere den øvre atmosfæren og klimaendringar på overflata.

Dette er den første romreisa frå eit arabisk land til ein annan planet.

Det arabiske rorfartøyet Amal som skal reise til Mars

Illustrasjon av det arabiske romfartøyet «Amal» som skal til Mars.

Foto: Alexander McNabb / AP / NTB Scanpix