Kjærasten vart sendt i gasskammeret

Lyrikaren Gunvor Hofmo blei hylla i si samtid, men levde eit liv prega av store psykiske lidingar og ein stor, tragisk kjærleikssorg.

 Gunvor Hofmo

Dette er det første forfattarbilete av Hofmo. «Det viser ei ung kvinne med eit ope, konsentrert blikk bak brillene, kanskje litt ukomfortabel med å bli tatt bilde av», skriv Kaja Schjerven Mollerin i essayet «Verden og buksene».

Foto: Nasjonalbiblioteket / Fotograf: ukjent

Gunvor Hofmo, blir av mange rekna som ein av etterkrigstidas tydelegaste norske poetar, samstundes levde ho eit liv prega av store tragediar. I år ville Hofmo fylt 100, noko Nasjonalbiblioteket i Oslo har valt å markere stort med utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» og fleire føredrag i haust.

Kaja Schjerven Mollerin, fagansvalig for utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» om Gunvor Hofmo på Nasjonalbiblioteket

Kaja Schjerven Mollerin, fagansvarleg for utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» om Gunvor Hofmo på Nasjonalbiblioteket

Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

– Hofmo har frå debuten hatt ein markant posisjon i det norske litterære liv, og ho er lesen av mange. Samstundes er det ein svært omfattande forfattarskap, og mange sider ved Hofmo si dikting er mindre kjent for den allmenne lesar, seier Kaja Schjerven Mollerin, fagansvarleg for utstillinga.

Fann gamle stilbøker i eit bankskap

At Gunvor Hofmo hadde eit uvanleg skrivetalent, viste ho alt som lita. Ho gav ut mange diktsamlingar i løpet av karrieren. Men til lyrikar og Hofmo-entusiast, Jan Erik Vold si store begeistring lèt ho etter seg mange hundre upubliserte dikt, skriven i ung alder.

Jan Erik Vold har skrive fleire bøker om Gunvor Hofmo. Under førebuingane av boka «Mørkets sangerske», fann Vold gamle stilbøker i bankskapet til Gyldendal. Desse hadde Hofmo skrive i 15-års alderen og utover.

– Då eg fekk sjå gjennom det som var att etter henne kom vi over gamle skulestilar. Og det er like bra som nokon norsk romanforfattar kunne skreve prosa, fortalde Jan Erik Vold i Studio 2 på Hofmo sin 100-årsdag, tidlegare i sommar.

Gunvor Hofmo

Gunvor har skrive dikt heilt sidan tenåra. Lyrikar Jan Erik Vold hyller skulestilane hennar, som ho skreiv så tidleg som i 15-16-årsalderen.

Foto: Nasjonalbiblioteket / Fotograf: ukjent

Etter krigen i 1946 debuterte Hofmo med diktsamlinga «Det er ingen hverdag mer». Ho hadde tidlegare imponert klassekameratar. Nå imponerte ho også si tids største forfattarar.

Ho blei med ein gong ønskja inn i den litterære fellesskapen og løfta fram av kjende forfattarar som Tarjei Vesaas og Inger Hagerup.

Dei fem diktsamlingane, som kjem i løpet av ein tiårsperiode etter krigen, haustar alle stor anerkjenning, ifølgje Schjerven Mollerin.

– Eg trur det var mange som fann trøyst i at Gunvor Hofmo sette ord på denne smerta, håpløysa og einsemda som mange følte på i åra etter andre verdskrig. Og eg trur mange også erfarte at det å skrive om eiga og andre si liding, ikkje berre er eit uttrykk for mismot, det er også å seie ja til ein større fellesskap.

Blei stille i 16 år

Samtidig som ho var i sin mest produktive periode bar ho på ei stor sorg som skulle prege ho i lang tid.

Den 26. november 1942 såg forfattar Gunvor Hofmo sin kjærast Ruth Maier bli tvungen om bord i fangeskipet Donau, som frakta norske jødar til nazistane sine gasskammer. At Ruth Maier hadde blitt gassa i hel berre få dagar etter framkomst i Auschwitz fekk ikkje Hofmo vite før etter at krigen var slutt. Då gjekk ho inn i ein djup sorg, fortel Jan Erik Vold.

Gunvor Hofmo og Ruth Maier

Gunvor Hofmo saman med sin næraste, Ruth Maier i Oslo 1942, same år som Ruth blei deportert av nazistane.

Foto: Erling T. Hofmo / NTB scanpix

– Frå 1942 og resten av krigen gjekk ho og håpa at ho skulle sjå Ruth igjen, for ingen visste kva som hadde skjedd med jødane som blei deportert. Ho brukte dei ti første åra etter krigen på å ta innover seg at Ruth var borte.

– Kva kom dette tapet til å bety for Gunvor Hofmo?

– Den store enkelthendinga og store sorg i hennar liv var tapet av den beste vennen ho hadde.

Og dette skulle også prege resten av hennar dikting.

– Det er som at ho hadde fått to oppgåver her i livet. Det eine var at ho skulle ta vare på sitt eige skrivetalent og skrive sine dikt. Det andre var å sørge for å skrive dei dikta som hennar veninne aldri fekk skrive, slik at vi aldri gløymer Ruth Maier, fortel Vold.

D/S Donau ved havnen i Oslo 26.11.1942.

Gunvor Hofmo sto på utstikkar 1 ved Amerikalinjens kai i Oslo då Ruth Maier blei tvungen om bord på Fangeskipet Donau saman med 531 andre jødar.

Foto: Georg W. Fossum / NTB

Den lange sorgperioden enda med eit psykisk samanbrot. Og etter bokutgjevinga i 1955 blei det heilt stille frå Hofmo i lang tid. I over 20 år var diktaren inn og ut av psykiatriske institusjonar.

Gunvor Hofmo likte ikkje å lese høgt, men på midten av 50-talet lèt ho seg overtale. Ho gjekk i eit dansk radiostudio, og sette seg ved mikrofonen. Høyr Gunvor Hofmo lese sitt eige dikt «Fra en annen virkelighet»:

I 1964 forsøkte ho å ta sitt eige liv, ifølgje legejournalar som er referert til i «Mørkets sangerske» av Jan Erik Vold. Etter sjølvmordsforsøket blei ho verande på Gaustad psykiatriske sjukehus i 11 år.

«Har lykkast å iføre henne skjørt»

Gunvor Hofmo er blant dei aller første ope homofile kvinner i Noreg.

Gunvor Hofmo

Bildet som er brukt som plakat for utstillinga på Nasjonalbiblioteket står, ifølgje Kaja Schjerven Mollerin, i sterk kontrast til dei forfattarbileta som sirkulerte av Hofmo. Bildet er teke av faren Erling Hofmo i juli 1953, kort tid etter at ho vart utskriven frå sitt første opphald på Gaustad.

Foto: Erling Hofmo

I essayet «Verden og buksene», utgjeven i høve 100-årsjubileet, tek forfattar Kaja Schjerven Mollerin utgangspunkt i kva Hofmo si legning hadde å seie for den medisinske behandlinga ho fekk på Gaustad.

Då Hofmo kom til den psykiatriske institusjonen gjekk ho i bukser. Etter kvart blei ho ifølgje legejournalen spurd om kvifor ho gjekk kledd i «mannfolk-klede».

Ho skal ha svart at ho identifiserte seg med menn. «Driftslivet er retta mot kvinner», blei det notert i journalen.

– Det er mykje vi ikkje veit om behandlinga på Gaustad, men det kjem tydeleg fram at dei som behandla henne var veldig opptekne av at ho gjekk i bukser. For mange var nok det ein markør for at ho var homoseksuell, seier Schjerven Mollerin til NRK.

I eit utdrag av legejournalen sitert i «Verden og buksene» er det openbert at det blei gjort ein innsats for å få Hofmo til å bruke skjørt.

Gaustad Sykehus i Oslo

Gunvor Hofmo var innlagt fire gonger på Gaustad psykiatriske sjukehus i Oslo. Det lengste opphaldet varte i 11 år fram til ho skreiv seg sjølve ut.

Foto: Patrick da Silva Saether

«Pasienten er blitt aktivisert igjennom arbeidsterapi og det har til og med lykkast å iføre henne skjørt i staden for hennar trufaste bukser.»

– Eg funderte på om Hofmo sin homoseksualitet blei sett på som ein del av sjukdomsbilete og noko som skulle kurerast. Essayet «Verden og buksene» er ein refleksjon over Hofmo sitt liv og kva det hadde å seie for henne, men det er like mykje eit forsøk på å skrive om ein bestemt periode i norsk kulturhistorie, altså mentalititetshistorie, seier Schjerven Mollerin.

Inspirasjon for musikarar

Hofmo er ein poet som har hatt brei appell for musikarar. Mange av dikta er tonesett, blant anna av Susanna Wallumrød som gav ut plata «Jeg vil hjem til menneskene». Og Pål Waaktaar Savoy fortel om sin fascinasjon for Gunvor Hofmo i boka «Tårer fra en stein».

Albumet «Fakkeltog» frå 1980 med bandet Bridges, forgjengaren til A-ha, var i stor grad inspirert av Gunvor Hofmo, fortel Waaktar Savoy i boka.

– Det var berre veldig inspirerande å lese henne. Det var nok mykje på grunn av den typen eg var at eg blei dratt mot ein som Gunvor Hofmo. Ho sette ord på mykje som eg kjende meg igjen i og som eg inntil då hadde valt å halde hemmeleg.

Gjorde comeback

Etter 16 års opphald, byrja Gunvor Hofmo å skrive igjen i 1971. Og diktsamlinga «Gjest på jorden» kom ut.

– Det kreative i henne hadde overlevd. Ho hadde så å seie latt diktarpersonen i henne gå i hi til ho var moden nok til å ta opp diktinga der ho slapp den i 1955, seier Jan Erik Vold.

Gunvor Hofmo gjorde comeback i 1971, da hadde det vært stille fra henne i 16 år.

Gunvor Hofmo gjorde comeback i 1971, då hadde det vore stille frå henne i 16 år. Her frå utstillinga på Nasjonalbiblioteket.

Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Gunvor Hofmo levde eit einsamt liv, og gjekk knapt ut av Oslo-leilegheita si dei siste 20 åra fram til ho døydde i 1995.

– Ho seier jo mange stader sjølve at ho er via til mørket og einsemda. Ho er ingen festleg lyrikar, men ein djup diktar som fortel om livet slik det arta seg for henne og mange andre, seier Vold.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Festspilldirektøren må gå av

    Anders Beyer fratrer som direktør for Festspillene i Bergen. Styret har ikke lenger tillit til Beyer, og har valgt å si opp arbeidsavtalen med ham etter behandling av et varsel. Det skriver styret i Festspillene i en pressemelding.  Innholdet i varselet var alvorlig og styret besluttet at det skulle iverksettes en ekstern undersøkelse.

    Advokatfirmaet Hjort leverte sin rapport til styret 17. september 2021. Rapporten er underbygget av bevis som SMS, e-poster og Messenger-meldinger som er tidsnære, det vil si fra den perioden da hendelsene fant sted.. Rapporten bekrefter innholdet i varselet. Av hensyn til den fornærmede i saken vil styret ikke gå nærmere inn på hendelsesforløpet.  

  • Netflix kjøper Roald Dahl-selskap

    Strøymegiganten Netflix opplyser i ei pressemelding at dei kjøper Roald Dahl Story Company, selskapet som har rettane til karakterane og forteljingane skapt av Roald Dahl.

    Oppkjøpet bygger vidare på partnarskapet dei inngjekk for tre år sidan. Dei jobbar no med å lage ein serie basert på Charlie og sjokoladefabrikken, i tillegg til å lage ein adapsjon av Matilda The Musical.

  • Sex og singelliv-stjerne død

    Skodespelaren Willie Garson er død, 57 år gammal. Det stadfestar sonen hans på Instagram.

    Garson er kjent frå mellom anna Sex og singelliv-serien og filmane, der han spelte Stanford Blatch. Han døydde av bukspyttkjertelkreft.

    Trass i sjukdom var han nyleg på filmsettet til den kommande Sex og singelliv-filmen, «And Just Like That ...».

    Willie Garson
    Foto: AP