Medan heile det kongelege europa sit til bords i København og skåler for dronning Margrethe, debuterer dronning Sonja som kunstnar i New York.
Veggane i galleriet i Park Avenue sentralt på Manhattan er kledde med grafiske verk med kongeleg signatur. I tillegg til arbeid av andre kunstnarar knytte til Queen Sonja Print Award.
– Det er spennande. Det er klart ein har sånne små … inne i seg. Butterflies heiter det, smiler dronninga.
- Les også:
Aha-stjerne og grafikar
Dronninga viser eit lite knippe journalistar rundt i utstillinga «Prize Prints, the Queen Sonja Print Award». I bakgrunnen står Magne Furuholmen, Aha-stjerne og grafikar. Han er henta til styret i kunststiftinga og skal bidra til å gjere kunstprisen Queen Sonja Print Award internasjonal.
– Det er et utruleg sjenerøst initiativ av dronninga, seier Furuholmen om stipendet som er etablert for å løfte fram unge, lovande grafikarar.
Furuholmen har sjølv vore grafisk kunstnar i 25 år.
Verdas største
Eit par etasjar under galleriet heng to verk av Magne Furuholmen. Dei har han gitt stiftinga for å bidra til å auke kapitalen. Å gjere prisen til verdas største grafiske pris kjem til å koste pengar.
– Eg har donert to verk så langt og eg reknar med det blir meir. Det gjer eg som ei støtteerklæring til stiftinga, seier Furuholmen.
– Grafikk har fått ufortent lite merksemd dei siste 20 åra. Det har endra seg no. Prisen vil løfte grafikken endå meir og hjelpe unge grafikarar vidare i karrieren, seier Furuholmen.
- Les også:
Markant pris
– Vi trur det er naudsynt å satse internasjonalt for å få meir blest om og støtte til prisen. Vi har ambisjonar om å styrke den finansielle sida innan 2020, seier dronning Sonja.
Lanseringa i New York i kveld er også eit frieri til potensielle støttespelarar i det internasjonale kunstmiljøet. Stiftinga håper fleire kunstnarar vil donere verk som kan generere fleire inntekter. Magne Furuholmen trur prosjektet vil lukkast.
– Dronninga har vore svært flink til å knytte til seg solide kunstnarar gjennom eit langt liv og etter kvart formalisert samarbeidet. Eg trur dette vil vere ein markant pris på samtidskunstscena, seier Furuholmen.
Skal stille ut med dronning Margrethe
På grunn av den lenge planlagde kunstlanseringa i New York kunne ikkje dronning Sonja feire si gode venninne og kollega også i kunsten, dronning Margrethe, i København i kveld. Men til sommaren tek ho det att, då skal dronningane stille ut saman i Rosendal. Det gleder dronning Sonja seg til.
– Det blir heilt annleis enn dette, seier dronninga og ser seg kring i galleriet.
– Dronning Margrethe har malerier, eg har grafiske trykk, så det blir helt annleis. Men eg trur det blir fint det også.
- Les også: