Hopp til innhold

Kongen skal fraktast i sjølvkøyrande buss

I løpet av kong Haralds første offisielle oppdrag etter sjukdommen, skal han i Kongsberg sitte på med ein buss som køyrer utan sjåfør.

Kong Harald og dronning Sonja står ved siden av hverandre i et rom på Slottet, de ser inn i kamera og smiler

Dronning Sonja og kong Harald skal delta på Kongsbergs 400-årsjubileum neste veke.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

«Kanskje kommer kongen,» song Knutsen & Ludvigsen.

Og det tenkte dei i Kongsberg òg, før bekreftinga kom frå Slottet: Kongen kjem.

– Eg blei ekstremt glad da det blei bekrefta. Vi har vore veldig usikre, sidan han har vore sjukmeld ei god stund. Men nå prioriterer han altså Kongsberg, og det synest vi er veldig stort, seier Laura Sletbakk.

Ho er prosjektleiar for feiringa av Kongsbergs 400-årsjubileum, som skal skje 2. mai.

Kong Harald møtte torsdag Sveriges nye ambassadør, Mikael Eriksson.

Kong Harald møtte torsdag Sveriges nye ambassadør, Mikael Eriksson.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Følgde flyet

Da kong Harald blei innlagd på sjukehus i Malaysia for to månader sidan, førte det til eit fokus på kongehuset vi aldri har sett før.

Nesten 100.000 følgde flyet på nettet, da han skulle heim. Etter at kongen hadde landa oppstod ein debatt om både fokus og pengar.

Nå er det kjent at han skal jobbe litt redusert, sjølv om han er friskmeld. Torsdag formiddag møtte kongen ambassadørar på Slottet, hans første oppdrag etter sjukmeldingsperioden.

Han skal etter kvart også på offisielle besøk rundt i landet, og første stopp er Kongsberg.

– Eg blir rørt og stolt av at kongen og dronninga prioriterer å komme hit. Det er heilt fantastisk, og er noko vi har jobba med i tre år, seier Sletbakk.

Laura Sletbakk

Jubileumsleiar Laura Sletbakk var spent før ho fekk bekreftinga frå Kongehuset.

Foto: Universitetet i Sørøst-Norge

Er ikkje testkanin

Kongsberg-arrangørane har avgrensingane til kongen i bakhovudet i forkant av besøket.

– Vi tar høgde for at han ikkje kan bevege seg over lange strekningar, for eksempel. Vi har tilrettelagt for det vi kan, sånn at han skal ha ei fin oppleving her, seier, Sletbakk.

Saman med dronning Sonja skal kong Harald delta på eit arrangement i Kongsberg kyrkje, der lokale musikarar skal opptre. Etter dette skal kongeparet fraktast med ein sjølvkøyrande buss.

– Vi er jo teknologibyen, og vi ønsker å vise at vi bruker bysentrum som ei sandkasse for å teste ut ny teknologi, fortel Sletbakk.

Ho understrekar at kongen ikkje er ein testkanin, og at dei autonome bussane har køyrt i byen ei stund.

Ute på torget ventar eit nytt arrangement, der blant anna museumspedagog Bjørnar Sandvold skal fortelje Kongsbergs historie på 400 sekund.

Fordelar oppgåver

Onsdag møtte kronprins Haakon pressa i Tromsø, og da fortalde han at dei saman kjem til å løyse oppgåvene framover.

– Kongen er glad for at han er tilbake i sitt virke. Vi andre er glade for at det er mogleg. Og så må han ta omsyn til alder og form, sa kronprins Haakon til NRK.

Kronprins Haakon var i Tromsø. Der kommenterte han kongens nedtrapping,

Det var mange som blei bekymra da kongen blei innlagd på sjukehus. Han har blitt 87 år, og tidlegare i år valde dronning Margrethe av Danmark å abdisere.

Det har kong Harald ingen planar om å gjere.

– Eg held fast på det eg har sagt heile tida, at eg har avlagt ein eid til Stortinget, og han varer livet ut, sa kongen i januar.