Hopp til innhold

Krohn om Kleveland-video: – Den var KNALL!

I 1989 vart originalen spelt inn på NRK-programmet Rock 89, og no har Åse Kleveland også laga video med NRK. Fritt liv-videoen hennar set også Raga Rockers-vokalisten stor pris på.

Musikkvideo: Åse Kleveland syng Raga Rockers Fritt liv.

SJÅ VIDEO: Åse Kleveland syng Raga Rockers Fritt liv. Regi: Torstein Vegheim.

Michael Krohn i Raga Rockers

KNALL: Vokalist Michael Krohn i Raga Rockers synest videoen til Åse Kleveland var «knall».

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

– Eg har sett Fritt liv-videoen, og synest den var KNALL, uttalar vokalist i Raga Rockers, Michael Krohn, i ein e-post til NRK.

Musikkvideoen til Åse Kleveland vart laga til programmet der Selskapet mellom anna diskuterte om digitaliseringa har øydelagt rocken som kunstform.

På hennar versjon av låten Fritt liv var det ikkje kven som helst som fekk musikkvideo-regien, for ho fekk nemleg den same regissøren som Raga Rockers hadde i 1989.

– Eg sat med eit stort smil heile vegen, skriv Krohn og helsar til regissør Torstein Vegheim.

  • Sjå videoen til Åse Kleveland øvst i saka.
  • SJÅ ORIGINALEN:

    Raga Rockers Fritt liv, frå Rock 89. Regi: Torstein Vegheim.

– Fantastisk sjanse

Åse Kleveland

FANTASTISK SJANSE: Åse Kleveland syntest det var ein fantastisk sjanse å få lage musikkvideoen som hyllar Raga Rockers, og ho var fast bestemt på at bil og eittromsleilegheiter skulle med.

Foto: NRK

Sjølv om regissøren var den same som i 1989, så fekk Kleveland sjølv bestemme innhaldet til sin versjon, og ho var verkeleg klar for videoen.

– Då eg vart spurt om å lage musikkvideo av Raga Rockers Fritt liv, så var det ein fantastisk sjanse, seier Åse Kleveland.

– Eg greip til to ting som ligg nært hjarta mitt, og det er raske bilar og høgtflygande eittromsleilegheiter, seier ho.

Ny kjennskap

Samleboksen Sannhet på boks vart gitt ut denne veka. På denne vert Raga Rockers hylla ved at 137 norske artistar covrar alle låtane deira, og Åse Kleveland er ein av artistane som bidrar.

– Den nærmare kjennskapen med Raga Rockers er ganske ny for meg, for på den tida Raga Rockers slo igjennom var eg å finne på heilt andre arenaer i samfunnet, seier Kleveland.

Ho seier ho er stolt over å få vera med på Raga Rockers-prosjektet.

– Eg synest det er ein originalitet i tekstane. I etterkant ser at ein del av desse låtane er fantastisk finurlege og samtidig forenkla. Ein ser korleis dei slår, og korleis dei var med å teikne si eiga tid, seier Kleveland.

– Det er utruleg imponerande.

– Utruleg bra

Åse Kleveland var ute med si første plate som 15-åring, men gav seg som musikar i 1980-åra.

Christer Falck

«CRUSH»: Christer Falck er initiativtakar til samleboksen som hyllar Raga Rockers. Han seier han har «crush» på Åse Kleveland, og seier han synest videoen hennar er fantastisk.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I fjor gjekk ho ut med at ho ville gjere comeback som artist, og videoen hennar med Fritt liv synest initiativtakar til boksen som hyllar Raga Rockers, Christer Falck, er topp.

– Fantastisk! Eg har så «crush» på Åse! Ho er rett og slett det aller største me har her i landet. At ho stiller seg sjølv, tida si, og bilen sin til disposisjon er så raust at eg ikkje har ord, seier han.

– Utruleg gøy med Raga-Eivind som «posterboy» også! Det blir ikkje betre enn dette, legg han til.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.