Klaus Hagerup er død

Forfattaren Klaus Hagerup er død, 72 år gamal, etter lengre tids sjukdom. Det opplyser forlaget hans, Aschehoug.

Forfatter Klaus Hagerup

Forfattaren og skodespelaren Klaus gjekk bort torsdag ettermiddag etter lengre tids sjukdom. Han blei 72 år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Klaus Hagerup var forfattar, dramatikar, regissør, omsetjar og utdanna skodespelar. Han var med å starte opp regionteateret for Troms og Finnmark, Hålogaland Teater, i 1971. Her skreiv han også teaterstykket «Det er her æ høre tel», som blei gjennombrotet for teateret.

Hagerup arbeidde også ved Den Nationale Scene og Nationaltheatret.

– Noreg har mista ein av sine aller mest folkekjære forfattarar. Bøkene for barn og ungdom er like mykje leste av vaksne menneske som av unge, som i stor grad skuldast Hagerups eigenarta blanding av sprudlande fabulering og djupt alvor, skriv Aschehoug i ei pressemelding.

Han debuterte som forfattar med diktsamlinga «Slik tenker jeg på dere» i 1969. Han har også skrive ei rekke skodespel, romanar og noveller. I 1988 kom biografien «Alt er så nær meg» om mora Inger Hagerup. Han skreiv også manus til NRK-julekalenderen «Snøfall» saman med døtrene Hanne og Hilde. Hagerup fekk heidersprisen under Brage-utdelinga i november i år.

– Ein gjennomført humorist

Litteraturkritikar i NRK, Anne Cathrine Straume, seier at Hagerups bortgang var ei trist melding å få. Ho meiner han var ein av våre aller mest verdsette barnebokforfattarar.

Portrett på bibliotek

NRKs litteraturkritikar Anne Cathrine Straume seier Klaus Hagerup vil bli hugsa som ein av stor barnebokforfattar og ein framifrå humorist.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Han hadde trua på språket og litteraturen, og har vore oppteken av magien i orda, av bøker, og av korleis litteratur faktisk er eit middel for å forstå andre. Kanskje også til å gjere verda til ein litt betre stad, seier Straume.

Ho skildrar Hagerup som ein mangslungen forfattar, og som ein sann gjennomført humorist.

– Bøkene han har skrive er så morosame, og spesielt å høyre han lese sjølv. Men det er ordentleg innhald, og ofte ein meir alvorleg undertone.

Stemma frå barndommen

I 2017 gav Klaus Hagerup ut barneboka «Jenta som ville redde bøkene» saman med illustratøren, forfattaren og biletkunstnaren Lisa Aisato. Ho seier ho har eit sterkt forhold til bøkene til Hagerup.

– Eg var veldig glad i bøkene hans då eg var yngre, og høyrde på stemma hans på lydbok. Det var alltid hyggeleg når Klaus ringde, for det var ei kjent stemme frå barndommen. No er det veldig trist at eg ikkje får høyre den stemma igjen.

Ho minnest Hagerup som ein varm, open og hjarteleg mann, som gav veldig entusiastiske tilbakemeldingar.

– Eg blei veldig inspirert av å jobbe med han. Det var alltid fint å sende teikningar og måleri til Klaus fordi han var så entusiastisk. Det var mange utropsteikn og godord, og det var veldig hyggeleg.

Klaus Hagerup og Lisa Aisato

Lisa Aisato (t.h.) seier det var inspirerande å jobbe med Klaus Hagerup. Dei samarbeidde om boka «Jenta som ville redde bøkene» som kom i 2017. Hagerup var i gang med å skrive ei ny bok Aisato skulle illustrere, men han rakk ikkje å fullføre manuset.

Foto: Privat

Dei hadde planar om å lage fleire bøker saman, og Hagerup var i gang å skrive eit manus. Men sjukdommen gjorde det vanskeleg for han å skrive, seier Aisato.

– Vi hadde veldig lyst til å lage ei bok til saman, og vi var i gang. Det er veldig trist at vi ikkje fekk fullført henne, for eg hadde veldig lyst til å jobbe meir med Klaus.

Minnest på nett

Fleire forfattarar har lagt ut minneord på sosiale medium. Tom Egeland skriv på Twitter at meldinga om bortgangen var ein trist inngang på jula.

Laster Twitter-innhold

Medan Vidar Kvalshaug heidrar Hagerup som den vennlege mannen og mange barndommars store historieforteljar.

Laster Twitter-innhold

Alf van der Hagen minnest den matglade Hagerup på Facebook. I 2009 gav Klaus Hagerup ut vinboka «Lykke i Piemonte» saman med kona Bibbi. Boka hadde teikningar av Fredrik Skavlan og fotografi av Tom Karlsen. NRK laga også eit program der dei følgde Hagerup i Italia.

Også kulturminister Trine Skei Grande (V) heidrar Klaus Hagerup på nett. Ho trekker fram kor allsidig han var som forfattar.

Laster Twitter-innhold

Takterrassen til Litteraturhuset Fredrikstad er kalla opp etter Klaus Hagerup, Hagerups Hage. Litteraturhuset takkar Hagerup for det engasjementet han viste for etableringa av huset Fredrikstad.

Kulturstrøm

  • Netflix på shopping i Cannes

    Strømmetjenesten har sikret seg rettighetene til flere av filmene under årets filmfestival i Cannes. Nå har de også kjøpt visningsrettigheter til to av prisvinnerne, nemlig «Atlantics», som vant Grand Prix-prisen og «I Lost My Body», som vant en av kritikerprisene. Dette skjer samtidig som at ingen filmer får delta i konkurransen i Cannes uten å ha kinovisninger i Frankrike.

  • Kusama-skulptur på plass i Norge

    Nordens største verk av den populære «prikkekunstneren» Yayoi Kusama kom søndag på plass på Kistefos-Museet på Jevnaker, melder NTB. Verket heter «Shine of Life», og er laget spesielt for Kistefos med inspirasjon av naturen, vannet og industrien rundt. «Shine of Life» er én av tre nye skulpturer som skal inn i skulpturparken med over 40 verk.

    Yayoi Kusamas "Shine of Life"
    Foto: Einar Aslaksen / Kistefos / NTB scanpix
  • Siktet for eldremishandling

    Manageren til Stan Lee, den avdøde skaperen av mange av Marvels superhelter, er arrestert, siktet for eldremishandling. Keya Morgan anklages for svindel, tyveri, økonomisk utnyttelse og for å ha holdt en eldre person avstengt fra omverdenen. Påtalemyndigheten mener at manageren sikret seg en råderett over Lees kapital som han ikke hadde myndighet til. Det skriver VG, som siterer ABC News, NBC og Los Angeles Times.

    Keya Morgan og Stan Lee
    Foto: Jordan Strauss / AP