Humorserien «Parterapi» med Kevin Vågenes har blitt ein stor suksess for NRK, og var ein serie mange snakka om i fjor. Sesong to blei i snitt sett av over 600.000 nordmenn. Den første episoden i sesongen er sett av over 900.000, anten som strøyming eller lineært.
Vågenes kalla dei gode sjåartala galimatias.
– Responsen på «Parterapi» har vore heilt overveldande. Det verkar som vi har treft breitt, og det er sjeldan når ein driv med humor, sa Vågenes til NRK i november.
Nye ansikt
I serien følger vi fleire par med ulike samlivsproblem som går i parterapi. Vågenes spelar den eine personen i kvart par. Til hausten kjem den tredje sesongen på NRK. Men det blir ein liten førpremiere på Seriedagene i Oslo i slutten av september.
I den komande sesongen blir det ifølgje førehandsomtalen eit gjensyn med fleire av personane frå tidlegare sesongar. Men publikum får også helse på nye par som har sitt å stri med.
- Les:
- Les:
Fredag posta Kevin Vågenes på Instagram den første smakebiten på kva vi kan vente oss til hausten.
Vågenes seier til NRK at han ikkje ønsker å kommentere bildet det dei jobbar med no, eller om dette er ein person som kjem til å vere ein del av rollegalleriet når sesong nummer tre går på lufta om nokre månader.