Vampyrjakt, valkamp og parterapi på NRK i haust

I haust kan NRK blant anna by på europeisk vampyrjakt på tvers av landegrenser, lokal valkamp og mørke historier frå den norske finansverda.

EXIT

EXIT: Dramaserien «Exit» baserer seg på historier frå den norske finansverda. I serien følger vi fire menn i finansbransjen som kjeder seg og jaktar på spenning i kvardagen. F.v. Henrik (Tobias Santelmann), Jeppe (Jon Øigarden), Adam (Simon Berger) og William (Pål Sverre Hagen).

Foto: Ingeborg Klyve / NRK

Det blir både lokalpolitikk, dramaseriar, dokumentarar og underhaldning på NRK til hausten. I august startar valkampen til kommune- og fylkestingsvalet, og det blir dekka breitt av NRK på både mobil, radio og TV.

Det blir både politiske debattar og nyheitsreportasjar frå heile landet. Og på P3 skal trioen Adam Ezzari, Cengiz Al og Mutasim Billah få ungdom til å velje i «Andregenerasjonen tar valget».

Men allereie no kan du ta NRKs valomat for å sjå kva parti som passar deg best i din heimkommune.

Mørke finanshistorier

Denne hausten blir det også nye norske dramaseriar. I september har serien «Exit» premiere. Serien er basert på historier frå det norske finansmiljøet og Økokrim.

– Det handlar om ein del av det norske finansmiljøet i Noreg som kanskje er ei av dei mest privilegert gruppene vi har i eitt av dei rikasta landa i verda. Dette er nok eit lukka miljø for mange som vi har fått eit innblikk i, seier regissør og manusforfattar Øystein Karlsen

Simon J. Berger og Jon Øigarden spelar to av finansmennene som kjedar seg, og tyr til vald, narkotika og prostituerte for å få eit avbrekk frå kvardagen.

– Alle i finansmiljøet er ikkje slik, men mange er slik fordi dei har makt, seier Øigarden.

Berger spelar den steriliserte finansmannen som har ei kone som gjerne vil ha barn.

– Det var ei veldig morosam rolle å spele. Han har ei så stor spennvidd i uttrykket som eg har nytt å spele.

Draumeserien

Og i spenningsserien «Twin» spelar Kristofer Hivju dei einegga tvillingbrørne Adam og Erik, der den eine tek livet av den andre, for så å ta over livet til broren.

– Dette har vore ein draum, som eg har fått vere med å skape. Det har vore ei utfordring å spele to ulike roller, men samtidig veldig moro, seier Hivju.

Rebekka Nystadbakk spelar kona til tvillingen som blir drepen. Ho innrømmer at det til tider var litt forvirrande når Hivju skifta roller og klede.

– Det gjekk stort sett greitt når ein hadde eit ansikt å ta omsyn til. Det vanskelegaste var når eg måtte spele mot ein markør for ein person. Men det er forvirrande når Kristofer skifter klede og frisyre, og eg lurer på kven han er no.

Serien er utvikla av Kristofer Hivju og regissør Kristoffer Metcalfe, og har vore noko dei har hatt lyst til å lage lenge.

– Dette er ein serie vi har snakka om i fleire år. Heilt sidan vi budde i kollektiv saman, har vi snakka om korleis det ville vere ta over livet til nokon andre, seier Metcalfe.

Første trailer til NRKs spenningsserie «TWIN» med Kristofer Hivju i hovedrollen.

Første trailer til NRKs spenningsserie «TWIN» med Kristofer Hivju i hovudrolla.

Vampyrjakt

I det internasjonale fantasy-dramaet for ungdom, «Nattens arvingar», handlar det om jakta på vampyrar i Europa på slutten av 1800-talet. Serien er eit samarbeid mellom NRK, tyske NDR og nederlandske NPO.

– Dette er ein actionfylt fantasyserie med mykje spenning, magi og ung kjærleik, seier produsent Petter Onstad Løkke.

Utgangspunktet for serien er at det har vore tretten vampyrklanar i Europa, som alle nedstammar frå Dracula. No er det berre fem igjen fordi dei er i ferd med å bli utrydda fordi menneska har drive vampyrjakt i mange år. Det fører til at klanane må samarbeide.

– Men dette skjer på tvers av kulturar, og det er til tider svært spent. Difor er det opp til dei unge i kvar klan å samarbeide slik at dei kan overleve.

Trailer Nattens arvinger

Trailer Nattens arvinger

I tillegg kan NRK Super blant anna by på dokumentarserien «Sjuende» frå Tøyen skole i Oslo og dramaserien «Klassen». Og 6. september er alle skulane i landet inviterte til den å danse den årlege BliMe-dansen.

Terapi-podkast

I podkasten «Hos Peder» går enkeltpersonar og par i terapi hos psykolog Peder Kjøs. Blant dei er Therese og Alexander som snakkar om kor vanskeleg det er å dyrke kjærleiken midt oppe i bleier, barneskrik og søvnlause netter.

– Vi måtte høyre på podkasten kvar for oss. Det var rart å høyre, og det var som å vere i terapirommet på nytt, seier Therese.

Peder Kjøs er glad for at Therese og Alexander ville stille opp og snakke om familielivet sitt i podkasten.

– Det er mange som har det slik som Therese og Alexander.

Peder Kjøs, Therese og Alexander
Foto: Andris Søndrol Visda / Anti/NRK

Det blir også parterapi når Kevin Vågnes går i gang med sesong nummer tre av humorserien «Parterapi» denne hausten. Nokre av para frå dei tidlegare sesongane er framleis med. I tillegg blir vi presentert for nye par som har samlivsproblem å løyse.

Hotell i Rwanda

I dokumentarserien «Hotell Kash King» reiser skodespelar og programleiar Kashfa King Gashamura, som også er kjend som Kash King, tilbake til Rwanda saman med kjærasten Anoushka Nordby.

Der skal dei prøve å oppfylle ein draum bestemora til Gashmura har om at han skal overta familiehotellet. Det blei ein spennande og utfordrande tur, seier han.

– Eg var spent på korleis bestemor skulle ta i mot oss, og korleis Rwanda ville ta i mot oss. Vi kom som innflyttarar dit, og var på mange måtar innvandrarar, der også.

Hotell Kash King

Anoushka Nordby og Kashfa King Gashamura reiste til Rwanda for å overta familiehotellet bestemor hadde drive.

Foto: Fjords TV

Nordby seier ho opplevde det som vanskeleg å vere kvit i Rwanda.

– Det var situasjonar der eg kjende meg veldig kvit. Men eg trur eg har kjent mest på det sjølv fordi eg har vore redd for å halde oppe stereotypiar. Eg har vore usikker på kva rolle vi skulle ha i Rwanda.

Kjent helgeunderhaldning

Det er allereie kjent at «Beat for beat» skal fornye seg til hausten. Etter 20 år har dei bytta ut husbandet, som no er erstatta med yngre krefter.

I tillegg til «Beat for beat» held gamle kjenningar fram i «Gullrekka» på NRK på fredagskvelden. «Nytt på nytt» har hatt sine utskiftingar sidan starten for 20 år sidan, men oppsummeringa av nyheitsveka held fram også denne hausten.

Anne Lindmo er også klar for ein ny haust med aktuelle gjestar i «Lindmo». I tillegg blir det ny sesong med «Ti på topp».

Og på laurdagskvelden er det klart for den åttande sesongen av «Stjernekamp». Denne gongen skal blant andre Hanne Sørvaag, Kari Gjærum og Kim Rysstad konkurrere i sjangrar som stadionrock, salmar og hiphop.

Stjernekamp 2019

Dette er artistane som skal konkurrere i Stjernekamp til hausten. Bak frå venstre: Åge Sten Nilssen, Kim Rysstad, Kari Gjærum, Bilal Saab, Hanne Sørvaag, Beate S. Lech, Andrea Santiago. Framme frå venstre: Adrian Jørgensen, Sondrey, Anette Amelie Hoff Larsen.

Foto: Julila Marie Naglestad / NRK

Det blir også ein ny runde med «Jorden rundt på 6 steg» og humorserien «Side om side», som no går inn i sin sjuande sesong. I år blir det også ein eigen julespesial.

I tillegg blir det humordrama med Bjarte Tjøstheim når «Hellums kro» opnar i slutten av oktober.

Serien handlar om konkurransen mellom to kroer på kvar si side av E6. Serieskaparane lover biljakter, spionasje og sabotasjeaksjonar. I tillegg til karbonade med løk, plastblomar og gratis påfyll av kaffi.

Bjarte Tjøstheim i Hellums kro

Bjarte Tjøstheim spelar kroverten Jan Hellum i humorserien «Hellums kro».

Foto: Ole Christian Michelsen

Du kan lese meir om NRK-hausten her.

Kulturstrøm

  • «London Calling» feires i London

    Det bestselgende dobbeltalbumet «London Calling» har 40-årsjubileum. Nå blir det engelske rockbandet The Clash hedret med utstilling på London Museum. – Den rebelske sjelen lever videre, skriver The Independent i anmeldelsen av utstillingen som åpner fredag.

    The Clash i 1983
    Foto: AP
  • Kiss til Sandnes

    Kiss spelar på Øster Hus Arena i Sandnes 20. juni neste år etter at avslutningsturneen blir utvida. Årsaka skal vere «stor etterspørsel» i samband med "End of the road world tour". Endeleg avslutning skal vere i New York 21. juli 2021.

    Gene Simmons og Paul Stanley under en Kiss konsert i California, som en del av avslutningsturneen.
    Foto: KEVIN WINTER / AFP