John Hedemark har ikkje betalt kunstavgift

John Hedemark innrømmer at han ikkje har betalt kunstavgifta på fleire år. No etterforskar politiet kor mykje han skuldar staten.

John Erik Hedemark foran bilder av Werner Jensen.

John Hedemark er sikta for bedrageri.

Foto: Truls Alnes Antonsen / nrk

– Det blir litt som å selje lodd og seie at inntektene går til Røde Kors, og så går ikkje inntektene til Røde Kors, men rett i eiga lomme.

Denne samanlikninga kjem politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen med. Mykje tyder på at kunsthandlaren John Hedemark har kravd inn kunstavgift ved sal, utan å ha betalt inn avgifta dit den skal – til Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH).

Dei siste vekene har NRK fortalt om John Hedemark som er sikta for bedrageri.

Hedemark og kunstnarnamnet Werner Jensen har tidlegare blitt omtala av Kapital. Overfor Kapital nekta han for å stå bak pseudonymet, men i eit intervju med NRK nyleg, avslørte han å stå bak pseudonymet, og at han har måla og seld eigne bilete i over 20 år.

Politiet meiner han har skapt ein falsk person med ein CV som ikkje stemmer.

Razzia i galleri på Frogner i Oslo

John Hedemark har i over 20 år måla bilete under namnet Werner Jensen.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Innrømmer lovbrotet

Om Hedemark har betalt inn kunstavgift for bileta han har selt, er også ein del av etterforskinga.

Når NRK snakkar med Hedemark over telefon, vedgår han å ikkje ha betalt inn avgifta.

– Det stemmer det. Vi skuldar kunstavgift til BKH. Det er ikkje veldig mykje, for dei driv no og prøvar å finne ut av kva vi skuldar der.

Det var etter at det kom ut i offentlegheita at kunsthandlaren er sikta for bedrageri, at han innrømte å ikkje ha betalt kunstavgifta.

– Den kunstavgifta eg snakkar om no, går tilbake til den dagen vi starta galleriet for nokre år tilbake, i slutten av 2019, forklarer Hedemark.

Razzia i galleri på Frogner i Oslo

Her beslaglegg politiet eit kunstverk, under ransakinga av galleriet til Hedemark på Frogner.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Han seier at han ikkje har betalt inn kunstavgifta sidan 2019. Avgifta som skal sikre ny produksjon av kunst i Noreg.

Politiet fatta mistanke om dette under ransaking av galleriet og det fekk dei til å sjå nærare på saka.

– Vi blei gjort merksame på dette fordi bilete som var stilt ut i lokala hadde påskrift om at prisen inkluderte 5 prosent kunstavgift, seier Meeg-Bentzen, før han held fram:

– Og det er ingenting i saka som tyder på at ein slik avgift har blitt betalt inn slik den skal.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen viser frem beslaglagt kunst

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen med eit av dei beslaglagde kunstverka.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Hedemark dømt i 2002

For snart tjue år sidan, i 2002 meldte Bildende Kunstneres Hjelpefond kunsthandlaren inn til politiet. Då blei Hedemark tiltalt og dømt for å ikkje ha betalt kunstavgifta.

– Det stemmer at vi ikkje hadde sendt inn skjemaet til rett tid, så då fekk vi ei skjønnsmessig fastsetting på ei slik BKH-avgift. Så meldte fondet det til politiet og så fekk eg då ein straff, og den har eg tatt – og er ferdig med.

Hege Imerslund, som er direktør i Bildende Kunstneres Hjelpefond seier at saker som handlar om ubetalt kunstavgift som oftast ordnar seg utan å blande inn politiet.

Direktør Hege Imerslund i Bildende Kunstneres Hjelpefond

Hege Imerslund, direktør i Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Foto: Anne Valeur / BKH

– Så å involvere politiet og gå til politimelding, det er ein framgangsmåte som gjeld for grove tilfelle, der det fleire gongar har blitt bevist at nokon ikkje har betalt inn kunstavgift. Dette har vi svært få eksempel på.

Imerslund meiner at kunstavgifta er lite kontroversiell.

– Dei aller fleste seriøse aktørar er svært lojale mot ordninga. Vi har ikkje noko inntrykk av at det går føre seg bevisst unndragelse av avgift i stort omfang.

Ein del av etterforskinga som politiet no gjer, går ut på å finne ut av kor store beløp Hedemark kan ha latt vere å betale inn til fondet.

Får ikkje gjort opp før vedlegga er tilbake

– Har du betalt kunstavgift frå 2002 og fram til i dag?

– Frå 2002 fram til i dag, har eg ikkje betalt inn noko kunstavgift. Men eg har ikkje drive eigne galleri, eg har berre vore involvert i nokre galleri opp igjennom. Det er galleria som sel kunsten, som betalar inn kunstavgift. Så det er vel eigentleg det, seier Hedemark.

Kunstforhandlaren forklarer at politiet beslagla alt av permar og papir i august og at han difor ikkje har fått betalt inn avgifta frå 2019 og fram til i dag.

Hedemark opplyser at han personleg ikkje har kontroll over kva han har tent inn ved å selje kunst og at han difor heller ikkje har oversikt over kor mykje han skal betale inn til Bildende Kunstneres hjelpefond

– Og det skuldast primært at vi var litt seint ute i utgangspunktet når politiet kom på besøk. Det skal eg ærleg innrømme og det sa eg til politiet også.

No lovar han å gjere opp for seg

– I dag fekk vi melding av advokaten vår om at politiet hadde sendt ein e-post om at desse mappene, med ein del andre ting som var tatt i beslag skal fristillast. Og då gjer det at vi kan sette i verk desse skjemautfyllingane og innbetalingane slik at det blir rett. Og då kjem pengane inn dit dei skal.

Kulturstrøm

  • Gullrutens fagpriser delt ut

    «Rådebank 2», «P3 Gull» og «Kunstneren og tyven» tok flest priser under utdelingen av Gullrutens fagpriser i dag, skriver Rushprint. Fagprisene deles ut i tillegg til selve Gullruten-prisene, som offentliggjøres lørdag kveld.

  • KORK kårer unge komponister

    Skapia er en komposisjonskonkurranse som involverer tusenvis av skolebarn og -ungdom fra hele landet. Vinnerne kåres og får verket sitt fremført av KORK i en festkonsert direkte fra NRK Store studio kl. 12. Margrethe Røed er programleder.

    Vinnerne av komposisjonskonkurransene Veslefrikk og U-trykk skal kåres i Store studio. Kringkastingsorkestret spiller vinnerverkene. Konferansier: Margrethe Røed
  • 10 millioner til filmer

    Regjeringen vil gi 10 millioner til filmer som ble rammet av pandemien.

    – Dette er 10 millioner kroner i friske midler for å hjelpe filmprodusenter som har blitt rammet særlig hardt av stengte kinoer og redusert kapasitet under pandemien, sier kultur- og likestillingsminister Abid Raja i en pressemelding.

    Kompensasjonsordningen vil bli administrert av Norsk filminstitutt (NFI), og filmprodusenter kan nå søke om midler for filmer som var i distribusjon i perioden 13. mars til 30. september 2020.

    Kinovisning er tradisjonelt den viktigste inntektskilden for norsk spillefilm. Kinoinntektene fra én film vil i mange tilfeller være avgjørende for produsentens drift og for å kunne sette nye prosjekter i gang.

    Produsenter som hadde satt opp filmer for visning på kino i mars 2020 ble rammet av nedstengingen av samfunnet. Etter hvert åpnet kinoene, men med betydelig redusert kapasitet. Når kinoene igjen fikk åpne opp, ble flere filmer satt opp på tross av strenge restriksjoner. Disse filmene vil kunne få noe av de tapte billettinntektene fra kinovisning kompensert.

    – Jeg er glad for at vi med denne ordningen kan hjelpe filmprodusenter som ble rammet av stengte kinoer i mars 2020. Vi ser også at det kan være behov for å kompensere filmer som ble satt opp på kino i perioden med strenge restriksjoner på kapasitet, før stimuleringsordningen kom på plass 1. oktober 2020, sier Abid Raja.

    Pressekonferanse om koronasituasjonen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB