– Det er ufatteleg trist at statuen er vekk. Han har stått på hotellet sidan 1958 og stor affeksjonsverdi for oss og også mange i bygda kjem til å sakne statuen, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.
Originalen, som keisar Wilhelm II av Tyskland gav i 1913, står på Vangsnes i Vik. I tillegg vart det laga tre mindre kopiar. Den 46 centimeter høge bronsekopien som stod på Kviknes Hotell var i utgangspunktet eigd av målaren Hans Dahl som var ein god ven av den tyske keisaren.
– I 1958 var det ein auksjon i Dahl-villaen, og då fekk mi farmor, Martha Kvikne kjøpt statuen.
I 61 år fekk statuen stå på hotellet før den forsvann i førre veke.
Oppdaga i førre veke
Statuen stod i Høyvik-salen på hotellet og tjuveriet vart oppdaga torsdag 28. august.
– Hotellet var fullt frå onsdag til torsdag, det vil seie godt over 300 gjester i tillegg til dagturistar som kjem innom og lokalbefolkning som kjem innom for å ete. Så det har vore mykje folk innom, seier Kvikne.
Statuen er svært tung og Kvikne reknar med at tjuvane har visst kva dei var ute etter.
– Det er ein teori, og då må dei hatt ein bag eller noko liknande som dei kan hatt statuen i. Det er berre trist alt saman, seier Kvikne.
Han trur likevel ikkje at statuen er lett omsetteleg, dersom nokon har stole den berre for å få ut pengar for den.
– Statuen har jo nære band til Tyskland, men det kan også vere nordmenn som står bak, seier Kvikne.
Meldt til politiet
Hotellet har meldt tjuveriet til politiet.
– Vi har førebels ikkje så mange spor i saka, og ynskjer tips, seier, politibetjent Oda Elvegård Thorstad ved Høyanger lensmannskontor.
Ho seier dette er ei krevjande sak å skulle etterforske sidan statuen kan vare kvar som helst.
– Det er ikkje så mykje vi får gjort. Det er i utgangspunktet ei vanskeleg sak å oppklare, seier Thorstad.