Ei rekke norske artistar hylla det legendariske Jimi Hendrix-albumet «Are You Experienced» på Norwegian Wood laurdag. Albumet har 50-årsjubileum i år.
10 ulike artistar spelte kvar si Jimi Hendrix-låt, blant dei var artistar som Vidar Busk, Frode Alnæs og Jon Eberson.
I det Frode Alnæs er i ferd med å avrunde konserten med Hendrix-låten «Foxey Lady» roper han ut om det er nokre faxy ladies ute i publikum. Deretter ber han Trude Semb komme opp på scenen.
Trude Semb er forlova med trommeslager Paolo Vinaccia, som har spelt under heile konserten. På scenen står Vinaccia og ventar på Semb saman med ein prest.
Til Trude Semb si store overrasking har hennar kjærast gjennom to år planlagt at dei skal gifte seg på scenen framfor vener, familie og eit par tusen tilskodarar.
Alvorleg sjuk
Det blei ein kjensleladd augneblink, fordi bakteppet er alvorleg. Trommeslageren og perkusjonisten Paolo Vinaccia er kjent for mange fordi han har vore med på hundrevis av plateinnspelingar sidan han kom frå Italia til Norge i 1979. Nå er han alvorleg kreftsjuk, igjen.
Vener og familie har kome frå Norge og Italia til Norwegian Wood, alle utanom Trude Semb veit om Paolo Vinaccia sine planar.
– Eg hadde ingen aning. Det einaste han hadde spurt meg om på førehand var om eg ville komme opp på scenen å kore til ei av låtane, men det er jo berre sånn eg er veldig god på på fest. Så dette var veldig overraskande, seier Trude Semb når vi møter det ferske ekteparet backstage.
– Det er berre Paolo som kan gjere noko sånt. Eg trur han visste at han eg kom til å seie ja. Det var ein uforgløymeleg augneblink.
Vinaccia skal snart i gang med kraftige behandlingar mot kreften, og slapp dermed ventetida som er påkravd for å hyre inn ein prest til å vie seg.
– Kvifor var det viktig for deg å gjere dette nå?
– Eg har tenkt på dette lenge, at eg skulle gifte meg med Trude. Eg er født og oppvaksen på scenen, så difor var det heilt riktig å gjere dette på scenen, seier Vinaccia.
– Eg skal straks i gang med ein kraftig kur mot kreften, men musikken kjem til å hjelpe meg, og Trude kjem til å hjelpe meg å kome gjennom dette.
TERAPI: Musikken har vore Paolo Vinaccia sin terapi i kampen mot sjukdommen. I 2011 var han laurdagsgjest i NRK. Sjå innslaget her.