Etter at restriksjonane blei oppheva den 25. september, kan det sjå ut til at publikum er tilbake.
Oktober har slått til med nesten 1,3 millionar besøkande. Og ein av filmane som har vore med å lokke publikum tilbake er den norske Oscar-kandidaten «Verdens verste menneske» som 128 000 har sett.
– Eg trur at publikum har vore sultfora på kulturopplevingar. Kanskje spesielt kinoopplevingar, seier Guttorm Petterson som er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Film & Kino, før han held fram:
– Dei er lei av å sitte heime å sjå på film og saknar kvaliteten og det sosiale elementet som kinoane har.
James Bond-filmen «No Time to Die» er den filmen som trakk flest sjåarar til norske kinosalar.
Foto: Nicole Dove / SF Studios/MGMHan meiner at James Bond-filmen «No Time to Die» også har hatt mykje å seie for dei gode besøkstala. Den kom på kino 1. oktober, berre dagar etter at restriksjonane i store delar av landet blei oppheva.
– Med «No Time to Die», som delvis er spelt inn i Noreg, kunne vi starte opp att med eit brak.
Han meiner at det er litt tidleg å seie om publikum er tilbake for godt, men er likevel positiv.
– Mykje tyder på at publikum kjem tilbake med dei riktige filmane.
Det ser ut til at kinobesøket i 2021 vil passere 6 millionar. Det er over halvparten av kva som er vanleg i eit år med full drift. I år har kinoane berre hatt tre månadar utan restriksjonar, med kinoane i Oslo-regionen heilt stengt ned omtrent halvparten av året.
Før jul kjem også «Kampen om Narvik» og «Askepott» ut, dei er begge venta å trekke eit stort publikum til kinosalane.