Hopp til innhold

Publikumet er på veg tilbake i kinosalane

Kinobesøket har tatt seg opp etter koronapandemien. Det er likevel langt fram til «normalen».

Anna Belén Milde på veg inn i kinosalen. Kinomaskinist Gunnar-Arne Haaland i bakgrunnen.

TILBAKE: Anna Belén Milde gledde seg til å sjå den norske storfilmen «Kampen om Narvik» i Førde. I bakgrunnen kinomaskinist Gunnar-Arne Haaland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

9 millionar gonger fann norske kinogjengarar vegen til film og popkorn i 2022.

Dette er ei dobling frå 2021, der pandemien sette sine restriksjonar på årets to første månader.

Det er likevel eit stykke att til 2019-tala. Då hadde norske kinoar 11 millionar besøkjande.

Kinobransjen trur utsettinga av fleire storfilmar er årsaka til at dei ikkje greidde å lokke fleire i fjor.

– Vi hadde mange gode filmar, men ikkje dei storfilmane som vi vanlegvis får, seier Torhild Vie, kinokonsulent ved kinoen i Førde.

Torhild Vie

Kinoen i Førde fekk 26.500 besøkjande i 2022. Enno er det eit stykke att til 2019-tala. Då tok 38.000 turen innom, fortel kinokonsulent Torhild Vie.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Kinoen hadde 26.500 besøkjande i fjor mot 38.000 i 2019.

Tøffe pandemiår

Bransjeorganisasjonen Film & Kino trur kino-Noreg er i ferd med å reise seg etter to tøffe pandemiår.

– Vi ser at folk strøymer til kinoane når det er store filmar dei vil sjå, seier direktør Espen Lundberg Pedersen.

Les også Aksjonene som endret samisk historie er blitt til spillefilm

Altaaksjonen - Stilla

Men han trur dei først i 2024 er tilbake på 2019-tal, sidan også filmbransjen er litt bakpå etter pandemien.

I landets nest største by tok 520.000 besøkjande turen til ein kinosal. Ein auke på 120.00 frå året før, men likevel eit stykke unna 2019-tala for Bergen kino med 830.00 besøk.

Men for kinoen på Lagunen i Bergen auka tala med heile 70 prosent.

Kinosjef Silje Storrud

Lagunen står for 30 prosent av billettsalet i Bergen. Kinosjef Silje Miedler Storrud seier dei hadde stor oppsving i fjor.

Foto: Bergen Kino

Kinosjef Silje Miedler Storrud trur dei går eit godt år i møte.

– Eg har enorme forventingar, og håpar filmane eg har forventing til blir så store som eg trur, seier kinosjefen.

Publikum med nye vanar

I Trondheim hadde kinoane ein nedgang på 22 prosent samanlikna med 2019.

Medan dei i året før pandemien hadde 746.000 besøkjande, var talet nede i 582.000 i fjor.

Kinodirektør Arild Kalkvik meiner det går rette vegen.

– Vi ser klare tendensar på at kinobesøket er på veg tilbake mot nivået før pandemien, men det har skjedd ein del endringar i publikum sine vanar, seier han.

Mellom anna har dei største filmane fått ein større del av totalbesøket, samt at sjangerfilmar som skrekk og Bollywood-filmar dreg fleire folk.

I hovudstaden nærma fjoråret seg eit normalår for Odeon Oslo, opplyser Jon Einar Sivertsen.

IMAX-sal Odeon Kino Oslo

Odeon Oslo hadde 468.740 besøk i 2022. Til samanlikning hadde dei 537.015 i 2019. Det betyr at fjoråret svarar til 87 prosent av 2019. Avatar-filmen har trekt rekordmange folk

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Det er vi godt nøgde med sidan det var store restriksjonar i januar, seier Sivertsen.

Optimist

I ein mørk kinosal i Førde har Knut Mikkelsen funne seg vel til rette.

Om kort tid startar «Kampen om Narvik», ein film den kino-glade nordlendingen ser fram til å sjå.

Les også Hitlers første nederlag har endelig premiere – skal brukes i norske klasserom

Kampen om Narvik

– Det er ein spesiell atmosfære å sjå film med mange andre. Stort lerret, god lyd og ein god oppleving, seier Mikkelsen.

Den norske krigsfilmen er blant mange filmar som har drege mange publikummarar til kinosalen. Også Avatar og Krigsseileren har sigla opp som publikumsfavorittar.