Hopp til innhold

Herrelig mote frå Oslo til London

Camilla Bruerberg presenterte ein herrekolleksjon av strikk, gjennomsiktige plagg og leikne fargar til ståande applaus i Oslo. No står moteveka i London for tur.

Det måtte herremote til for at publikummet på moteveka i Oslo skulle reise seg og klappe. Camilla Bruerberg imponerte på dag tre av Oslo Fashion Week med sine innovative idear og nye syn på herremoten.

C/ Bruerberg

Ulike typar strikk spelte ei viktig rolle i kolleksjonen til Camilla Bruerberg for herrar.

Foto: Roger Fosaas / Oslo Fashion Week

Om ho får det som ho vil, kjem menn i haust og vinter til å vere kledd i ein miks av transparente overdelar, detaljerte strikkegensarar, tights, leikne fargar og vide strikkejakker.

– Det var eit sjokk å kome ut frå bak scena og få ståande applaus, det var så hektisk bak der, seier Bruerberg.

Til moteveka i London

Inspirasjonen henta ho frå mellom anna teikneseriar og sko.

– Denne kolleksjonen var litt «back to basics» for meg. Eg leikte med naive kontrastar mellom 3D og 2D, og mellom det barnslege og det vaksne, fortel Bruerberg.

Ho vart kåra til årets debutant under moteveka i 2010.

Camilla Bruerberg

Camilla Bruerberg fekk ståande applaus då ho presenterte sin haust- og vinterkolleksjon for herrar under Oslo Fashion Week.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Neste veke reiser ho til London for å presentere haust- og vinterkolleksjonen på Vauxhall Fashion Scout, som er ein stor visningsstad for unge, nye designarar.

– Eg gler meg veldig, men veit ikkje kva eg kan forvente, seier designaren.

– Intellektuell mote

Stylist Tommy Løland, derimot, har trua på suksess for den norske designaren i London.

– Camilla Bruerberg er blant dei største designtalenta i Noreg, seier Løland.

– Ho har blikket for det feminine i ein mann, men leikar med uttrykket og får det til å framstå maskulint moderne. Ho inngår blant designarar som Maison Martin Margiela, som lagar intellektuell mote. Det trur eg vil slå an i London, meiner stylisten.

Han framhever spesielt miksen mellom heilt skjøre strikk, som såg ut som dei kunne bli øydelagd når som helst, og grovare, meir robuste strikk i kolleksjonen hennar.

– Eg skulle gjerne hatt alle desse antrekka sjølv, seier han.

Få designar herrekle

Bruerberg er, bortsett frå Moods of Norway, den einaste designaren på Oslo Fashion Week som viser herremote. I Noreg er det få designarar som satsar på dette.

– Det er rett og slett ikkje så mykje pengar å tene på herremote, damemarknaden er størst, seier Bruerberg.

Og dei andre visningane på dag tre av moteveka tok nettopp for seg damemarknaden.

Japansk eller «ladylike»
Maggie Wonka

Maggie Wonka viste ein ladylike kolleksjon med sekretærskjørt og romantisk styling under Oslo Fashion Week.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Designduoen Sca Ulven viste ein japanskinspirert kolleksjon med silkekjolar i svart, kvitt og mintgrønt, sett saman med skyhøge platåsandalar.

Musikken var mørk, industriell og repeterande, og modellane bevega seg sakte framover, nærmast i transe.

Kontrasten var stor til showet til Maggie Wonka, der mellom anna Christel Alsos, Bertine Zetlitz, Petter Pilgaard og Henriette Steensrup fekk sjå modellar i ein «ladylike» stil spankulere nedover catwalken.

Hattar, fløyelskjolar, leopardmønster, sekretærskjørt og smale dressbukser, støvlar og jazzmusikk er stikkord for kolleksjonen som designar Cecilie Juvodden viste.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.

  • Eric Saade med palestinaskjerf i Eurovision-åpning

    Den svenske artisten Eric Saade sto på scenen med et palestinaskjerf knyttet rundt armen under sitt bidrag i åpningsshowet på Eurovision-semifinalen tirsdag kveld.

    Saade, som selv deltok i Eurovision i 2011, fremførte i likhet med to andre tidligere deltagere en låt. Under opptredenen hadde han en keffiyeh knyttet rundt hånden han holdt mikrofonen med.

    Han har tidligere sagt til Aftonbladet at han kun er med i åpningsnummeret som en protest mot at Israel får delta i konkurransen.

    Saades stunt skal bryte mot regelverket, og til Expressen skriver arrangøren EBU: «Vi beklager at Eric Saade valgte å kompromittere arrangementets ikke-politiske karakter».

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.