NRK Meny
Normal

Vil samle mote-Oslo

Det er lita interesse for Oslo Fashion Week blant innkjøparar, ifølgje tekstilbransjens eige fagblad.

– Det har aldri vore meininga at Oslo Fashion Week skulle vere ein handelsarena, seier direktør Pål Vassbotn i Oslo Fashion Week. No går diskusjonen om ei samling av mote-Oslo kan foreine både designarar og innkjøparar.

Moteuka i Oslo, Oslo Fashion Week, Mote med mening, Nåløyet, innkjøpsmesser og eigne designvisningar. Det er lett å gå i surr med motearrangementa som går av stabelen før, under og etter den såkalla «moteveka» i Oslo.

I morgon kveld opnar Oslo Fashion Week, med fokus på norske designarar.

Redaktør Ove Hansrud i Tekstilforum, bransjebladet for den norske tekstilindustrien, meiner ein må få samla alle motearrangementa i Oslo under ein paraplyorganisasjon.

Oslo Fashion Week

Direktør i Oslo Fashion Week, Pål Vassbotn, tek imot Kronprinsesse Mette-Marit til moteveka i 2005.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Ingen handelsarena

Slik trur han at ein kan få visningar på Oslo Fashion Week som mellom anna er meir interessante for innkjøparar enn dei er i dag.

– Få innkjøparar går på visningane til Oslo Fashion Week. Dei har ofte fokus på å kjøpe inn frå dei leverandørane som dei tidlegare har kjøpt inn frå. Dermed blir ikkje Oslo Fashion Week ein handelsarena for designarane, dei må uansett gå rundt på dørene til butikkane etterpå, seier han.

Direktør i Oslo Fashion Week, Pål Vassbotn, avviser at Oslo Fashion Week skal vere ein handelsarena.

– Det har aldri vore meininga vår. Designarar skal få vist seg fram her på ein måte som blir lagt merke til, i kontrast til all reklame. Det er den beste måten norske designarar kan få vist seg på og få seg ei seg eit namn. Det må ein ha før ein kan selje merket, svarar han til kritikken.

– Problemet er kapital

Oslo Fashion Week har sendt ut invitasjonar til fleire innkjøparar, men har ikkje noko tal på kor mange som kjem til moteveka. Vassbotn seier at dei gjerne skulle gjort meir for å trekkje til seg fleire innkjøparar.

– Vi vil gjerne gjere det, men eit stort problem er kapital. Vi vert drive av private midlar. I så fall må vi tenkje annleis i forhold til finansiering. I dag er for eksempel alle visningar gratis, seier Vassbotn.

Vil ha ny organisasjon

Ove Hansrud

Redaktør i Tekstilforum, Ove Hansrud.

Foto: Tekstilforum.no

Redaktøren i Tekstilforum ser for seg eit arrangement der Oslo Fashion Week held fram å vere arena for norske designarar, som ein del av ein større organisasjon, som i tillegg køyrer arrangement og visningar for og med kommersielle aktørar.

– Ingen av dagens aktørar er eigna til å vere paraplyorganisasjon, verken organisatorisk, innhaldsmessig eller økonomisk, meiner Hansrud og vil ha på plass ein ny organisasjon.

– Vi har sagt heile tida at dersom ein går saman om å arrangere, kan ein trekkje fleire menneske til Oslo under moteveka. I programmet vårt har vi lagt opp til at fleire aktørar kan vere med på moteveka, seier Vassbotn i Oslo Fashion Week.

Kulturstrøm

  • Bare Egil og Tea på Nesaksla

    Torsdag 2. august blir det igjen konsert på toppen av Nesaksla i Åndalsnes 715 m.o.h. når Raumarock gjentar suksessen med fjellkonsert under årets festival. I år blir det to artister på toppen av fjellet når Bare Egil, alias Egil Hegerberg, og Tea Megaard skal spille hver sin konsert.

    Video T:462s2Bare Egil
    Foto: Nyhetsspiller
  • HØR: Jon Michelet spesial

    Da Jon Michelet døde forrige lørdag er det ikke minst hans romaner under tittelen En sjøens helt, om de norske krigsseilerne, som står igjen som en litterær bauta. Men Jon Michelet har også skildret verden på randen av tredje verdenskrig, han har gjort fotball til en litterær sjanger og han har gått til frontalangrep på nære forfatterkolleger.

    Da Jon Michelet døde forrige lørdag er det ikke minst hans romaner under tittelen En sjøens helt, om de norske krigsseilerne, som står igjen som en litterær bauta.
Men Jon Michelet har også skildret verden på randen av tredje verdenskrig, han har gjort fotball til en litterær sjanger og han har gått til frontalangrep på nære forfatterkolleger.
  • – Du sier bare: Wow! Er det mulig?

    – Alle reiser til Europa og opplever Paris og Roma. Men få reiser til Norge. Jeg tror at det å gi dem muligheten til å oppleve en annerledes destinasjon vil appellere til kundene våre, sier Nguyen.