NRK Meny
Normal

Imponerte med dyster design

Dyster malarkunst og elektronisk musikk var inspirasjonen bak Oslo Fashion Week-visninga til designaren Helje Hamre.

– Dette var det internasjonal klasse over, meiner avtroppande redaktør i Henne.

Han overraska motebransjen med si første visning på moteveka i fjor haust. I dag var designaren Helje Hamre tilbake med sin andre kolleksjon, denne gongen dystrare og vaksnare enn sist gong.

Hamre var blant anna inspirert av maleria til Lucien Freud og musikken til Fever Ray då han lagde kolleksjonen.

Ellen Arnstad

Ellen Arnstad var imponert over Helje Hamre på Oslo Fashion Week.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Det er ein del av det same som eg var inspirert av då eg presenterte min første kolleksjon her i fjor. Men no er det litt vaksnare og dystrare. Likevel er kleda klassiske, og det er viktig for meg at dei ikkje blir kostymeaktige, at folk kan kle seg i dei til vanleg, forklarar designaren etter showet.

Ei edgy businesskvinne

Publikum på Oslo Fashion Week fekk presentert klede i ein mørk fargepalett, i klassiske snitt og i naturmaterial. Skinnskjørt, ullgensarar med intrikate detaljar, lange kjolar og kåper med skinndetaljar.

– Eg kunne gått i kleda hans kvar dag på jobb. Han lagar klede for ei businesskvinne, men ei edgy ei, seier avtroppande redaktør i Henne, Ellen Arnstad.

Helje Hamre

Helje Hamre viste haust- og vinterkolleksjonen sin under moteveka i Oslo.

Foto: Wegar Gundersen / Oslo Fashion Week

Ho skildrar kolleksjonen som stram og heilskapeleg, med ei gjennomtenkt fargekode, og er verkeleg imponert.

– Dette var det internasjonal klasse over. Han designar for ei sterk, kosmopolitisk kvinne, som er stolt og har sjølvtillit. Helje Hamre er verkeleg ein designar å følgje med på framover, og kleda hans har høg kvalitet, meiner Arnstad.

Siktar mot ein internasjonal marknad

Designaren var nominert til designprisen Nåløyet i år og har tidlegare hatt base i utlandet. Han var mellom anna seniordesignar i DKNY, som er leia av Donna Karan.

No har Hamre base i Oslo, men i det lange løp siktar han mot ein internasjonal marknad med designen sin.

– Eg jobbar med å byggje opp merket mitt og få finansiering på plass, seier han.

Framover skal Hamre starte webbutikk og han har planar om å designe ein herrekolleksjon i året som kjem.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.