Hopp til innhold

Tajik om det å få barn: – Eg har vore ganske langt nede

I ei ny bok fortel Hadia Tajik ope om sjukdommen som gjorde at ho sleit med å få barn.

Hadia Tajik gjestet Lindmo i oktober

HAR VORE TØFT: Hadia Tajik fortel om den tøffe vegen fram mot å få barn.

Foto: Julie Naglestad / NRK

– Det er ein sjukdom som kan føre til mange smerter. I tillegg kan det føre til ufrivillig barnløyse. Slik som det har gjort for meg i mange år, seier nestleiar Hadia Tajik i Arbeidarpartiet.

Ho snakkar om sjukdommen endometriose, som rundt 10 prosent av norske kvinner har. Tajik er ein av dei.

Ap-toppen gjestar Lindmo fredag for å snakke om den nye boka si, «Frihet– en politisk og personlig historie». Den kjem ut i oktober.

I boka fortel Tajik om eit liv i politikken, og deler personlege historier knytte til dei politiske sakene ho har vore involvert i. På privaten har ikkje alt vore enkelt.

Hadia Tajik forteller åpenhjertig om alle skuffelsene med assistert befruktning fram til hun ble gravid.

Hadia Tajik fortel om alle skuffelsane med assistert befruktning fram til ho vart gravid.

Sleit med å få barn

I slutten av juni vart det kjent at Tajik ventar barn med partnar Kristian Skard. Nyheita vart kunngjord av Ap-nestleiaren i ein Facebook-post.

Men vegen dit var lang, fortel Tajik på Lindmo. Ho måtte gjennom hormonbehandlingar, og opplevde fleire mislykka prøverøyrsforsøk.

– Det er ganske tøft. Det var verre enn eg trudde. Eg prøvde å lese meg opp. Eg trudde eg var mentalt førebudd, men det var ikkje mogleg å lese seg opp på noko slikt, seier Tajik.

– Vi sette oss saman for å snakke om korleis livet skulle bli utan barn. For ein må jo vere realistisk oppi alt dette her. Men eg har vore ganske langt nede. Mange gonger.

Heldt prøvinga skjult

Offentleg skulle ho vere nestleiar i eit Arbeidarparti som slit på målingane, og som gong på gong måtte handtere skuldingar om usunn partikultur – seinast denne hausten.

På Lindmo fortel ho om å stå i debattar med hetetokter som ei biverknad av hormonbehandlinga.

Men ho heldt forsøka skjult for partikollegaene:

– På jobben visste nesten ingen om dette, det har gjort at eg har fått lov til å ha jobben som ei frisone medan dette har stått på. Slik at eg har sloppe å fortelje kor krevjande det har vore, seier Tajik.

Roser Tajik for openheita

– Eg har hatt mange prøverøyrsforsøk. Første gongen gjekk eg inn i det med naivitet og store voner. Og skuffelsen blir stor når du ikkje klarer det, fortel ein rørt Tajik.

Styreleiar Lise Boeck Jakobsen i foreininga Ønskebarn rosar Tajik for å vere open.

– Mange av desse spørsmåla er ofte såre og vanskelege å snakke om, så det at ein offentleg person er open om det, betyr mykje, seier Jakobsen til NRK.

Ifølgje Jakobsen slit kvart sjette par i verda med infertilitet, og kan opplevast som stigmatiserande å snakke om.

– No har det vorte lettare å snakke om denne problematikken, men likevel så er det ein del stigma knytt til dei diskusjonane, så når offentlege personar pratar så lettar det på desse stigmaa, og gjer det meir greitt, seier Jakobsen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.