Hopp til innhold

Gyldendal vinn pris for ungdomsbok på Instagram

For å møte utfordringa med at stadig færre unge les, bestemte Gyldendal seg for å lansere bok på Instagram. No blir dei heidra med pris.

Bilete av ein mobiltelefon som viser Instagram-story. Skrift og bilete er ei bok som blei lansert på appen.

Her ser vi delar av boka «Dette blir mellom oss», som blei lansert på Instagram for å treffe dei unge lesarane.

Foto: Gyldendal

– Dette er utruleg gøy! Dette er ein ide eg har brent for lenge, og det å få slik ei anerkjenning eit år etter utgjevinga er stort, seier forfattaren Alexander Kielland Krag.

Med boka «Dette blir mellom oss» ønsker den unge forfattaren å fornye bokbransjen.

Bilete av forfattaren Alexander Kielland Krag som står bak Instagram-boka Dette blir mellom oss.

Forfattaren Alexander Kielland Krag som står bak Instagram-boka «Dette blir mellom oss».

Foto: Gyldendal

– Ingen hadde gitt ut Instagram-bok før, så det var eit sjansespel å gi ho ut der. Prisen viser at ideen held vatn også internasjonalt.

Gyldendal er kåra som vinnar av Fast Company si årlege prisutdeling World changing ideas, med boka «Dette blir mellom oss». Dei vinn prisen innanfor kategorien media og underhaldning, for å ha publisert ungdomsromanen på Instagram.

Fast Company har som mål å sette fokus på bedrifter som har fokus på innovasjon innan teknologi, leiarskap, kreativitet og design. Den årlege prisutdelinga har som mål å finne dei produkta og konsepta som har potensial til å gjere verda til ein betre stad.

Ved å gje ut boka «Dette blir mellom oss» direkte i Instagram-stories, ønskte forfattaren å nå 15 til 18-åringen – der dei er.

– Eg ønskte å utfordre korleis ein tenker rundt det å gje ut bok, for å prøve å nå ungdomane som les lite, på plattformene dei nyttar.

Skeiv tematikk i innovativt format

«Dette blir mellom oss» skal gje ungdomen eit tydlegare bilete av korleis det er vere forelska og skeiv.

Over ein periode på 45 dagar, la Gyldendal dagleg ut små smakebitar av boka på Instagram Stories. Romanen blei fortalt gjennom korte tekstar, levande bilete og musikk. For å få med seg heile historia, måtte lesaren følge med på Instagram kvar dag.

To ungdomar held rundt kvarandre på ein kjærleg måte.
Foto: Gyldendal

– Ein les eit avsnitt av gongen og innimellom kjem det eit bilete, videoklipp eller eit lydspor som utvidar romanuniverset og gjer det visuelt. Litt som ein TV-serie.

Boka som også kom ut i papirformat, handlar om Felix som startar på ny skule. Han blir forelska i Nikolai og prøver å finne ut av om kanskje Nikolai også likar gutar. Det er ein sårbar situasjon. Felix må innrømme for seg sjølv at han er skeiv og må komme ut for vener. I boka møter Felix kjenslene på ein modig og ærleg måte.

– Eg har fått mange personlege tilbakemeldingar, noko som er svært motiverande. For ein med dysleksi, var dette fyrste boka han hadde lese på fleire år.

Bilete av mobiltelefon som viser eit bilete av ein ung gut i profil.
Foto: Gyldendal

Lett lesing, som fangar

Anne Cathrine Straume som melder barne- og ungdomslitteratur for NRK, trur at denne måten å formidle ein ungdomsroman på, kan trekke nye lesarar.

– Det kan vere at denne boka treff andre enn dei som vanlegvis ville kjøpt ei bok eller lånt ho på biblioteket, seier Straume og held fram:

– Fleire unge strevar med å lese lengre bøker, men med ein kjapp og direkte måte å fortelje historia på, blir sjåaren fanga og må følgje med.

Anne Cathrine Straume

Anne Cathrine Straume melder barne- og ungdomslitteratur for NRK.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ho seier at dette formatet blir svært personleg og historia blir svært truverdig for mottakaren.

– Det blir litt som å lese ei dagbok, eller ei personleg historie på Instagram og ho er tett opp til ein kvardag som mange kjenner seg att i.

Men Straume synest det er vanskeleg å seie kor stor denne typen historieforteljing har potensial til å bli.

Lukkast i å nå nye lesarar

Ferske tal frå SSB sitt mediebarometer for 2020 viser ein nedgang i lesing blant unge. I fjor var lesing blant unge kvinner i alderen 16–24 år nærast halvert frå 27 prosent i 2019 til 14 prosent i 2020. Samstundes har tida dei unge brukar på internett og sosiale medium auka.

Alexander Kielland Krag meiner at det å bryte opp lesinga i Instagram-stories, gjer det lettare å følge med for mange unge, som er vane med korte og raskt fortalde historier på sosiale medium.

Instagramkontoen til boka fekk 9000 følgjarar berre dei fyrste vekene. I snitt las 5000 boka gjennom Instagram Stories dagleg. Til samanlikning sel ein vanleg ungdomsroman i snitt 2500 eksemplar.

77 prosent av lesarane på Instagram fullførte kvar einaste side i boka. Boka var mest populær blant jenter mellom 15 og 25 år.

I august er Kielland Krag aktuell med enda ei ungdomsbok på sosiale medium.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.