Hopp til innhold

Gabrielle: – Sinnssjukt kult å slå igjennom i Sverige

STOCKHOLM (NRK): Etter at musikken hennar blei brukt i «Skam», har svenskane fått auga opp for Gabrielle. – «Skam» har lagt godt til rette for artistar som skriv på norsk, seier ho til NRK.

Gabrielle Leithaug

Gabrielle trengde eit friår i 2016 for å skrive ny musikk. Her er ho frå Nobelkonserten i 2014.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Gabrielle tok eit friår i fjor. Likevel er ho for tida på strøymetoppen i Sverige. I haust blei singelen hennar «Fem fine frøkner» frå 2014 brukt i eit klipp i «Skam», og det har gjort at svenskane har fått auga opp for artisten frå Bergen.

– Det er sinnssjukt kult at det er mogleg for norsk musikk «å breake» i Sverige. Det skjer alt for sjeldan. Men no har «Skam» også lagt eit godt grunnlag for oss som skriv på norsk, seier Gabrielle.

NRK møter henne i Stockholm, der ho er for å møte svensk media.

– Det er veldig gøy det som skjer no. Men eg har aldri hatt nokon ambisjon om å bli stor i utlandet. Eg er nøgd med å spele og kose meg i Norge. Men no får vi berre sjå kva som skjer.

Even og Isak liggende på sengen i en scene fra den tredje sesongen av Skam

I den tredje sesongen av «Skam» blir Gabrielle brukt i ein scene med hovudpersonen Isak og kjærasten Even. Det har gjort at ho har gått til topps på svenske hitlister.

Foto: Skam / NRK P3

Tok eit sabbatsår i 2016

Etter at ho slo igjennom med «Ring meg» i 2011, har det gått slag i slag for Gabrielle Leithaug med innspelingar og turnering. I 2014 spelte ho også under Nobelkonserten i Oslo Spektrum. Men i 2016 blei det brått stille rundt artisten. Grunnen var rett og slett at ho trong ny inspirasjon.

– Eg hadde ikkje noko nytt å fortelje, den kreative prosessen stoppa opp. Difor valde eg å ta eit friår i 2016 for å skrive, reise og jobbe med andre ting, seier ho.

Og no er ho tilbake med ny musikk. Den første singelen er «Vekk meg opp», som ifølge Gabrielle sjølv er ein mørk tekst pakka inn i ei gladlåt:

– Vi har ein tendens til å bli sjølvopptekne og egoistiske. Sangen handlar om at eg ikkje vil ha det sånn, eg vil at nokon skal vekke meg opp, og hjelpe meg til å ikkje tenke slik.

Hektisk 2017

Og utover i 2017 blir det meir Gabrielle. Sjølv om ikkje alt har gått som planlagt:

– Eg hadde ein plan då eg sette meg ned for å skrive. Eg skulle blant anna ikkje skrive om kjærleik. Men det gjekk ikkje, det blei heilt umogleg å følge i ein kreativ prosess, seier ho og ler.

I tillegg skal Gabrielle ut på vegen igjen. I løpet av året skal ho både på konsertturne og spele på festivalar.

– Eg gler meg veldig til å få kome ut og spele for folk igjen. For meg er det å gi ut musikk nesten berre eit påskot for å få reise rundt og spele for publikummet mitt. No skal eg kose meg masse.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.