Hopp til innhold

Forleggar meiner bokmesse er blitt «kidnappa»

Den svenske forleggaren Svante Weyler meiner det høgreekstreme tidsskriftet «Nya Tider» ikkje burde fått delta på Bokmässan i Göteborg sist helg.

Svante Weyler

KRITISK: Forleggar Svante Weyler i Weyler forlag, meiner at «Nya Tider» ikkje har nokon ting på bokmessa å gjera.

Foto: Sofia Runarsdotter / Weyler forlag

Debatten rundt «Nya Tider» har ført til høg temperatur i Sverige. Ei rekkje forfattarar, forleggarar og redaktørar gjekk ut og boikotta Bokmässan i Göteborg etter at «Nya Tider» meldte seg på.

Dette er noko av bakgrunnen for demonstrasjonen i Göteborg laurdag, som førte til tumultar mellom nazistar og antidemonstrantar.

I Sverige blir det diskutert om det var riktig eller feil å la «Nya Tider» delta, og om det var riktig eller feil å boikotte dei.

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, meiner dei som boikotta tidsskriftet gjekk rett i draumefella til nazistane, og dermed gav dei massiv merksemd.

Demonstranter från Nordiska motståndsrörelsens (NMR) lämnar platsen vid Heden i centrala Göteborg där demonstrationen slutade på lördagen.

DEMONSTRASJON: Demonstrantar frå den nordiske motstandsrørsla går frå plassen ved Heden i sentrum av Göteborg, der demonstrasjonen slutta sist laurdag.

Foto: Adam Ihse/tt / NTB scanpix

– Bokmessa er kidnappa

Svante Weyler, som har starta sitt eige forlag, var ikkje blant dei som boikotta bokmessa, men han var sterkt kritisk til at «Nya Tider» deltok. Han seier demonstrasjonane tok mykje merksemd frå bokmessa, og at hans verste spådommar gjekk i oppfylling.

– Diskusjonen rundt bokmessa er dominert av demonstrasjonane og denne vesle avisa. Det er det verste som kunne skje. Eg vil beskrive det som at bokmessa er kidnappa av desse små, små gruppene.

Svante Weyler

INGEN GARANTI: Svante Weyler seier at det berre er staten som kan vera garantist for ytringsfridomen. For andre arrangørar og organisasjonar blir det for store sko å fylle.

Foto: Sofia Runarsdotter / Weyler forlag

Weyler seier at den svenske offentlegheita er nøydd til å skaffe seg strategiar for å unngå slike situasjonar. Ein må blant anna dra ei mykje tydlegare line overfor små og kontroversielle aktørar.

– Desse avisene og organisasjonane, som ikkje er eit dogg interesserte i litteratur, dei har ingenting på bokmessa å gjera.

Forleggaren meiner at ei bokmesse har mykje større høve til å opptre som ein privat aktør, og synest det er problematisk at arrangørar føler seg tvungne til å la kontroversielle grupper delta.

– Bokmessa prøver å fylle absolutt alle roller som det går an å fylle. Også ei rolle som garantist for ytringsfridomen. Det er for store sko å fylle, seier Weyler.

– Kultureliten toler ikkje å bli motsagt

Kulturredaktør i svenske Aftonbladet, Åsa Linderborg, er usamd med Weyler, og meiner ein må sleppe til tidsskrift som «Nya Tider» på bokmessene. Ho skriv i ein e-post til NRK at for henne er ytringsfridomen ikkje berre lause ord, men ein praksis.

Åsa Linderborg

MÅ SLEPPE TIL: Åsa Linderborg i Aftonbladet meiner tidsskrift med pressestøtte må få sleppe til på ei bokmesse.

Foto: NRK

«Nya Tider» er eit tidsskrift med pressestøtte, så dei kvalifiserer til å delta. Boikotten forsterkar inntrykket av at det finst ein kulturelite som ikkje toler å bli motsagt.

Linderborg skriv vidare at media og kulturbransjen har bidrege til å gjeva tidsskriftet den merksemda dei ynskte.

Media og kulturbransjen har vore heilt besette med å prate om både tidsskriftet og nazistane utanfor. Dei har hypnotisert oss, og fått merksemd langt utanfor alle proporsjonar.

NRK har prøvd å koma i kontakt med Bokmässan Göteborg utan å lukkast.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.