Hopp til innhold

Forlag stoppar karikaturbok

Ei karikaturbok av ein norsk kunstnar blir stoppa i Noreg og gitt ut i Danmark. – Eg blei heilt kald då eg høyrde det, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.

Vebjørn Selbekk

Vebjørn Selbekk publiserte Muhammed-karikaturane for snart ti år sidan. Han er skaka over at ei norsk karikaturbok no blir destruert.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Oppdatert 16. oktober: Etter at denne saka blei publisert har me fått vite at det norske opplaget av karikaturboka er makulert og sendt til resirkulering. Opplaget er ikkje brent.

Opphavleg skulle boka «InHisName» av kunstnaren Thomas Knarvik kome ut i cirka 2500 eksemplar i Noreg, men forlaget ynskjer no å stoppe boka. Eit dansk forlag gir henne derimot ut.

Den vanlegaste måten å destruere bøker på er ved brenning.

– Å brenne bøker er jo tragisk. Det plagar meg, seier Knarvik til NRK-programmet «Søndagsavisa».

– Sjølvsensur

Kunstnaren opplyser at han ikkje har teikna profeten Muhammed i boka, men at han ikkje er prinsipielt imot dette.

Om innhaldet i boka, seier han:

– Det er ei karikaturbok som tar for seg spesielle overgrep i religiøs samanheng. I denne boka handlar det spesielt om overgrep i islam, sharia, og katolske prestar sine overgrep mot barn.

– Eg opplever ei stor grad av sjølvsensur. Når ein snakkar med kunstnarar og andre, forstår ein at dette er eit betent tema, seier han.

LES OGSÅ: Flertall for Muhammed-karikaturer: – Sunn reaksjon i det norske folk

– Eit bevis på at truslane verkar

Vebjørn Selbekk fekk nyleg Fritt Ords honnørpris for sin ståstad i karikaturstriden for snart ti år sidan.

– Eg blei heilt kald då eg høyrde at vi her står overfor eit norsk bokopplag som er ferdig trykt, men som no ikkje skal bli gitt ut, men brent. Då går tankane mine til bokbål som vi tidlegare har hatt i Europa, seier Selbekk.

Han viser mellom anna til at nazistane brente litteratur under den andre verdskrigen.

LES OGSÅ: Avviser at Charlie Hebdo skal slutte å tegne Muhammed

– Det er eit bevis på korleis truslane, terroren, verkar, og korleis sjølvsensuren snik seg inn.

Selbekk har sjølv måtte leve med truslar sidan han trykte Muhammed-karikaturane i 2006.

– Eg håpar Knarvik kan halde fram med å leve livet sitt slik han gjer i dag, seier han.

Avviser selvsensur

Til Aftenposten seier forleggar Håvard Mossige følgjande om grunngjevinga for å ikkje gi ut boka:

– Det er mange grunnar til at boka ikkje kjem ut, det viktigaste er at den ikkje er godt nok kvalitetssikra. Eg ser heilt klart at eg har gjort feilvurderingar. Avtalen med Thomas er at han kan ta med seg tegningane til eit anna forlag, og det har han allereie gjort.

Han avviser bestemt at det er sjølvsensur som ligg bak avgjerda.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.