Hopp til innhold

Forlag droppar omstridd bok etter homofili-feil

Det amerikanske forlaget til forfattaren Naomi Wolf droppar boka hennar om homofili i Victoriatida. Grunnen er at forfattaren trudde homofile blei avretta når dei eigentleg blei sette fri.

Naomi Wolf under en pressekonferanse i New York i 2012

Forfattaren Naomi Wolf fekk mykje kritikk i mai, etter at det blei klart at delar av boka hennar var bygd på ei feiltolking av eit lovuttrykk. No har den amerikanske forleggaren hennar droppa boka.

Foto: Michael Fleshman / Wikipedia Commons

Forlaget Hougthon Mifflin Harcorut har bestemt seg for ikkje å gi ut boka «Outrages: Sex, Censorship and the Criminalization of Love» av forfattaren Naomi Wolf, skriv The New York Times.

Like etter at boka kom ut i Storbritannia kom det fram at delar av boka var feil. Det britiske forlaget sa dei ville rette opp dette i nye opplag, medan det amerikanske forlaget valde i juni å utsetje publiseringa.

Men no har dei altså valt å droppe heile boka. Ei talskvinne for forlaget seier i ein e-post til The New York Times at dei og forfattaren er samde om å skilje lag.

Også Wolf stadfestar brotet, men skriv at boka kjem ut i USA på eit seinare tidspunkt, og at ho no konsentrerer seg om pocketutgåva som skal ut i Storbritannia.

Misforstod uttrykk

I boka ønskte forfattaren å undersøke korleis likekjønna forhold blei straffa i England på 1800-talet.

Men då ho var gjest i eit BBC-program i mai, peika programleiar og historikar Matthew Sweet på det han meinte var feil i boka. Då kom det fram at Wolf hadde misforstått eit gammalt engelsk lovuttrykk, som gjorde at delar boka blei feil.

Ho trudde uttrykket «death recorded» betydde at den domfelte blei avretta. Men uttrykket viser til at vedkomande blei vist nåde for lovbrota som var gjort i staden for å bli dømd til døden.

Ifølgje Sweet er det ingen historiske bevis for at nokon blei avretta for likekjønna sex i Victoriatida. Han viste blant anna til at ein av gutane Wolf hevda blei avretta, blei sett fri, og at han hadde funne datoen for frigjevinga i nyheitssaker og offentlege dokument.

Han publiserte funna sine i ein Twitter-tråd.

Laster Twitter-innhold

Debatt om forlaga si rolle

Då feilen blei avdekt i mai, sa ei talskvinne for den amerikanske forleggaren til The New York Times at dette var ein uheldig feil, men at dei som forlag måtte stole på den researchen sakprosaforfattarar gjer.

– Sjølv om forlaga har profesjonelle redaktørar, språkvaskarar og korrekturlesarar, må vi til sjuande og sist stole på researchen og faktasjekken til forfattarane.

Michael Wolff hos Bill Maher

Journalisten Michael Wolff har fått kritikk for vere unøyaktig i bøkene han har skrive etter å ha følgd Donald Trump i Det kvite huset tett. Her er han gjest hos Bill Maher.

Foto: Janet Van Ham / Janet Van Ham

Men det siste året har det vore fleire høgprofilerte bøker i USA som har fått kritikk for å vere unøyaktige, skriv The New York Times. Blant bøkene som har fått kritikk er «Siege: Trump Under Fire» av journalisten Michael Wolff og «Merchants of Truth» av Jill Abramson.

Det har ført til ein debatt i USA om forleggarane i større grad burde bli haldne ansvarlege for desse feila.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters