Hopp til innhold

Fekk dødstruslar to dagar før ho tok imot Bjørnsonprisen

Truslar pregar livet til forfattar Sara Omar: – Litteraturen har ikkje vore kostnadsfritt for meg, men valet er likevel enkelt, seier den danske forfattaren til NRK.

sara omar

NRK møtte Sara Omar i København i 2018 i forbindelse med lanseringa av den første boka hennar «Dødevaskeren». Den då 32-år gamle danske forfattaren måtte tidvis leve med sikkerheitsvakter og alarmar i kjølvatnet av utgjevinga i Danmark.

Foto: Marianne Rustad-Carlsen / NRK

Årets vinnar av Bjørnsonprisen, Sara Omar kunne ikkje kome til litteraturfestivalen på Lillehammer for å ta imot prisen på grunn av truslar ho har fått knytt til måten ho brukar ytringsfridomen sin på. Og nettopp korleis Omar nyttar ytringsfridomen til å skrive om brennbare tema i tida er grunnen til at ho vann Bjørnsonprisen.

Prisen blir tildelt ein nordisk forfattar for eit litterært arbeid og samfunnsengasjement i Bjørnson si ånd. Då vinnaren blei kjent i slutten av april la juryen vekt på at det krev eit ukueleg mot for å skrive litteratur som den Sara Omar skriv. Prisen blir delt ut under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

34 år gamle Omar, som vaks opp i dei kurdiske områdene i Irak og flykta til Danmark i 2001 på grunn av krig, har gitt ut to romanar. Den første romanen «Dødevaskeren» skapte rabalder i Danmark då den kom i 2017. Den andre boka «Skyggedanseren» kom i fjor.

Den første boka hennar «Dødevaskeren» tek for seg incest, valdtekt, kvinneundertrykking og religion som våpen.

Trass i at ho kritiserer mykje av Koranens bodskap, er ho tydeleg på at ho er muslim, og har tidlegare uttalt til NRK at målet hennar er å reformere islam.

– Mange betaler ein høg pris for å ha meiningar

Sidan boka kom ut i Danmark i 2017 har Omar store deler av tida levd med sikkerheitsvakter og på hemmeleg adresse på grunn av truslar. Seinast to dagar før det blei kjent at ho vann Bjørnsonprisen fekk ho dødstruslar, skriv ho i takketala si.

Via ein videolink frå Danmark takkar Omar for prisen og nytta høve til å sitere Bjørnstjerne Bjørnson:

«Å leve eit konsekvent liv, ville noko i verda, ville det med alvor – det kostar.»

LES OGSÅ: NRK si bokmelding av «Dødevaskeren»

– Kva var det du fann hjå Bjørnstjerne Bjørnson som er relevant hjå deg?

– Grunnen til at eg valte å sitere Bjørnson er at det er viktig å gjenta desse orda. Nokre forfattarar betaler ein høg pris for å ha haldningar og meiningar. Men dersom vi vil gjere ein forskjell i verda så blir nøydd til å ta den risikoen, sjølv om det kostar, seier Omar.

Å leve eit konsekvent liv, ville noko i verda, ville det med alvor - det kostar.

Bjørnstjerne Bjørnson

Skjønnlitteratur som våpen mot urett

Noko av det Sara Omar gjer i sitt forfattarskap og som har skapt reaksjonar er å vise fram den brutale patriarkalske strukturen som går hardt utover kvinner ulike stader i verda. I takketalen åtvarar Sara Omar mot det ho kallar å relativisere ytringsfridomen.

– Litteraturen er min heim, og det er gjennom litteraturen eg ytrar meg. Og kvar einaste gong vi snakkar om ytringsfridom, så er det nokon som reiser seg og forsøker å øydeleggje det. Eller dei forsøker å legge ord i munnen på den fritalande, visjonære, kunstnaren eller kven det er som prøver å sette ord på det som er ei stor utfordring i vårt samfunn. Nokre har det særs travelt med å halde oppe den patriarkalske maktstrukturen.

– Kvifor har du valt skjønnlitteratur som ditt talerøyr?

– Eg har valt å bruke skjønnslitteraturen som våpen mot urettferda. Litteraturen har makta til å kome ut til enkeltmenneske. Og det er det enkelte menneske eg kjempar for, fordi eg er folkets forfattar. Det har kosta for meg. Men det er eit enkelt val. Utan stemme, utan ord, inkje liv, seiar Omar.

Bli med til Lillehammer og Nordens største litteraturfestival. En litterær festaften; språkquiz med Linda Eide, littetær rebus med Vigdis Hjorth, og Sondre Lerche forteller hemmeligheten bak en poptekst. Med mer, mye mer.

Bli med til Lillehammer og Nordens største litteraturfestival. En litterær festaften; språkquiz med Linda Eide, littetær rebus med Vigdis Hjorth, og Sondre Lerche forteller hemmelegheita bak en poptekst. Med mer, mye mer.

Norden er tema når Norsk litteraturfestival på Lillehammer åpner dørene for årets festival. Den er både fysisk og digital; Åpen bok er på plass for å viderebringe noen høydepunkter fra festivalen.

Norden er tema når Norsk litteraturfestival på Lillehammer åpner dørene for årets festival. Den er både fysisk og digital; Åpen bok er på plass for å viderebringe noen høydepunkter fra festivalen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.