Hopp til innhold

Fleire i kulturbransjen må avlysa: – Betalar for at reiselivet fekk tillit

«Så som i himmelen» hadde seld 15000 billettar til haustturnéen sin. No må dei avlysa. Fleire undrar seg korleis landets kulturliv skal komma seg gjennom koronakrisa.

Jannike Kruse

SAMHALD: – Musikalen handlar om samhald og alt det me saknar aller mest no, seier skodespelar Jannike Kruse. Ho synest det er synd at publikum ikkje får høve til å sjå musikalen til hausten.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det er forferdeleg trist og synd, seier skodespelar Jannike Kruse.

Ho er ei av hovudrollene i musikalen «Så som i himmelen» som tok kritikarar og publikum med storm under premieren i januar.

Fredag blei det endeleg klart at regjeringa ikkje opnar opp for arrangement med opp mot 500 personar.

Dette i kombinasjon med at dei ikkje har gitt vidare signal om kompensasjonsordningar gjer fleire i kulturbransjen usikre. Oslo Nye Teater og Thalia Teater som saman står bak musikalen, hadde allereie seld 15000 billettar til haustturnéen sin.

– Men det er ikkje økonomisk mogleg for oss å spela for 200 personar, seier administrerande direktør og produsent Bjørn Heiseldal i Thalia Teater.

Ser mørkt på framtida

Også dei norske kulturhusa rundt om i landet slit. Ifølge leiar Nina Hodneland i Norske kulturhus risikerer fleire å ikkje kunna halda drifta i gang, avhengig av korleis dei er organiserte.

Nina Hodneland, leiar i Norske kulturhus

ÉINMETERSREGELEN: Ifølge Hodneland driftar kulturhusa i snitt berre 15 prosent av kapasiteten sin no. Litt av årsaka er at éinmetersregelen gjeld frå skulder til skulder og ikkje nase til nase.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Hos dei som til dømes er organiserte som eit AS er det massepermitteringar. Og no har det gått så langt at det ser ut til at det blir oppseiingar. Det er dramatisk, det er snakk om fleire hundre arbeidsplassar, seier Hodneland.

Stavanger konserthus som er eit interkommunalt selskap (IKS), er ifølge Hodneland eitt av husa som no står i fare for fleire oppseiingar.

Også i musikkbransjen er fortvilinga stor.

– Eg var sikker på at 2021 ikkje skulle vera eit problem, men no må eg ærleg innrømma at eg byrjar å bli litt usikker. Me er verkeleg bekymra, seier Jan Sollien i booking- og managementbyrået United Stage Norge.

Han er manager for mellom andre CC Cowboys og Melissa Horn og har måtta avlysa alle konsertane deira dette året.

CC Cowboys

30 ÅR: CC Cowboys under ein konsert i 2014. I år skulle dei eigentleg markert 30-årsjubileet sitt, men det sat korona ein stoppar for.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Kan betrygga alle i kulturbransjen

Kompensasjonsordninga kultursektoren fekk før sommaren varer fram til 31 august. Kulturminister Abid Raja har varsla at dei no ser på høver for nye økonomiske pakkar.

– Eg kan betrygga alle i kulturbransjen om at me er svært opptatt av å bringa bransjen på andre sida av koronasituasjonen.

– Så du lovar no at det kjem fleire tiltak?

– Eg lovar at eg følgjer situasjonen nøye, og eg lover at så lenge koronasituasjonen varer ved, vil kulturministerens innstilling vera å hjelpa sektoren gjennom dette. Økonomiske pakkar er ein del av det arbeidet som eg gjer då.

Heiseldal krev meir konkrete beskjedar frå regjeringa.

– At dei seier no at det kjem ei kompensasjonsordning, kva er det? Kor mykje pengar er det? Får me kompensert alle plassane me ikkje har lov til å selja? Dette må me få vita i mange månadar i førevegen, elles vil det berre stoppa av seg sjølv, slik det gjorde no.

Bjørn Heiseldal i Thalia Teater

VARSEL I GOD TID: Heiseldal meiner regjeringa må gi kulturbransjen ein lengre tidshorisont. – Ein musikal med 36 medverkande oppstår ikkje på ei veke.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Større fridom i reiselivet og hurtigrutesaka har skapt store ringverknadar.

– Eg synest det er vanskeleg at kulturlivet no på ein måte tar rekninga for at reiselivsnæringa fekk tillit. Det kjennest litt urettferdig, seier Heieldal.

– Me lir alle under koronaen. Det har gjort at oppimot 450.000 blei arbeidsledige og permitterte. Me i regjeringa skal gjera så godt me kan for å laga gode, økonomiske pakkar slik at me også får kulturen over på andre sida av korona, seier Raja.

Mange treng førestillinga

For Kruse har dette vore ein spesielt fin produksjon å vera i, med godt samhald. Dermed er det ekstra tøft at haustturneen no blir avlyst.

Ho speler Gabriella, ei kvinne som lever i eit valdeleg parforhold og har store psykiske utfordringar.

– Eg skulle ønska at fleire som er i den situasjonen kunne komma og sjå denne førestillinga. Eg veit det er mange som har det spesielt vanskeleg no, så eg håpar det går greitt med alle Gabriella'ane der ute.

Jannike Kruse og koret i Så som i himmelen

FILM: Musikalen «Så som i himmelen» er basert på den svenske filmen med same namn. Musikalen hadde urpremiere i Stockholm i 2018. Noregspremieren var 30. januar i år.

Foto: Lars Opstad / Oslo Nye Teater

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.